En barndomsvenn gikk på denne journalistlinja i Volda. Han var en solid plassert Høyremann da han dro men kom hjem som ganske langt ute på venstresiden. Han endte opp som lærer/professor på samme stedet. Jeg mistenker at lærerkreftene påvirker elvene sine politisk. Svært få vil vel legge seg ut med lærere som avgjør framtiden din med de karakterer de gir deg. I matematikk er det mye enklere, enten så er svaret feil eller så er det rett. Men i de humanistiske fagene????
Eg trur den effekten er begrensa, iallfall i våre dagar.
Akademisk kan nok ein del marxisme, og marxistisk inspirert teori vera veldig nyttig for å skapa forklaringar, utan at ei kvar semesteroppgåve skal konkludera med behovet for «revolusjon, no» (akademisk marxisme er heller ikkje så veldig «politisk»).
Men det er også noko 1970-tals ved å skulle dela alt veldig skarpt i høgre og venstre. For å halda oss til journalistikk-yrket, kor mykje av journalistikken og den journalistiske praksisen er eigentleg veldig det eine eller andre? I dekkinga av politikken (td. desse drivstoffavgiftene no, eller Giskes Ap-opprør for nokre år sidan) piskar journalistane opp stemningsbølgjer der det viktigaste er:
- Internt opprør
- Splitting av alliansar
- Stortingsfleirtal mot regjeringa
- Embetsverket tek feil
Ikkje for å nå eit politisk mål, eller fordi dei bryr seg døyten om utfallet, men fordi prosessen skapar spenning og lesarar.
Aviser som Klassekampen, DN, Finansavisen, Vårt Land og Nationen har ofte tydeleg agenda, men det gjeld meir kva saker dei dekkjer og kven dei snakkar med. Gjeve det, er den journalistiske vinklinga ganske klar, same kva ein meiner om saka. Dei har også interne/eksterne skribentar (ikkje-journalistar) som harmonerer med agendaen, men desse skriv jo tydeleg og klart frå eige perspektiv, og har lite med journalistikk å gjera.