Om Vossajazz er 50 år eller ikkje, kjem an på om du reknar inn pandemien og andre uhepne. Men kven bryr seg? Når Trude og Kari inviterer til fest, kven heng seg opp i slike detaljar?
Alt torsdagen “tjuvstarta" festivalen med jubileumsutstilling på Mølstermuseet, mellom anna. Fredag er det full gass med kulturkonferanse, kunstutstilling (Ingrid Haukelidsæter) og anna på dagtid, før det brakar laust med Khmer i Idrottshallen, og kveldskonsertane på Park Hotel.
Fyrst ute var Nils Petter Molvær med Khmer i Idrottshallen klokka 6, same konserten som gjorde han vidgjeten med verket Labyrinter, i 1974, men i ny drakt naturlegvis. Konserten vart opna av Cecilie Løveid, som og opna Vossajazz i -74. I det heile speglar årets festival historia, og festivalleiar Trude Storheim gav velfortent heider til festival-lokomotivet gjennom 30 år, Lars Mossefinn. Etter den faste opninga med lur, starta Khmer med eit øredøvande bråk, ein gjennomtrengande dur av ein bass, ein heller kvass og kunstig lyd på trommene, og litt for høg lyd generelt. Då er me ferdige med kritikken. Ingen grunn til å skyta pianisten, det er slik dei vil ha det. Det veit me, for me har høyrt dei før. Rytmisk so det held, med to trommisar, og tidvis lyrisk trompet frå Nils Petter. Flott lysshow. Ein fest auge og øyret; og tinnitusen....
Les heile artikkelen om Vossajazz 2023 - Fredag på Audiophile.no