Takker, vet du hvor man får kjøpt TAC kontakt for chassi motering i samme kavelitet som de kablene?
Må ev. bytte rca konnektorene til TAC...
Det er ikkje så lett å få tak i chassis-monterte TAC-soklar. Dei einaste TAC-soklane eg veit om er desse [1] og [2], men det ser ut som dei er for montering i tonearma. Men du treng ikkje bruka TAC-kontaktar. Grunnen til at det er TAC-kontaktar i tonearma er at dei er små nok til å få plass der. Men om kabelen i tonearma går til phono-soklar på baksida av spelaren kan du berre bytta ut phono-soklane med to separate XLR-soklar og bruka standard XLR-kablar. Det er ingen grunn til å nytta TAC-soklar i dette tilfellet. Eg ville brukt Neutrik-soklar [3], som er av svært god kvalitet. Dei er heller ikkje så dyre. Eg kjøper aldrig sokalla high-end kablar og kontaktar, både av di dei er styggeleg overprisa og av di ein ikkje veit noko som helst om kvaliteten til dei. Det gjer ein derimot når ein kjøper Neutrik. Legg merke til at dei publiserer spesifikasjonar for soklane sine [3]. Du treng ein 3-pin XLR (han). Om du vel ein type med gullbelagte pinnar slepp du at pinnane oksiderer.
XLR-kontaktar har ein pinne for jord (pinne 1). Denne loddar du til skjermen på forsterkarender av kabelen, men ikkje på platespelarenden. I RIAA-forsterkaren skal pinne 1 vera kopla til chassiet, ikkje til signal-jord. Pinne 1 er kopla til skjermen, så om han vert kopla til signaljord (på kretskortet) vil interferensespenningar i skjermen "forurensa" signaljord. Trur dei fleste produsentane gjer dette rett i dag, men slik har det ikkje alltid vore. Sett på ein miniatyr spadeterminal på baksida av spelaren, av same type som den på baksida av RIAA-forsterkarar. Denne koplar du til jordleiaren frå tonearma. Så trekkjer du ein separat jordkabel mellom spelaren og RIAA-forsterkaren, slik som ein vanlegvis gjer. Det beste er å teipa jordkabelen til XLR-kabelen, slik at du får ein ryddig kabelbunt.
Alternativt kan du kopla skjermen til pinne 1 i begge endar, men da må du lodda jordledninga frå tonearma til pinne 1. Om du gjer det treng du ikkje separat jordledning. Kanskje det er ryddigare.
Referansar
[1]
M DIN (Male DIN)
[2]
https://www.hificollective.co.uk/components/cardas-m-din-r-rega-type.html
[3] Neutrik,
https://www.neutrik.com/en/neutrik/products/xlr-connectors/xlr-chassis-connectors