Desse SME standard-shella er det vanskeleg å høyre skilnad på. Iallfall om du har ein ganske "normal" pickup i "fornuftig" prisklasse. Det er to faktorar du likevel bør vere klar over:
1. Vekt. Pickupar er ikkje standardiserte i kor stive dei er. Dette medfører at du må matche kor tunge dei skal vere, i samarbeid med armen. Dette kallast effektiv masse. Dersom du har ein pickup som skal ha lite effektiv masse (kanskje ein Shure?), kan du hjelpe på dette ved eit lett pickupshell, til dømes eit Zeepa karbonshell som veg svært lite. Motsett kan du bruke eit tungt pickupshell (til dømes eit Orsonic) dersom pickupen treng høg masse (til dømes ein Denon).
2. Signalleidningane. Alt som ligg i signalvegen mellom pickup og riaa av leidningar verkar sterkare inn på lyden enn kablar verkar inn andre stadar i stereoanlegget (bortsett frå brum, då). Normalt går det fint med standardleidningane i shellet, men av og til kan det løne seg å skifte desse (mi meining er at kvaliteten på kontaktene der er viktigare enn kopar-/sølvkvaliteten, men her er det divergerande meiningar).
Når det kjem til stabilitet, demping m.m., er det viktigare med armkvaliteten generelt enn akkurat shellet.
Lukke til!