Medan eg framleis jobbar med fleire “tyngre” artiklar, vil eg halda utgjevingsfrekvensen oppe med å presentera nokre refleksjonar kring eit par stereo-oppkoplingar utanføre husets fire veggar, dvs. hjå ein kamerat. Og årets jolaøl har kome, fyrst på polet, og no etterkvart i butikkane! Me smakar på nokre av dei sterke variantane frå Vinmonopolet.
S-LYDEN
Me audiofile sit mykje heime og bit tenner over prestasjonane frå vårt eige stereoanlegg. Då er det herleg å koma til andre (normale) folk og høyra korleis det let der. Her ein kveld var eg invitert til fårikål-middag hjå ein kamerat som har eit oppegåande stereoanlegg, og det vart ete, skåla og lytta til god musikk. Han har alltid hatt god lyd. Han har ein god integrert forsterkar, diverse litt meir tilfeldige CD-spelarar, og eit par platespelarar og pickupar av god kvalitet. Takka vera ei venlegsinna og musikkinteressert kona får han lov til å ha høgtalarane godt ute frå bakvegg, sidan dette passar med rommet og møbleringa elles. Mykje som eg sjølv har det. Enkelt, men med gode komponent. Stova er relativt stor, slik at lyden breiar seg ut i alle dimensjonar, og er luftig med naturleg atmosfære, nesten som frå ein intimkonsert.
Men det er lyden på kontoret, eller skrivestova, eg vil kommentera. Dette er eit lite rom, og innreiinga vert deretter. Ein arbeidspult står kloss i veggen, og i hylla rett over står ein integrert Linn Classik forsterkar med innebygd CD-spelar, ei kompakt og plass-sparande løysing. Eit par Technics høgtalarar.....
Les heile dagbokartikkelen i Audiophile.no
Sist redigert: