Det ville vore naturleg denne månaden å halda fram med artikkelserien om demping. Eg skreiv fyrst om dempemateriale inni høgtalarkabinettet, og heldt fram med demping av sjølve elementa (polstykket). Eg er ikkje ferdig, men me tek ein pause. Eg vil skriva litt om lytting generelt, og om røynslene mine med lytting til kassettspelarar nyleg. Desse er visstnok på moten att, nett som platespelarar. Eg var ikkje førebudd på dei oppdagingane som låg framføre meg.
Lytting er ferskvare
Alle har høyrt at trening er ferskvare. Men det gjeld ikkje berre muskeltrening. All røynsle du har går sakte men sikkert i gløymeboka, om ho ikkje vert halden ved like. Derav omgrepet “tida lækjer alle sår”. Men eg var sanneleg ikkje klar over at dette òg gjeld høyrsel og lytting. Har du ikkje lytta til stereoanlegget ditt på ei veke eller fleire, grunna ferie eller kva det skal vera, er du “rusten”. Det har du sikkert opplevd. Du kan ikkje “testa” noko før du har varma opp litt, dvs. lytta eit par kveldar. Lyttemuskelen lyt trenast opp att.
Det same gjeld konsertopplevinga. Etter ein lang sumar mest utan konsertar var det eit sjokk å oppleva konsertlyden att. So kraftig, so levande, so dynamisk. Eg hadde heilt gløymt kor dramatisk det var. Som sagt: Lytting er ferskvare. Du trur du er ferdig utdanna som audiofil og lyttar, berre for å oppleva at du er totalt ute av trening. Om det høyrest usannsynleg ut, var det no to nyreparerte kassettspelarar som fekk meg attende på banen....
Les heile dagboka til Stig Arne i Audiophile.no