Hortenmessa 2022 – inntrykk frå tre audiophile herrar

Horten-22 (4 of 66).jpg


Messerapporten kjem litt seint i år. Men den kjem godt, og har separate inntrykk frå Stig Arne, Arve og Karl Erik. Og så framføres rapporten på to minst to ulike målformer.

Del 1 - Stig Arne sitt ferdaminne
Som redaktøren gjorde merksam på alt 2 dagar FØR messa, stilte me i år med fullt lag, dvs. han, Arve og meg. Det er eigentleg ikkje fullt lag, men det er no uansett me gamle travarane som er dei hyppigaste besøkjande. Men lat meg fyrst fortelja litt om reisa og turen innom redaktør Karl Erik i furtebua hans i Fredrikstad, eit fint gamalt sørlandshus med stor stove og masse hifi.

Horten t/r - ferdaminne
Turen over fjellet til Oslo er lang, men går fort, berre 5 timar frå Voss med tog. Det brukar vera god stemning i restaurantvogna på kveldstid, men sidan dette var ein vanleg vekedag og dagtid, var det ingen grunn til å henga der, so medbrakt mat og drikke vart konsumert på tilvist plass. Det vert jo òg billegare.

Etter framkome i Oslo i 3-tida (torsdag) vart eg henta av Karl Erik med bil. Han baud på ein svipptur innom Sveariket for litt Harry-handel. Ypparleg, so kan eg skryte av å ha vore i utlandet i år òg. Det var ferien dette året. Resultatet innom Systembolaget kan du lesa om i Ølspalta seinare ei gong.

Hifi
Det synte seg at skribentkollega Håkon Rognlien (Audio og fidelity) budde på naborommet, so eg inviterte han inn på rommet for ein øl og ein prat. Me har kjent kvarandre lenge, og Håkon fortalde dei utrulegaste historier om gamle travarar i bransjen. Slapp av, det var ein utlending me snakka om. Og Karl Erik var ute.

Etter kvart måtte me koma oss i arbeid, dagen går fort. Eg går meg vill på sjølv dei enklaste hotell, og messehotellet er reine labyrinten. Under ein redaksjonell pause sa eg som sant var at det ikkje var så mange rom eg hadde rukke over, so eg ante ikkje korleis eg skulle gripe reportasjen an. Ein slags plan vart godteken, der eg lagar ein heilskapleg messerapport, medan dei andre rapporterer meir spesifikt frå dei ulike romma. Noko har eg å koma med, likevel, eg rakk eit par utstillarar sundag før lunsj, i siste liten, før me måtte snu nasen heimover.

Vestlyd
Messa stengde klokka 7 laurdagen, og etterpå hadde me ein invitasjon til HiFi Klubben for spesielt inviterte. Demoen starta med ein presentasjon av eit par høgtalarar eg aldri har sett maken til med unntak av Tannoy, ein 15” koaksial i eit kabinett forkledd som PA-høgtalar. Presentøren hadde heller lite info om denne nyskapinga, anna enn at han er utvikla hjå Argon-folka vest i Danmark, derav namnet Vestlyd. Intet bilete finst av sjølve elementet si bakside, som hadde fortalt mykje om magnetsystemet, og korleis det koaksialt plasserte mellomtone/diskantelementet er realisert. Men på Klubben sine nettsider finn me litt info, som at frontplata er 31mm tjukk, og vekta 34 kg. Ikkje ille. Delefrekvensen er låge 1100 Hz, og nedre grensefrekvens 36 Hz -6dB. Han kostar kring 20.000 kr, og ein litt mindre versjon med 12” bass 14.000. Denne høyrde me ikkje. Høgtalarane er tiltenkt eit yngre publikum, dei som elles hadde kjøpt Cerwin Vega og denslags. Om PA-utsjånaden er lokkemat eller om han verkeleg er tilpassa PA-bruk òg veit me ikkje, men etter demonstrasjonen å døma kan han med stort hell nyttast til enklare PA-bruk. Diskantelementet slår seg automatisk av ved overoppheting, og på att etter nedkjøling. Fornuftig, sidan du elles måtte ha kjøpt nytt heile elementet, ikkje berre diskanten, om han rauk.....

Les heile messerapporten frå Hortenmessa i Audiophile.no

Horten-22 (66 of 66).jpg
 

Kommentarer

Lancaster

Overivrig entusiast
Ble medlem
25.08.2013
Innlegg
851
Antall liker
2.105
Torget vurderinger
1
Rogers E20A/II har dere som nevnt omtalt tidligere, det hadde vært veldig spennende med en test av forsterkeren med et par LS3/5a fra Rogers eller tilsvarende.
 

Karl_Erik

Hi-Fi freak
Ble medlem
31.10.2002
Innlegg
2.189
Antall liker
1.060
Torget vurderinger
1
Rogers E20A/II har dere som nevnt omtalt tidligere, det hadde vært veldig spennende med en test av forsterkeren med et par LS3/5a fra Rogers eller tilsvarende.
Jeg er veldig enig i at en test av Rogers E20A/II sammen med Ls3/5A ville vært veldig interessant. Gjerne også sammen med de nye subwooferstativene fra Rogers. Og så får vi se hva fremtiden bringer, og hvilke muligheter som dukker opp.
 

Lancaster

Overivrig entusiast
Ble medlem
25.08.2013
Innlegg
851
Antall liker
2.105
Torget vurderinger
1
Høres bra ut, da krysses fingrene for at det lar seg ordne med en test fra dere. Det ligger noen få tester på nettet, dog blir det noe annet om du/dere gjør det med den faste spillelisten du har, da blir det et langt bedre og mer interessant resultat å se opp mot andre forsterkere og høyttalere dere har testet.
 

Odd J

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.07.2007
Innlegg
3.785
Antall liker
2.768
Torget vurderinger
1
Støtter ønsket fra Lancaster her om en test av Rogers-utstyret! Det ligger en bra test av forsterkeren på Lydogbilde som krysser av på mange av mine ønsker for en god rørforsterker. Litt uklart hvorvidt den er spesialdesigna for høyttalere med særlig høy impedanse (som Rogers‘ egne) eller er like egna til andre merker og gjerne mer lettdrevne saker (eks Tannoy ).
 

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
980
Link til alle artikler
407
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

  • 1
I dag har Bowers & Wilkins lansert 3 Signature-modeller i 700 S3-serien. Det dreier seg om de to toppmodellene i henholdsvis stativ og gulvstående utførelse. Og i tillegg har de for første gang i...
Fortsett
Audiophile.no
Vossajazz 2024 laurdag og sundag

Vossajazz 2024 laurdag og sundag

  • 0
Eg gjer Hanna Paulsberg sine ord etter Tingingsverket laurdag til mine: “Do you Want my job? Do you want the hassle? Nei, det vil du neppe, men no er jobben gjort: Resten av Vossajazz 2024...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

  • 9
Bowers & Wilkins lanserte 600 S3 i fjor sommer, en serie som består av tre stereomodeller og en senterhøyttaler. Vi har hatt den største stativmodellen på en svært grundig test, og tar samtidig et...
Fortsett
Audiophile.no
Oslo HiFi Show 2024 - Messerapport

Oslo HiFi Show 2024 - Messerapport

  • 2
Forrige helg var det to interessante HiFi-arrangement i hovedstadsområdet. Vi snakker om Oslo HiFi Show 2024 i Asker, og VårPuls 2024 hos Oslo Hifi Center i Oslo sentrum. Audiophile.no avla Oslo...
Fortsett
Audiophile.no
Vossajazz - i lys loge!

Vossajazz - i lys loge!

  • 0
Ja folkens det er Vossajazz att, eg har alt skrive ei lita påminning i februar-dagboka. Opningskonserten er kl. 6 i Vossasalen på Park Hotel med Øyunn, dvs Siv Øyunn Kjenstad, om få timar når eg...
Fortsett
Audiophile.no
Problem og tonekontrollar – Stig Arne si dagbok for februar 2024

Problem og tonekontrollar – Stig Arne si dagbok for februar 2024

  • 2
Denne gongen om mekaniske svakheiter, oppklaring av mistydingar, og Vossajazz. Og 5 øl frå KINN. Audioquest Red og Cobalt DAC problem Eg har lodda Red ei gong, og no slutta han atter å fungera...
Fortsett
Topp Bunn