Bolinder
Overivrig entusiast
Ser at det er mykje rot med einingar, både innan ljomteknologi og andre stadar. Masse [1] og tyngd (vekt) [2] vert stadig rota saman. Masse har eining kg, eller gram (g). Tyngd er ei kraft, så eininga er Newton (N). Massen til ein lekam er lik her på planeten Tellus og på månen, men det er ikkje tyngda. Utstyrsprodusentane surrar òg med dette. Trykk [3] er kraft over areal, så SI-eininga er N/m^2, som vert kalla Pascal (Pa). Så når ein pickupprodusent gjer opp stifttrykket til 2 g gir ikkje dette meining: det er ikkje eit trykk, men ei kraft det vert synt til, og da er eininga N, eller meir praktisk mN. Ser at til dømes Ortofon har teke til å nytta "tracking force", men dei nyttar framleis eininga g,med mN i parantes. Det tek tid å omstilla seg... Under speling vil stiften trengja litt ned i vinylen, så da gjev det meining å tala om trykket mot rilleveggen, som ein då bør gje opp i Pa. Men dette er ikkje noko som vert oppgjeve av produsentane. Det er heller ikkje så lett å måla, for trykket vil variera med modulasjonen i rillene, forma på stiften, kor mjuk vinylen er, osb.
Referansar
[1] Masse, https://nn.wikipedia.org/wiki/Masse
[2] Tyngd, https://nn.wikipedia.org/wiki/Tyngd
[3] Trykk, https://nn.wikipedia.org/wiki/Trykk
Referansar
[1] Masse, https://nn.wikipedia.org/wiki/Masse
[2] Tyngd, https://nn.wikipedia.org/wiki/Tyngd
[3] Trykk, https://nn.wikipedia.org/wiki/Trykk