Vedrørende drapssaken så forstår og akseptere jeg at hun var syk. Den biten er grei. Men det man nok burde av hensyn til allmenhetens rettsfølelse var å faktisk avsi en dom om FORTSATT tvunget paykisk helsevern. For "Ola Dunk" framstår det nå som om hun ikke fikk noen juridisk reaksjon. Og det er lite smart.
Eg er litt einig med desse innvendingane.
For det fyrste, retten og påtalemakta må slå fast eintydig at drap aldri er «greitt», og det gjorde aktoratet i straffepåstanden. Og drap er aldri greitt, den saka er grei.
Dinest, omstenda var, slik eg forstår dei, som sagt nitriste (eg har berre skumma framstillingane i media, det er rett og slett for ubehageleg):
Kvinna var åleine med omsorg for to vaksne familiemedlemer (bror og mor) som ikkje var i stand til å ta vare på seg sjølve, 24/7, heilt åleine. Familien budde i ei rønne, tydeleg ute av stand til å fungera så pass at dei kan betala straumrekninga. Viss vi samanliknar med td. foreldre i spedbarnsperiode, veit vi at den typen døgnkontinuerleg omsorg i seg sjølv kan utløysa nær psykoseliknande tilstandar: sjølv med god offentleg støtte og støttande familie rundt seg (det er ikkje det vanlege, men vi veit at det skjer).
Så tilstanden gjer det, ut frå ei utanfrå-vurdering, veldig truverdig at ho var i ein slags psykose. For meg var det også nitrist at det offentlege ikkje var i stand til å oppdaga, og gripa inn i denne situasjonen før.
Men: Noko av det som gjer ein mest utsett for drap i Noreg (med unnatak av å involvera seg i grossisthandel med narkotika, kanskje), er å vera kvinne og gå frå mannen sin. Eg er ikkje i tvil om at liknande psykose også, heilt truverdig, kan oppstå i slike situasjonar. Ein kan hevda at når menn vert psykotiske familiedrapsmenn i slike situasjonar, er det uttrykk for sjuke mannsroller, men det gjer ikkje den individuelle psykosen mindre truverdig. Det er, om ikkje anna, eit tankekors.
At dommen såg ut slik han gjorde, trur eg kjem av ein del tekniske finessar i straffelova (edit: jf.
@MML over)