"Det ultimative vintageanlegg" er vanskeleg å definere. Skal ein gå etter mest mogleg korrekt lyd?Ei spesiell epoke? Kvar er grensa mellom "Vintage" og "moderne"? Og alltid må ein spørje seg "Kva skal anlegget brukast til?" Her er altså mykje å spele på.
Personleg startar eg oftast med høgtalarane i høve rommet. Og skal det vere skikkeleg vintage, er det gjerne horn. Berre eitt, om du er skikkeleg hardcore vintage. Då er vel Klipsch verd å lukte på. Og det må drivast av rørforsterkarar. Signalkjelda - ja, eg har lite peiling på fyrstninga av 50-talet sine beste platespelarar, så då ville eg undersøkt kva spolebandopptakarar som kunne fungere. Så ville eg leita etter ein Ortofon SPU mono, og ein arm/spelar som kunne tatt seg av denne. Med 78 og stift for steinkaker også, naturlegvis.
For stereo ville eg sett etter eit komplett Quad-anlegg frå starten av 60-talet. Og ein mellomhjulplatespelar. Måtte hatt både ein Denon 103 (noko som dei fleste har, tenkjer eg...) og ein pickup som kunne fikse perspektiv og dei finare idrettar for hi-end. For det greier Quad. Kanskje ein Shure toppmodell frå den tida? Med superlett arm.
Det svake punktet vil vere forforsterkaren 22. Så då ville eg leita etter ein Marantz.
Eit flott syttitalsanlegg måtte basere seg på Beverigde modell 2, helst med min ARC SP 10 og eit Technics SL 1000-oppsett, der Denon, Ortofon og dei andre råskinnpickupane var representerte. Men ettersom SP 10 kom i 1982 i si fyrsteutgåve (som ikkje var så god som min versjon frå 86), bør eg vel nøye meg med SP 6 eller kanskje SP 3. Effektforsterkar trengs ikkje, sidan høgtalarane har slikt innebygd.
80-talsanlegget - ja, her ville eg iallfall brukt SP 10, og full SL 1000-rigg, men då i MK 3-utgåve. Høgtalarane ville verte ei utfordring, då dette er dei fantastisk store og flotte konstruksjonar sin tidsalder, men dei skal passe med rommet. Og kva rom har ein disponibelt for t.d. eit sett Infinity IRS eller Acoustat 8?
Heldigvis er problemstillingane irrelevante. Eg har funne nokre moderne høgtalarar som fungerer bra i rommet mitt. Og ein forsterkar som fiksar nok guffe til dei. Og då er det greitt nok til meg....