Eg har gjort det med bøker, men torer ikkje gjere det med platene mine, pga at dei kanskje ikkje har godt av det. Men tipset er:
- Eg trekk ut annakvar/tredjekvar bok ca 50% av lengda, og har bokhylle i hjørnet bak høgtalane. Det er påtakeleg betre lyd då. Prøvde det same med CDar i hylla, og vart usikker på om det nytta. Vinyl bør du vel trekkje 8-12 stk lenger ut i bunkar, om du torer. Men hugs at eg har rundstrålande høgtalarar. Du med dine horn får nok ein annan (mindre?) effekt.