Leseproblematikk handlar ikkje i hovudsak om at elevar ikkje knekkjer lesekoden (slik problemstillinga gjerne har vore sånn tradisjonelt), men i at folk ikkje har den mengdetreing i lesinga som skal til. Får ein ikkje den store leselysta over seg innan ein startar i ungdomsskulen, les ein helst fordi ein må, og ikkje fordi det er moro/interessant. Utan denne leseinteressa er det vanskeleg å få såpass god "lesekondisjon" at ein får opp lesefarten. Då tek lesinga så lang tid at det ikkje er kjekt, rett og slett. Motivasjonen forsvinn, og læringa vert eit ork i alle fag der det må lesast (i praksis alt anna enn dei praktiske/estetiske faga). Vi får svake lesarar, som gjerne ligg nedimot ein 120 -150 ord/minuttet (adekvate tekstar etter alderen). Difor må det jobbast veldig for å få til dette, og eg tykkjer ein skal prøve å sikre at elevar kan lese ca 200 ord/min når dei går ut av 7.klasse.
Problemet er at lesing i dag konkurrerer med så mange andre aktivitetar. Og at lekse ikkje er tatt så alvorleg i dag som for nokre år sidan.
Ein som leser 100 ord/min er ikkje analfabet. Men vi kan snakke om funksjonell analfabetisme når vi går ein del under denne lesefarten, fordi ein rett og slett ikkje får tempo nok til å tileigne seg ei leseoppleving for vaksne, og fordi ein brukar dobbelt så lang tid på å lese ei lekse som ein som les 200 ord.
Når det gjeld SV og skulepolitikk, har det synt seg at partiet ikkje har evna å bruke tida i posisjon til noko fornuftig. Før hadde SV visjonar om skule, men har ikkje gjort ein tøddel anna enn det Kristin Clemet la opp til då ho sat i stolen; målemafia-kvalitetstenkjing, for å bruke eit ord folk på sentralen vil forstå (kan du måle deg til kvalitet? Eg vil hevde at det er vanskeleg, særleg i skulesamanheng) Kristin Halvorsen har ikkje gjort noko anna enn å hindre storsatsing på privatskular. Privatskular burde vere ein demokratisk rett der det offentlege skuletilbodet er fråverande, og det bur ungar. I dag skal det vere skuledebatt frå ein nedlagd offentleg skule, som er vekt til live att som privatskule. Dette er ofte nødvendig. Vi skal hugse på at det er lagt ned nesten 200 skular sidan SV overtok statsrådsposten (Kristin H. seier dette kan vere kvalitetsheving. Det må gå under pisseprat), og at det er lagt ned nesten 1200 skular sidan 1986, då det nye kommeinntektssystemet vart endra.
Når statsråd Halvorsen i dag seier at staten skal gå inn å styre skulekvaliteten ved å sette maksgrense for talet på elevar pr pedagog, er dette stikk i strid med det ho sa for fire månadar sidan, då ho sa at det måtte vere eit demokratisk avgjerdsansvar opp til kommunene. I praksis er det veldig stor skilnad på om du har 10 - 20 -30 eller 40 elevar å undervise (noko Clement hevda forskning synte var uvesentleg. Denne forskninga er i beste fall tøvete, i verste fall eit bestillingsverk som skulle brukast til røykteppe for å spare pengar i skulen)
Elles tykkjer eg at politikarane kunne spørje lærarane om kvar skoen trykkjer i skulen, og politiet kva sjenketidene bør vere, og ikkje bestille forskning som passar inn i deira røyndomsoppfatning. Det undergrev tilliten til all forskning, og vi kjem oss aldri ut av postmodernismen, der alt er like rett.
Mitt råd når det gjeld kva ein skal stemme om ein har skulepolitikk som sitt hjartebarn, er for tida fråverande. Få, om nokon politikar eg har høyrt siste året, har peiling på skule.