I førre dagboka presenterte eg det “nye" anlegget mitt, med unntak av høgtalarane, som eg ikkje ville avsløra. Det var litt flautt å tilstå at eg, som profilerer meg som audiofil, har kjøpt “bråkehøgtalar” på HiFi Klubben. Slike som ungdomane i russebuss kjøper. Men før eller seinare måtte jo katta ut or sekken, og her kjem omtale. Og det er ein ganske uvanleg høgtalar.
Ingen med eit snev av peiling på høgtalarar kan unngå å sperra augne opp når dei får greie på korleis han er konstruert. Basselementet er ikkje mindre enn 15 tommar, vanleg i kabinett til profesjonelt bruk, men sanneleg ikkje til HiFi. Og det er direktekopla som det heiter på fagspråket, dvs. basselementet er kopla rett på forsterkaren utan delefilter. Utan alle dei spolane og kondensatorane som sluker effekt, dreier fasen og øydelegg lyden på so godt som alle høgtalarar. Og elementet er koaksialt. Diskant/mellomtonen sit i sentrum av basselementet bak eit kort horn. Altso ingen separat diskant. Berre eitt element i heile høgtalaren! All lyd strøymer ut frå dette eine punktet, og det har ubestridelege fordeler både teoretisk og lydmessig. Eg, som tidlegare stort sett har helde meg til små audiofil-riktige høgtalarar med 6,5” bassar og ikkje stort meir enn det, har kjøpt ein “PA-høgtalar" eg knapt greier flytta. So var det då og desse som spelte ræva av omlag samtlege andre på Horten-messa i 2022, då dei vart introdusert der av HiFi Klubben og nemnd av oss fyrste gongen. Det har vore litt av ein overgang, men eg har ikkje angra. Eg fattar eigentleg ikkje at eg ikkje har gjort det før, men slike store høgtalarar med store bassar har alltid vore frykteleg dyre - og ja, store. Og tunge. Ingen av dei nemnde løysingane er nye eller revolusjonerande, berre intelligent sett saman...
Les heile testen av Vestlyd V15C i Audiophile.no


