Vossacountryfestivalspesial – Stig Arne si dagbok juli 2021

SAD-0721 (1 of 1).jpg


Det er haust. Slutt på blåtann, over til stereo; musikk i form av “lassojazz” denne gongen, og ølspalta til slutt. Då er alt som det skal vera.

No får det vera nok med utprøving av blåtann-høgtalarar. Eg tippar dei fleste gjev blaffen i korleis slike høgtalarar let, berre storleiken, fargen og prisen er i nærleiken av kva dei hadde tenkt seg. Ikkje eigentleg gjev blaffen, naturlegvis, men berre lyden er nokolunde grei, er det ok. Men bruk litt tid i butikken. I ein Powerbutikk lytta eg og Dag til ein slik mellomstor rund JBL, og denne let godt, medan kjeda sitt eige “husmerke” ikkje let so godt. Det var ganske lett å høyra.

Då er det noko heilt anna med eit stereoanlegg. Dei som driv med slikt, og som er gladare i musikk enn gjennomsnittet, og er over snittet nerdete, er lidenskapleg oppteken av anlegget sitt. Og alle deler av anlegget. Det kan me snakka om og skriva om heile året, ikkje berre sumarmånadane. Eit stereoanlegg er fulltidsjobb.

Ei utprøving av NAD C 326 BEE er i emning. Den fann Terje på ein kommunal returstasjon for alt inklusive elektronikk. Fullt fungerande, og praktisk tala utan ei stripa. Pussig. Kven kastar noko slikt? Høgtalarleidningane var klypt rett av. Neppe eit tjuveri, for då kastar du han ikkje. Heller eit skilsmål med to uforsonlege partar som klorar augene ut på kvarandre over stereoanlegget og alt anna. Ein helt annan plass - i ein bruktbutikk i Førde, på ein liten tur opp i Fjordane for å vitja slekta - fekk eg kjøpt ein eldre Philips CD-spelar som eg gler meg til å prøva ut. Også denne fullt fungerande. Eg likar lyden av Philipsane. Dei er grovt undervurderte. Og so kjøpte eg ein annan utruleg søt dings som eg ikkje vil avsløra endå. Og endå ein forsterkar står på oppvarming. Og ein brukt radio og ein kassett-spelar er på veg - med sporingsnummer. Spanande....

Les heile dagbokartikkelen for juli i Audiophile.no

SAD-0721 (4 of 16).jpg
 

Kommentarer

MusicBear

Hi-Fi freak
Ble medlem
31.01.2013
Innlegg
6.042
Antall liker
2.851
Torget vurderinger
0
Fantastisk lesning, takk for måten du deler det hele med oss, hele artikkelen inne på Audiophile.no. Og jeg skulle gitt mye for å ha vært med deg under det du her opplevde. Ramle over musikk som kan omtales slik det du her gjør, tror pinadø det styrker ens egen mentale balanse, immunforsvar og alt annet gode musikkopplevelser tilfører en «sart sjel» - igjen takk!
 

Audiophile.no

Bransjemedlem
Ble medlem
02.06.2020
Innlegg
346
Antall liker
438
Torget vurderinger
0
Takk for veldig hyggelig tilbakemelding på vegne av Stig Arne!
 

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
438
Link til alle artikler
256
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
TEST: Polk Audio Reserve R600, R350 og R200 – flaggskiphøyttalere i hverdagsklær

TEST: Polk Audio Reserve R600, R350 og R200 – flaggskiphøyttalere i hverdagsklær

  • 20
Polk lanserte Reserve-serien i fjor. Vi har hatt tre modeller på test, og i tillegg til at R600 og R200 primært har blitt testet i stereo, har de også fått en testrunde i et 5.1.(2)-oppsett sammen...
Fortsett
Audiophile.no
System Audio Air – ny trådløs aktiv serie fra Roskilde

System Audio Air – ny trådløs aktiv serie fra Roskilde

  • 0
System Audio har lansert en ny høyttalerserie som de kaller SA Air. Det krever ikke overdreven fantasi å regne ut at det bak dette navnet skjuler seg trådløse aktive høyttalere. System Audio har...
Fortsett
Audiophile.no
B&O kobler fortid med nåtid og fremtid

B&O kobler fortid med nåtid og fremtid

  • 1
Bang & Olufsen har med sitt Beolink-system vært pionerer innen multirom siden midten av 80-tallet. Nå skaper de en link gjennom historien som binder sammen dagens Beolink Multiroom med de...
Fortsett
Audiophile.no
Audiophile.no gjenåpnet etter tekniske utfordringer

Audiophile.no gjenåpnet etter tekniske utfordringer

  • 0
Våre nettsider har vært stengt grunnet tekniske utfordringer siden onsdag 12. januar. Vi beklager ulempen dette har medført for våre lesere, og kan med stor glede meddele at nettsiden vår nå er...
Fortsett
Audiophile.no
Spotify leverer ikke HiFi likevel

Spotify leverer ikke HiFi likevel

  • 45
Spotify HiFI har vært den store snakkisen knyttet til verdens desidert mest dominerende strømmetjeneste gjennom 2021. Nå viser det seg at den digitale presselanseringen var løst snakk. Den...
Fortsett
Audiophile.no
Signa S4 – ny lydplanke fra Polk med Dolby Atmos og trådløs subwoofer.

Signa S4 – ny lydplanke fra Polk med Dolby Atmos og trådløs subwoofer.

  • 0
Polk lanserer ny toppmodell i Signa-serien for lydplanker. Og med Signa S4 bekrefter Polk det som later til å være denne produsenten sitt mantra – mye for lite penger. For her tilbys både Dolby...
Fortsett
Topp Bunn