Kva som står i garasjane eller kva folk køyrer no og då, er ikkje så viktig for totalbiletet.
Når eg ser trafikken rundt meg, eller på p-plassar, er det ikkje tvil om at bilar som er 15 år eller yngre dominerer tungt. Bilar eldre enn 25 år ser eg knapt. Modellar eg hugsar som folkebilar for 10-15 år sidan (altså, gjerne ca tjue år gamle, døme: Avensis, Outlander, Passat, Octavia) er så å seia usynlege.
Det betyr ikkje at dei ikkje finst, men at dersom vi diskuterer bil og trafikk som massefenomen, trur eg anslaga til
@Fenalaar og
@Ole_Martin peikar i rett retning.