Det har skjedd ein del endringar sidan eg skreiv om DAC-ar og Spotify mot Apple music. Det er tid for oppsummering, revurdering og ei orsaking eller to.
Audioquest Dragonfly Red og Cobalt
Eg har skrive om desse før, og vonar at dette vert siste venda. Sist eg skreiv om dei, gjorde eg eit stort nummer av å hevda at Red let bere enn den nyare og dyrare Cobalt, og at Audioquest måtte vera hjernedaude som lanserte ein ny som var dyrare og dårlegare. Det var å ta litt hardt i. Eg er ikkje heilt sikker på korleis eg kom fram til denne konklusjonen og kvifor eg konkluderte so bastant, men eg veit at eg eksperimenterte med absolutt fase på høgtalarane på den tida, og hadde heller ikkje so balanserte høgtalarar som eg har no. Feil absolutt fase kan gjera mykje med stereoperspektivet og det totale lydbiletet, og det kan påverka konklusjonane.
I alle fall, sist eg sjekka, og rimeleg sikker på at alt var rett kopla, kom eg til motsett konklusjon. Det er ein smule pinleg, men rett skal vera rett, og eg kjenner at eg skuldar lesarane (og HiFi Klubben?) ei orsaking. Prisane på Red og Cobalt har variert. Kjøp den billegaste, eller den dyraste, eller den som passar, eller prøv begge, og gjer deg opp di eiga meining. Stol på deg sjølv. Eg er tydelegvis ikkje meir til å lita på enn andre dødelege. Les meir om DAC-ar under.
Gustard R 26
Stig Inge og dei audiofile venene hans i Japan og elles i verda finkjemmer marknaden for nye og spanande produkt, og eitt av desse, som dei kom over, var ein kinesisk-produsert DAC kalla Gustard R 26...
Les heile dagboka i Audiophile.no