Ein test mellom to forsterkarar enda opp med med ein test -med eller utan bananpluggar-. Det var slett ikkje planen. Ganske smalt, for ikkje å seia skikkeleg nerdete. Men bli med på reisa.
CROFT OTL SERIES 3 R
Fyrst ei innleiing om kva som gjekk gale denne kvelden. CROFT er eit obskurt engelsk merke, som i all hovudsak sysla med røyrforsterkarar, og av desse har eg ikkje heile oversynet, men han vil koma, for ein test er påemna. Eg veit ikkje om dei er aktive lenger, men apparata er framleis med oss. So no kan eg endeleg peika nase til dei som trur at eg utelukkande spelar på gamal drit. Dette er seriøs hifi.
Kjøpt brukt
Stig Inge kjøpte denne rørforsterkaren brukt saman med eit sett av dei gamle “fullrange” Martin Logan elektrostathøgtalarane, og selgjaren budde rett i nærleiken av meg. Han kontakte meg, og eg kontakta Stig Inge. Selgjaren var audiofil og må ha visst kva han gjorde i si tid. For denne forsterkaren er -seier soga- skreddarsydd for å driva elektrostatar, som t.d. Quad ESL 57 - den gamle breide og låge, som ser ut som ein varmeomn. Forsterkaren er av typen “Output Transformer Less”, dvs utan dei lydforringande utgangstransformatorane. Det er ein sjeldan rase. For å få utgangsimpedansen ned, er i staden mange røyr kopla i parallell. Grunnen til salet var flytting, og som om ikkje det var nok, ei god veninne av meg kjøpte huset etter han, og ho måtte jo ha stereoanlegg. So eg selde og kopla opp eit anlegg til ho, med både CD-spelar og platespelar, som ho nyttar den dag i dag. Endå ein artig tilfeldigheit: Trykk open på CD-spelaren, og skuffa kjem ut i ein rasande fart og går like snøgt inn att. Du lyt halda skuffen ute med handmakt, leggja i plata, so går skuffen inn att. Slik har han vore sidan ho fekk han, og han virka endå. Dette plagar ikkje Linda det minste, for denne dama har orden på skuffene sine....
Les heile septemberdagboka i Audiophile.no
Sist redigert:


