Quad ESL 57 og meir – Stig Arne si dagbok oktober 2021

SAD-1021 (1 of 1).jpg


Raud løpar, Rolls Royce og The Electrostar: Quad ESL 57. Men mest om Quad-ane, etter ei vitjing hjå Lars Tørressen.

Som eg skreiv i førre Dagboka, var eg ein tur te bydn (Bergen) i samband med noregspremieren på ein film eg har ei rolle i. I samband med dette vart eg intervjua av Nrk lokal, og filmen vart omtala i Bergens Tidende fredag 22. oktober. Der sto det at “vossing fekk stor plass”, og då vart eg litt nervøs, for eg hadde ikkje eingong sett filmen. Eg trudde innslaget med meg var kort og ubetydeleg. Men når regissør Gunnar Hall Jensen forklarar "Derfor har han hatt et utall stereoanlegg i Rolls-Royce-klassen hjemme i stuen til testing og omtale” lo eg høgt. Jo, eg både har og har hatt ein del brukbare anlegg her, både til testing og i eige, men det er vel ikkje akkurat det eg er kjend for i dag. Eg har gjort det til signaturen min å ha enkle, rimelege og usnobbete ting, som likevel spelar godt, av di dei er optimalt utnytta. Gjerne brukt og av eldre dato. Under kan du lesa om eit godt døme på det. Lars har all verdens utstyr, men i høve besøket hadde han kopla opp eit anlegg som nesten ikkje kosta nokon ting, og som likevel er det beste eg har høyrt på lenge.

Lars Tørressen er ein mann med mange dugleikar. Han er arkitekt, instrumentbyggjar, instrument spelar, elektronikk-kyndig og dessutan ivrig audiofil. Han er i tillegg familiefar, og (dei) eig eit flott gamaldags trehus i Skivebakken i Bergen. Har eg sagt dette før? Det er so vanskeleg å hugsa kva eg har skrive før og kva ikkje.

Eg er nemleg ofte inom når eg har ærend i Bergen, og tek som regel bilete, og har alltid planar om å skriva litt om det for Dagboka. Kvar gong - eller i alle fall ofte - gløymer eg å setja meg ned og skriva det ut, og etter ei veke eller to er det for seint, for då hugsar eg for lite. Men eg har tenkt å byrja eit nytt og betre liv, for eg har nyleg vore på vitjing hjå han att, og no sit eg her og skriv, faktisk dagen etter! Og det skal koma fleire reportasjar frå den kanten, for Lars er alltid i gang med noko nytt. Det er alltid noko å sjå og læra hjå han Lars. Dessutan er han ein framifrå kokk, slik at me kan ta pausar med litt mat og eit glas raudvin eller eit par øl innimellom.

QUAD ESL 57: The electrostar

Og denne gongen hadde han verkeleg noko heilt spesielt å syna fram....

Les heile dagbokartikkelen om QUAD ESL 57 og meir i Audiophile.no

SAD-1021 (3 of 5).jpg
 

Kommentarer

PeterD

Hi-Fi entusiast
Ble medlem
09.01.2005
Innlegg
157
Antall liker
10
Hvorfor har du på de teite brillene? Liker å se ansiktet til folk. Kanskje du har like skremmende øyne som meg..;-)
 

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
430
Link til alle artikler
252
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Spotify leverer ikke HiFi likevel

Spotify leverer ikke HiFi likevel

  • 45
Spotify HiFI har vært den store snakkisen knyttet til verdens desidert mest dominerende strømmetjeneste gjennom 2021. Nå viser det seg at den digitale presselanseringen var løst snakk. Den...
Fortsett
Audiophile.no
Signa S4 – ny lydplanke fra Polk med Dolby Atmos og trådløs subwoofer.

Signa S4 – ny lydplanke fra Polk med Dolby Atmos og trådløs subwoofer.

  • 0
Polk lanserer ny toppmodell i Signa-serien for lydplanker. Og med Signa S4 bekrefter Polk det som later til å være denne produsenten sitt mantra – mye for lite penger. For her tilbys både Dolby...
Fortsett
Audiophile.no
Roksan inntar Soundgarden

Roksan inntar Soundgarden

  • 2
Soundgarden har overtatt salget av en av de britiske klassikerne. Vi snakker om Roksan, som holder til i Raleigh – Essex, og har produsert HiFi siden selskapet ble grunnlagt av Tufan Hashemi &...
Fortsett
Audiophile.no
Estelon Extreme Mk II - ekstreme flaggskip fra Estland oppgraderes

Estelon Extreme Mk II - ekstreme flaggskip fra Estland oppgraderes

  • 3
For et års tid siden hadde Estelon en stor oppgradering av sin Classic-serie til MkII-modeller. Et år senere slår de til med en oppgradering av sitt ultimate flaggskip – Estelon Extreme. Estelon...
Fortsett
Audiophile.no
Mykje juleøl, og litt hifi. Det er jul – Stig Arne si dagbok november 2021

Mykje juleøl, og litt hifi. Det er jul – Stig Arne si dagbok november 2021

  • 1
Ein låk ven frå Bergen lokka meg med på ein tur til Sveariket, noko eg eigentleg ikkje hadde tid til, men sjølvsagt hadde eg eigentleg det. Eg var snydens forkjøla og var på nippet til å avslå...
Fortsett
Audiophile.no
HiFi-Messa i Horten 2021

HiFi-Messa i Horten 2021

  • 15
Den 19. hifi-messa i rekkja, og den største og einaste årvisse hifi-messa i landet vart avvikla 6. - 7. november, etter å ha vorte utsett sidan oktober. Og fjoråret var utan. Tilskiparane er Terje...
Fortsett
Topp Bunn