Rogue Ares

elta

Hi-Fi entusiast
Ble medlem
29.07.2005
Innlegg
166
Antall liker
34
Torget vurderinger
2
Er det nokon som har testet eller har Rogue Ares riia,eg treng ein som er på nivå med Aesthetix Rheea.Kor bra er Roguen egentlig?
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
20.701
Antall liker
7.945
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Skal eg måtte velje ein av desse to, på generell basis, ville eg personleg nok gått for Aestetix. Men det er mange faktorar som også måtte takast med. Ikkje minst pickupambisjonane. Eg trur at nokre pickpuar har det kjekkare med Ares. Så har vi dette med balansert signal, som mange sikkert vil vurdere. Til sist er det mange andre alternativ i same prissegment. Kva med ARC, CJ og Manley, til dømes?
Hadde ein omtale av Ares på eigne sider. Ettersom dette ikkje er tilgjengeleg lenger, spanderer eg denne artikkelen på hifisentralen. Den som gidd ta jobben, kan leggje han inn på Rudi sine sider, eller noko tilsvarande. Om det har interesse?

Her er artikkelen:
Rogue Ares – rørbasert riaaforsterkar med flotte eigenskapar.

Trufaste lesarar har nok oppdaga at eg har stor sans for visse amerikanske rørforsterkarprodusentar. Hadde det ikkje vore for prisnivået på slikt, er det ikkje usannsynleg at eg hadde hatt fleire produkt derifrå i anlegget. Tradisjonelt har nemleg desse produkta vore ganske dyre, men så skjedde det noko. Ein svært spennande konkurrent til dei legendariske Audio Research og Conrad Johnson dukka opp, og tok til å lage heilamerikansk forsterkarutstyr på eit kvalitetsnivå som var svært interessant. Firmaet heitte Rogue Audio, og har vorte importert hit av Planetsnapa, til svært hyggjelege prisar. Eg har fått glede av å prøve ut mange av produkta, og no baud altså sjansen seg då Håvar Snapa entusiastisk fortalde at han hadde fått eit rørbasert riaatrinn. Så eg fekk tilsendt eitt, med TAOC sine spike-bein som skulle gjere underverk for lyden. Eg fekk også låne ein uinnspelt Dynavector XX2 til test på same tid. Ei utfordring, men eit riaatrinn til nesten 19 kilokroner er på eit aspirasjonsnivå som tilseier noko anna enn min relativt rimelege pickupstall. Ein XX2 skulle absolutt kunne vere med på ein slik leik, men måtte då spelast inn skikkeleg – det har vore sagt at 130 timar skulle vere passeleg. Og dette er ei utfordring. I ettertid synte det seg å ta eit halvt år med relativt mykje vinyllytting før eg kunne seie meg ferdig med pickuputprøvinga. Men Rogue Ares var det raskare å arbeide med.

Utforming
Ares liknar ganske mykje på forforsterkarane Perseus og Metis; lav og tiltalande utforming. Det hadde ikkje gått å ha rør ståande loddrett inne i slike kabinett om ein ikkje hadde hatt hol i toppen som dei kunne stikke ut. Så måtte røra vernast av ein ”veltebøyle”, eit gitter, som på Ares er såpass grovmaska at du kan gjere rørbyte utan å fjerne det. Veldig greitt, for du kjem nok til å prøve nokre rørskift før du har bestemt deg.
Kabinettet har fått straumbrytaren bak, noko som i mitt oppsett var litt krøkkete. Eg har til vanleg riaatrinnet hengande på ein bøyle under platespelarhylla, for å kunne ha korte leidningsstrekk. Dette vart litt upraktisk, og det tok litt tid å venne seg til å strekkje handa bakom når eg skulle nå knappen.
Det beste er å plassere Ares tett på både forforsterkar og platespelar, for kabelvalet ditt er nesten like avgjerande for lydkvaliteten som røra du brukar. Korte strekk, med skikkeleg kvalitet både før og etter riaa, synte seg å vere gode prioriteringar. Eg brukte i utganspunktet Viablue i litt lange strekk, noko som har fungert godt i mange samanhengar, men her var det mykje å vinne på å skifte til Van den Hul og nokre andre kablar eg har i korte lengder.
Det er også greitt om du kan ha lettvint tilgong på toppen til Ares. Eit lettfjerneleg deksel dekkjer eit batteri med dipswitchar, slik at du lett kan komme til og skifte innstillingane til pickupen. Det er ikkje så enkelt som på forforsterkarar med utvendige knappar (for ikkje å snakke om slike med fjernkontroll på justeringane), men svært effektivt. I mesteparten av testperioden spelte eg utan deksel, for det tek ei stund å bestemme seg for kva som er best. Det er greitt å fylgje råd frå produsentar av pickup og forsterkar, men ta dei ikkje for god fisk. Det kan vere ei god lydinvestering å vere litt ulydig (ikkje overdriv – det er ikkje slik at dei fleste MC-pickupar skal ha 47 kOhm). Du kan altså sjå rett ned på desse brytarane, og gjere dine erfaringar. Instruksjonsboka er grei når det gjeld korleis du skal gjere dette. Eg gjorde dette utan å slå av riaatrinnet, men skifta for alle tilfelles skult til annan inngong på forforsterkaren, og sette på ”Mute”.
Ein av suksessfaktorane til Ares er evna til å levere ”svart bakgrunn”, det at forsterkaren ikkje har sus av noko slag. Ein medverkande årsak er sikkert straumforsyninga, som er lagt i eit eige kabinett som du plasserer så langt unna signalvegen som råd.

Testprosedyre
Eg har sjølvsagt lytta til anlegget ved ei rekkje høve, men eg tek aldri notatar eller går i ”testmodus” utan å gjere eit minimum av personleg kalibrering. Eg gjer alltid mine kritiske vurderingar om morgonen. Då tek eg notatar, og bestemmer meg for kva eg skal meine i konklusjonane. Som A-menneske er eg klar over at eg har best persepsjonsevne tidleg på dag. Det er lettare å vere fokusert, og i stand til å lytte meir presist når ein har kvilt seg gjennom natta. Diverre kan eg ikkje gjere slik presisjonslytting kvar dag – arbeidet krev meg ganske tidleg bortsett frå i helgene. Så eg har berre to dagar i veka der eg føler eg kan kalle musikkhobbyen min for ”testing”. Men det er mykje som gjerast mellom kvar gong eg er i testmodus. Det høyrest mykje musikk for moro skuld, og det spekulerast og planleggjast korleis testinga skal gå for seg vidare. Så må ting koplast opp og ned, slik at testobjekta får best mogleg arbeidstilhøve. Målet er ikkje å ”avsløre” produktet med trasige terningkast, men å ”avdekkje” potensialet i komponenten.
Med Ares var det viktig å spele inn produktet. Deretter vart det gjort ein del rørskift. Fyrst fekk eg dessutan ei spesialutgåve til ein kunde som ynskte ei spesiell last til sin pickup som ikkje var standard. Eg lytta difor på ei anna last enn det eg trudde fram til dette vart oppklart, og ny riaa tilsendt.
Rørskift gjorde ein god del for lyden. Her er sjølvsagt klang eit element du fort legg merke til, men dynamikk og perspektiv kan også optimaliserast. Eg hadde fått tre rørpar, og hadde noko avgrensa konstellasjonar å leike meg med, men det er tydeleg at du har ein jobb med å leite deg fram til det som er perfekt for deg og din pickup. Røra skal i utgangspunktet vere eitt par 12AX7 og eitt par 12AU7, men dei kan brukast om kvarandre, og du kan auke gain om du brukar AX7 heile vegen, dersom dette skulle vere ynskjeleg. Du bør i høgste grad gjere dine eigne erfaringar, for potensialet ved endring av rør vert såleis større enn vanleg, ettersom du tydelegvis kan velje mellom det meste av doble småtrioder, og ikkje avgrense deg til 12AX7 av gode merke, eller som målar godt.

TAOC-beina
Desse beina vart brukt under både Ares og min referansepre ARC SP 10. Trass i eiga vegghylle, der forsterkarkabinettet i praksis er påskrudd veggen og er utan tendensar til feedback frå anna enn denne og lufta, var det ein svak, positiv effekt av TAOC. Meir kontant, og mørkare bakgrunn, men mykje svakare på ARC SP 10 enn på Ares. Beklagelegvis, for min noko tilårskomne SP 10 kunne verkeleg trenge til mindre elektronsus og bakgrunnsstøy. Men eg må seie at eg ikkje greidde å høyre skilnad på om TAOC-beina stod med spissen opp eller ned, slik Håvar hadde budd meg på. Det er vel alderen som tyngjer?

Endeleg: Lyden
Umiddelbart frå du får lyd gjennom anlegget kan Ares demonstrere denne store, støyfrie teikninga av orkesteret som vekkjer begeistring i mange vinylentusiastar. Elektronisk støy frå røra er i praksis fråverande. Dette er er veldig annleis enn frå min gamle ARC SP 10, noko av det beste eg har høyrt frå rør, og må seiast å vere på høgd med dei beste transistorkonstruksjonane du kan kjøpe.
Oppsettet med fyrsteutgåva, der eg hadde ”feil” impedans, var kanskje litt tilkneppa. Dynamikken var ganske nyansert, men det mangla litt drag når dei store fortissimopartia skulle avleverast. Eg tenkte dette kom av at korkje riaa eller pickup var innspelte, og konsentrerte meg om å jobbe med rørskift og kreativ bruk av dipswitchane, men vart ikkje heilt fornøgd med noko av dette. Så oppdaga vi at eg hadde spesialutgåve som ikkje hadde optmal innstilling av XX2, og fekk eg ny versjon tilsendt, men problemet var framleis til stades til ein viss grad, sjølv etter 30 – 40 timar innspelingstid. Også dei gongane eg spelte med min referansepickup Dynavector DV10x5 (som skal ha 47 kOhm) var det mindre drag og dynamikk over bassen. Så kom eg på dette med kablane. Impulsivt skifta eg frå 2 meter til ny plassering, slik at kabelstrekket vart berre 80 cm. Og no vart det greier! Eg eksperimenterte med kablar ei stund, og det er ganske stort poetensiale her. Frå min private ormegard likte eg best resultatet når eg bruke ein ganske kort Van den Hul-kabel, men det vart litt upraktisk ut frå mi plassering av komponentane. Så eg fekk ikkje gjort dette heilt optimalt, men tilrår at du tek deg tid til å prøve plassering av riaatrinn så nær forforsterkar som råd (utan at dette skapar støyproblem), og får kabelstrekk ned mot halvmeteren. Dette gjer faktisk meir for lyden enn korte strekk frå platespelar til riaa, i motsetnad til alle andre erfaringar eg har gjort med MC-pickupar så langt. Det er altså all grunn til å gje seg tid med desse tinga.
Når du har fått i rette rør, og kopla saman anlegget med korte kablar du likar, er dette ein riaa som høyrer saman med dei aller beste rørkonstruksjonane. Her er fråver av all slags støy og maskering av scenebildet. Konsekvensen er at all informasjon om tredimensjonal plassering av instrumenta kjem tydeleg fram.
Dei andre kvalitetane til Ares er også flotte. Klangbalansen er svært nøytral, og du får ganske detaljert attgjeving av både komplekse og enkle komposisjonar, og her er ingen sider som kan seiast å vere svake. Skal eigenarten til Ares uttrykkjast kort og konsist, er adjektiva ”støyfri” og ”nøytral” det eg finn mest passande. Såleis vil han passe saman med det meste av pickupar.
Sterkaste sida til Ares er den svarte bakgrunnen, nøytral attgjeving og mange detaljar. Makro-dynamikk og perspektiv også svært bra, men her ligg det eit potensiale om du (tre)doblar investeringa mot dei aller råaste riaatrinna.
Drivverk frå Clearaudio og Nottingham vil også ha ganske samanfallande uttrykk. Eg brukte mesteparten av tida med konstellasjonen Ares/Dynavector XX2, og kontrollytta med 10x5 med jamne mellomrom, men skulle gjerne brukt langt fleire pickupar. 10x5 kom veldig godt til sin rett, men det skulle då berre mangle når riaatrinnet kostar over 5 gonger så mykje som pickupen. Eg er spent på kor godt Ares kunne greidd seg saman med pickupar med heilt låge utgangssignal, og også dei meir aparte som t.d. Decca/London, så eg har ingen konkrete erfaringar som seier at Ares er uvanleg allsidig med omsyn til partnarkomponentar. Det er likevel eit inntrykk eg sit med, og når ein har eit såpass stort spekter av innstillingar, vil det vere svært vanskeleg å finne ein pickup som ikkje kan få gode vilkår saman med denne.

Konklusjon:
Rogue sine forforsterkarar har tilgodesett vinylentusiastane med gode riaa-inngangar som i ganske mange tilfelle vil vere gode nok. Men om du ikkje kan slå deg til tåls med dette, er det no eit alternativ for dei med store lydlege ambisjonar, som ikkje ser seg råd til dei aller dyraste riaatrinna. Ares er i denne samanhengen eit rimeleg alternativ, ein separat riaaforsterkar med separat straumforsyning som i utgangspunktet har ein pris på 18 900 kroner, der konkurrentane kostar eit minimum 14 – 15 tusen i tillegg. På sikt vil du sannsynlegvis bruke ein del kronasje på rør med endå betre lyd enn dei som er standard. Desse er heilt greie, men det er altså eit potensiale i rørskift. Kabling og plassering av apparat er også meir kritisk enn i dei fleste andre samanhengar. Dette er eigentleg ikkje eit problem, men snarare eit kjenneteikn på produkt med så høg kvalitet at det ikkje nyttar med slurv.
 

impulse

Æresmedlem
Ble medlem
26.02.2006
Innlegg
13.199
Antall liker
7.674
Sted
Hølen
Da tror jeg du skal sende en PM til Fosse her inne. Han kan mer om vinyl enn de aller fleste, har et uhyre smakfullt sammensatt anlegg, og synes akkurat det riaatrinnet er så bra at han har kjøpt to.
 

impulse

Æresmedlem
Ble medlem
26.02.2006
Innlegg
13.199
Antall liker
7.674
Sted
Hølen
Ser Arve var raskere enn meg med en fyldig omtale! Da har du litt kjøtt på beinet, skulle jeg tro.
 

elta

Hi-Fi entusiast
Ble medlem
29.07.2005
Innlegg
166
Antall liker
34
Torget vurderinger
2
Takk for svar begge to,det virker jo lovende når nokon kjøper to stk
 

Zerostat

Hi-Fi freak
Ble medlem
25.06.2003
Innlegg
4.565
Antall liker
1.474
Sted
Lillestrøm
Torget vurderinger
72
Jeg har en Ares som jeg bruker sammen med en Kleos. Syns dette låter litt mye "rom" og mangler litt varme/nærhet og organisk presentasjon. Mulig dette også har med kabler å gjøre.

...men allikevel, hvilke rør skal jeg velge?

Bruker nå Telefunken ECC83 og ECC801S.
Gain for 0.5-1mv /300 Ohm.
VPI Classic 3
 
Sist redigert:

nlykke

Hi-Fi freak
Ble medlem
08.02.2008
Innlegg
3.594
Antall liker
11.112
Jeg har en Ares som jeg bruker sammen med en Kleos. Syns dette låter litt mye "rom" og mangler litt varme/nærhet og organisk presentasjon. Mulig dette også har med kabler å gjøre.

...men allikevel, hvilke rør skal jeg velge?

Bruker nå Telefunken ECC83 og ECC801S.


Har testet en del rør på Aresen i det siste, og var ute etter noe av det samme som deg ( hvis jeg har forstått deg riktig). Endte opp med Mullard 12ax7 , og mullard 12at7 nos rør fra Tubedepot. Disse er fra " Back Sabel" serien. Her får du nærhet og "kropp" i bøtter og spann.:)
Gain for 0.5-1mv /300 Ohm.
VPI Classic 3
Har testet en del rør på Aresen i det siste, og var ute etter noe av det samme som deg ( hvis jeg har forstått deg riktig). Endte opp med Mullard 12ax7 , og mullard 12at7 nos rør fra Tubedepot. Disse er fra " Back Sabel" serien. Her får du nærhet og "kropp" i bøtter og spann.:)

Mvh Petter.
 

Zerostat

Hi-Fi freak
Ble medlem
25.06.2003
Innlegg
4.565
Antall liker
1.474
Sted
Lillestrøm
Torget vurderinger
72
Hvordan oppfatter folket her Ares med standardrørene? Dvs med JJ AX/AU.
 
Topp Bunn