Folkemusikkfestivalen Osafestivalen 2026 på Voss, 22. - 25. oktober - Alt mellom jazz og joik

OSA26-1.jpg


Festivalen tjuvstarta alt torsdag, kl. 6 fekk eg pressekortet mitt og armband på kontoret på Ole Bull Akademiet, og halv 7 var eg i køen på den nystarta siderbaren i Storstova, som er open festivalen ut. Alltid noko knytt frå Osa! Sideren var frå Jaastad i Hardanger, same staden der ein felespelar for kring 300 år sidan sat og såg utetter fjorden, og lurte på kva som ville henda om han monterte understrengjer på fiolinen sin. Der og då vart hardingfela skapt, og resten er historie (teaterstykkjet Felemakaren, seint sundag kveld).

Men lat oss gå rett på sak. Fleire detaljer om denne årlege folkemusikkfestivalen finn du i reportasjen frå i fjor, forfjor osb, og på nettet elles.
Fredagen dagtid haka eg av Arvvas kl. 15.30 i Osasalen, og Rigla kl 17.00, i Ungdomshallen midt i sentrum.

Arvvas
Arvvas er Sara Marielle Gaup med vokal og joik, og Steinar Raknes vokal og bass. I ei "parallell fortid" turnerte Steinar med joikaren Inga Jusso, men ho er diverre ikkje mellom oss lenger, og me vart fortald at Steinar og Sara spelte i gravferda hennar. Inga og Steinar spelte på Voss og, eg var til stades. Eg ville difor ikkje for nokon pris gå glipp av konserten i år, for denne kombinasjonen av joik og Steinar sitt kreative bass-spel ville eg oppleva på ny. Få kan som Steinar spela ein melodi på bassgitaren, uansett sjanger. Det vert som eit eige instrument, og det er det jo, men like mykje eit soloinstrument som ein bassgitar som berre held rytmen. Og når Steinar i tillegg syng, noko bassistar sjeldan gjer, er det to instrument. Om du forstår. Med oppfinnsamt spel og “showmanship” heile vegen skiftande frå joik til americana og attende, vart dette aldri keisamt. Meisterleg. Arvvas gav ut albumet Das Dal i 2022, sjekk det ut.

Les heile festivalrapporten i Audiophile.no
OSA26-18.jpg
 
Sist redigert:

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
2.129
Link til alle artikler
636
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
STIG SINE PLATER: Signe Førre - Fagert

STIG SINE PLATER: Signe Førre - Fagert

  • 1
Bassisten Signe Førre har gjeve ut si fyrste plate under eige namn. Folkemusikk, jazz og “speedbalkan” er smelta saman til eit heilskapleg og spanande produkt, som du kan hende har lyst til å låna...
Fortsett
Audiophile.no
Skatter fra Bluesens Pauluner. Stevie Ray Vaughan - Texas Flood

Skatter fra Bluesens Pauluner. Stevie Ray Vaughan - Texas Flood

  • 10
Stevie Ray, ja. For en mann, for en musiker! Dette er mannen som forlot et hurtigtog på skinner for å skape sin egen magi, i og med at han forlot David Bowie rett før en verdensturné, og la oss...
Fortsett
Audiophile.no
HiFi Messen i Horten 2026 – Del 4: Karl Erik sine inntrykk

HiFi Messen i Horten 2026 – Del 4: Karl Erik sine inntrykk

  • 0
Hortenmessa var ganske tydelig amputert i år, og byggeaktivitet på messehotellet må ta hovedansvaret. Men du verden så hyggelig det fremdeles er på denne tradisjonsrike HiFi messen, hvor gamle...
Fortsett
Audiophile.no
Hifimessen i Horten 2026 – Del 3: Stig Arne sine inntrykk

Hifimessen i Horten 2026 – Del 3: Stig Arne sine inntrykk

  • 1
Ei omfattande ombygging av messehotellet reduserte talet på utstillarane, men ikkje på gjensynsgleda, fint utstyr og god lyd. Alt i fjor vart me gjort merksam på at messehotellet skulle vølast...
Fortsett
Audiophile.no
PLATESMAKING – Vinyl spesial We Float går nye veier.

PLATESMAKING – Vinyl spesial We Float går nye veier.

  • 0
We Float er et norsk-svensk band jeg har fulgt spesielt med på. Fredag 16. oktober kom deres fjerde utgivelse, og jeg har smakt på vinylutgaven. Bakgrunnen for min oppmerksomhet mot We Float er...
Fortsett
Audiophile.no
Rega Replay – Nye veier fra sydspissen av England

Rega Replay – Nye veier fra sydspissen av England

  • 0
Rega har lansert en helt ny kreasjon blant sine platespillere. I motsetning til tidligere skjelettmodeller fra denne produsenten i Essex, befinner denne modellen seg nederst på Rega sin rangstige...
Fortsett
Topp Bunn