Det kan godt hende du har rett, Voff, men det er merkeleg påfallande korleis platespelarmotorar verkar inn på lyden. Ein skulle vel eigentleg tru at så lenge plata snurrar rundt med rett fart, vil det vere grei lyd så lenge vibrasjonar ikkje forplantar seg til pickup på ein eller annan måte. Eg hadde ei ganske grundig utprøving med eigen spelar (VPI SSM med og utan rimdrive). Eg fekk sjansen til å gjere direkte samanlikningar med ein del variablar på denne, og kom fram til at det var ganske stor skilnad på platetallerken av akryl vs ein 8-kg sak i heilt anna materiale, (den tunge tallerkenen var tydeleg betre når det gjeld dynamikk, lydbilde og evna til å ha "svart bakgrunn"). Så skifta eg drivsystem. Snordrift var veldig bra, spesielt når det kom til motorstøy. Men då eg hadde fått spelt inn "mellomhjulet" rimdrive, vart dynamikken mykje tydelegare. Men det vart ei utfordring å få bort motorstøyen i like stor grad som med snordrift. Kvalitetane auka også ved bruk av platekrans, og platestrammar er heilt nødvendig.
Erfaringar eg har gjort tidlegare ved samanlikningar mellom VPI, Clearaudio og Nottingham AS (ikkje dei små motorane) viser at Clearaudio er dei mest nøytrale, og at dei har ingenting som eg oppfattar som eigenlyd. Motorane deira er også heilt fantastiske, du kan ikkje avgjere om dei er av eller på om du held dei i handa (men du merkar det om du slår av/på under ei slik løfteøving), og dei har nokre tangentialarmar som har fått alt for lite merksemd etter mi meining - fantastiske, om enn dyre. Nottingham sine spelarar leverast med ok armar, men drivverka er av aller høgste klasse. La gå med at tallerkenen må puffast i gong (det venjer ein seg fort til), men den kolsvarte bakgrunnen, også på dei relativt rimelege spelarane, er utruleg bra. Dei har ein slags fløyelsmjuk karakter som likevel i høgste grad får fram dynamiske nyansar og lydbilde. Så har vi VPI til slutt. På same måte som Clearaudio har også VPI starta levering av små motorar, og dei får fantastiske testar. Eg har ikkje fått gjere samanlikning med rimdrive og den store dobbelmotoren, men er veldig spent....