Quad ESL 57 og meir – Stig Arne si dagbok oktober 2021

SAD-1021 (1 of 1).jpg


Raud løpar, Rolls Royce og The Electrostar: Quad ESL 57. Men mest om Quad-ane, etter ei vitjing hjå Lars Tørressen.

Som eg skreiv i førre Dagboka, var eg ein tur te bydn (Bergen) i samband med noregspremieren på ein film eg har ei rolle i. I samband med dette vart eg intervjua av Nrk lokal, og filmen vart omtala i Bergens Tidende fredag 22. oktober. Der sto det at “vossing fekk stor plass”, og då vart eg litt nervøs, for eg hadde ikkje eingong sett filmen. Eg trudde innslaget med meg var kort og ubetydeleg. Men når regissør Gunnar Hall Jensen forklarar "Derfor har han hatt et utall stereoanlegg i Rolls-Royce-klassen hjemme i stuen til testing og omtale” lo eg høgt. Jo, eg både har og har hatt ein del brukbare anlegg her, både til testing og i eige, men det er vel ikkje akkurat det eg er kjend for i dag. Eg har gjort det til signaturen min å ha enkle, rimelege og usnobbete ting, som likevel spelar godt, av di dei er optimalt utnytta. Gjerne brukt og av eldre dato. Under kan du lesa om eit godt døme på det. Lars har all verdens utstyr, men i høve besøket hadde han kopla opp eit anlegg som nesten ikkje kosta nokon ting, og som likevel er det beste eg har høyrt på lenge.

Lars Tørressen er ein mann med mange dugleikar. Han er arkitekt, instrumentbyggjar, instrument spelar, elektronikk-kyndig og dessutan ivrig audiofil. Han er i tillegg familiefar, og (dei) eig eit flott gamaldags trehus i Skivebakken i Bergen. Har eg sagt dette før? Det er so vanskeleg å hugsa kva eg har skrive før og kva ikkje.

Eg er nemleg ofte inom når eg har ærend i Bergen, og tek som regel bilete, og har alltid planar om å skriva litt om det for Dagboka. Kvar gong - eller i alle fall ofte - gløymer eg å setja meg ned og skriva det ut, og etter ei veke eller to er det for seint, for då hugsar eg for lite. Men eg har tenkt å byrja eit nytt og betre liv, for eg har nyleg vore på vitjing hjå han att, og no sit eg her og skriv, faktisk dagen etter! Og det skal koma fleire reportasjar frå den kanten, for Lars er alltid i gang med noko nytt. Det er alltid noko å sjå og læra hjå han Lars. Dessutan er han ein framifrå kokk, slik at me kan ta pausar med litt mat og eit glas raudvin eller eit par øl innimellom.

QUAD ESL 57: The electrostar

Og denne gongen hadde han verkeleg noko heilt spesielt å syna fram....

Les heile dagbokartikkelen om QUAD ESL 57 og meir i Audiophile.no

SAD-1021 (3 of 5).jpg
 

Kommentarer

PeterD

Hi-Fi entusiast
Ble medlem
09.01.2005
Innlegg
165
Antall liker
18
Hvorfor har du på de teite brillene? Liker å se ansiktet til folk. Kanskje du har like skremmende øyne som meg..;-)
 

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
981
Link til alle artikler
407
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

  • 0
I dag har Bowers & Wilkins lansert 3 Signature-modeller i 700 S3-serien. Det dreier seg om de to toppmodellene i henholdsvis stativ og gulvstående utførelse. Og i tillegg har de for første gang i...
Fortsett
Audiophile.no
Vossajazz 2024 laurdag og sundag

Vossajazz 2024 laurdag og sundag

  • 0
Eg gjer Hanna Paulsberg sine ord etter Tingingsverket laurdag til mine: “Do you Want my job? Do you want the hassle? Nei, det vil du neppe, men no er jobben gjort: Resten av Vossajazz 2024...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

  • 9
Bowers & Wilkins lanserte 600 S3 i fjor sommer, en serie som består av tre stereomodeller og en senterhøyttaler. Vi har hatt den største stativmodellen på en svært grundig test, og tar samtidig et...
Fortsett
Audiophile.no
Oslo HiFi Show 2024 - Messerapport

Oslo HiFi Show 2024 - Messerapport

  • 2
Forrige helg var det to interessante HiFi-arrangement i hovedstadsområdet. Vi snakker om Oslo HiFi Show 2024 i Asker, og VårPuls 2024 hos Oslo Hifi Center i Oslo sentrum. Audiophile.no avla Oslo...
Fortsett
Audiophile.no
Vossajazz - i lys loge!

Vossajazz - i lys loge!

  • 0
Ja folkens det er Vossajazz att, eg har alt skrive ei lita påminning i februar-dagboka. Opningskonserten er kl. 6 i Vossasalen på Park Hotel med Øyunn, dvs Siv Øyunn Kjenstad, om få timar når eg...
Fortsett
Audiophile.no
Problem og tonekontrollar – Stig Arne si dagbok for februar 2024

Problem og tonekontrollar – Stig Arne si dagbok for februar 2024

  • 2
Denne gongen om mekaniske svakheiter, oppklaring av mistydingar, og Vossajazz. Og 5 øl frå KINN. Audioquest Red og Cobalt DAC problem Eg har lodda Red ei gong, og no slutta han atter å fungera...
Fortsett
Topp Bunn