Det er vel et spørsmål om det er rett vei å gå? Vekk fra samfunnets utvikling, tilbake til blyant og viskelær. Jeg synes de bør slå et slag for fyllepennen i samme slengen, tross alt en viktig kulturbærer.
Når du først er inne på det, har eg aldri vorte så begeistra for Steinerskulen som då eg skjøna at det er eit reservat for fylle- og dyppepennfolket.
(Medan eg anerkjenner at venstrehendte har litt vanskar med fyllepenn, trur eg samtidig at det er eit nyttig verktøy for å trena handskrifta. Sjølv vekslar eg mellom ein tysk Kaweco og ein kinesisk Hongdian, utan å heilt greia å avgjera kven av dei eg liker best.)
Til saka i den offentlege skulen eg litt delt.
Dersom elevane skal levera handskriven eksamen, må funksjonell handskrift få mykje meir plass enn det har hatt dei siste 20 åra. Det handlar ikkje berre om det visuelle (stabil og leseleg skrift).
Like mykje er spørsmålet om elevane kan skriva ein tekst
på den måten dei må gjera når dei skriv for hand:
- disponera
- så laga ein plan for kvart avsnitt
- så dela opp i setningar
- og så formulera kvar setning godt med rettskriving og syntaks
Berre på ein så pass kort tekst som denne har eg omstrukturert fleire gonger før eg trykte på "Svar", fleire av setningane har vorte omformulerte undervegs og trur du ikkje eg fekk inn litt korrektur også.