Eg leika meg litt med dette den tida då eg hadde ein Technics SL 1000 mk II. Utgangspunktet var eit svært hardt kryssfiner som var vanskeleg å bore i. Eg prøvde:
- massivt tre (furu): dette verka noko negativt inn på dynamikken samanlikna med originalen.
- Stein, prøvde skifer: Eg fekk det ikkje skikkeleg tilpassa, slik at det vart noko skeivt. Men eg fekk tru på stein. Problemet er å få tak i ein heilt dau steintype. Granitt er lett å arbeide med for ein steinslipar, men har typisk "tone" når det gjeld resonnans. Eg hadde halvvegs avtala å prøve kleberstein (slik som ein lagar omnar i). Svært mjuk steintype, som vil støve ein del, men også vere ekstremt stiv og resonnansfri.
- Metall. Ville ha messing, men enda opp med stål. Eg vurderte aluminium, men det var vanskeleg å finne tjukk nok. I staden fekk eg skore ei 35 mm tjukk stålplate med hol til pickuparmen. Dette fungerte best, og eg brukte det i mange år. Prøvde også med ymse jordingssløyfer mellom denne stålplata, drivverket, forforsterkar, og hadde mange interessante erfaringar ut i frå kva pickup som stod på, men det er ein annan historie...
Eg vil altså seie at tjukt metall (i mitt høve stål) er glimrande. (Messing vil kanskje vere betre, eller endåtil bly/tinn/sink/kopar, som er svært vanskeleg og kostbart å få tak i som plate)
Stein er heilt sikkert veldig bra. Eg vil satse på kleberstein (som kan finskjerast med kniv eller fil utan problem, og er det dauaste materialet), og lakke armbrettet når det er ferdig bora opp(utforma), slik at det ikkje støvar meir.
Tre er det dårlegaste, men mdf eller ein veldig kraftig kryssfiner er sikkert gode greier.
Armbrettet verkar iallfall ganske mykje inn på lyden. Kanskje like mykje som ymse kabelskift?