Recapping av Huldra 10 - Mouser cart

kyrrelaastad

Hi-Fi interessert
Ble medlem
18.08.2013
Innlegg
58
Antall liker
35
Hei,

Tida er inne for å recappe mi Huldra 10, og i den forbindelse laga eg ei handlekorg hos Mouser. Tanken er at dersom andre skal til med same prosjekt, så kan dei bruke denne handlekorga som utgangspunkt for handlinga si, eller berre legge inn ein bestilling som den er.

Eg har gått igjen servicemanualen som de finn her huldra-10-sm.pdf og notert ned verdiane på alle kondensatorane som er merka med ELKO og TANTAL i manualen. Deretter har eg gått inn på Mouser og lagt inn riktig antall (håpar eg, me får sjå når pakka kjem i posten!) på kondensatorar av tilsvarande kapasitans og som er kapabel til å takle ein spenning på tilsvarande volt eller høgare som det som står i manualen. Eg har kjøpt Elna SILMIC II-kondensatorar der desse har vore tilgjengleg hos Mouser, og Nichicon KZ (Nichicon Muse Series) der Elna sin SILMIC II ikkje har vore tilgjengleg. Dei store utgangskondensatorane (C719/C718: 4700uF/80 V) er frå Nichicon sin KG-serie, som også er laga for lyd. Den store kondensatoren i kraftseksjonen (C1006: 4700 uF/70 V) blir erstatta med Nichicon sin GU-serie.

Datablad:

Elna SILMIC II: http://www.elna.co.jp/en/capacitor/alumi/catalog/pdf/rfs_e.pdf
Nichicon Muse: http://www.mouser.com/ds/2/293/e-kz-29131.pdf
Nichicon KG: http://www.mouser.com/ds/2/293/e-kg-29021.pdf
Nichicon GU: http://www.mouser.com/ds/2/293/e-gu-26538.pdf

Kondensatorane som er bestilt:

4 x Elna SILMIC II 2.2uF / 50 V
for tantal, 35 V i manual
C317, C318, C527, C528
6 x Elna SILMIC II 2.2uF / 100 V
for både tantal og elektrolytter
C205, C256, C605, C606, C623, C624
5 x Elna SILMIC II 10uF / 25 V
for tantal
C420, C503, C504, C557, C558
5 x Elna SILMIC II 10uF / 100 V
for elektrolytter
C609, C610, C621, C622, C1004
1 x Elna SILMIC II 22uF / 50 V
for elektrolytt, 40 V i manual
C1003
6 x Nichicon KZ 22uF / 100 V
for elektrolytter, 63 V i manual
C231, C232, C701, C702, C705, C706,
5 x Elna SILMIC II 47uF / 50 V
for elektrolytter, 40 V i manual
C329, C555, C556, C625, C626
2 x Elna SILMIC II 47uF / 100 V
for elektrolytter
C707, C708
6 x Elna SILMIC II 100uF / 25 V
for elektrolytter
C511, C512, C513, C514, C637, C638
1 X Nichicon KZ 100uF / 50 V
for elektrolytt
C1001
3 x Nichicon KZ 220uF / 50 V
for elektrolytter, 40 V i manual
C709, C710, C1005
1 x Elna SILMIC II 470uF / 63 V
for elektrolytt
C725
2 x Nichicon KG 4700uF / 50 V
for elektrolytter, snap-in, 40 V i manual
C719, C720
1 x Nichicon LGU 4700uF / 80 V
for elektrolytt, snap-in, 70 V i manual
C1006

Eg vonar dette kan vere til hjelp for nokon, og eg ber om at de gjer beskjed dersom det er noko som ser feil ut her, eller om det er andre ting de reagerer på.

Handlevogna finn de her: http://www.mouser.com/ProjectManager/ProjectDetail.aspx?AccessID=f5563644bf
 

Pilsern

Hi-Fi freak
Ble medlem
11.02.2002
Innlegg
1.750
Antall liker
871
Torget vurderinger
35
Spennende, hvordan gikk dette?

Det ser ut som Partsconnexion har alle verdiene utenom 4700uf tilgjengelig som "Silmic II"

mvh
 
Topp Bunn