Først gav dei tilleggspoeng til realfag for å bøta på problemet, med det var urettferdig, difor kom ei liste med andre kombinasjonar som gav like mykje tilleggspoeng. Dimed tapar realistane poeng. Rinse and repeat.Dette er ikkje heilt bra.
![]()
Realfag gir dårligere uttelling på vitnemålet: – Vi må snu alle steiner
Å velge realfag på videregående kan koste elever så mye som 3,7 karakterpoeng på det endelige vitnemålet, viser en ny rapport. Nå varsler regjeringen tiltak for å øke rekrutteringen.www.forskning.no
Men eg lurer litt på designen av simuleringa. Dei som vel realfag i dag (R-matte, fysikk, kjemi) er typisk slike som greier den typen fag, eller trur dei greier det. For dei som får til faga, vågar eg å påstå at det ikkje nødvendigvis er vanskelegare å få karakteren fem eller seks enn det er å få fem eller seks i eit meir tekst-tungt studieretningsfag.Forskerne har laget en simulering av hvordan gjennomsnittskarakterene i de ulike fagene ville sett ut dersom alle elever måtte gjennom alle fag.
Altså: Min påstand er at det er lettare å få både gode og dårlege karakterar i realfag
Alle mine erfaringar er litt utdaterte (i større og mindre grad; og det same kan seiast om meg), men då eg byrja å studera realfag i 1996 var inntrykket at dersom du fekk til faga, ville karakterane liggja i området 1.0–1.2, men var det signifikante ting du ikkje forstod, hamna du fort nede på 3-talet. På humaniora (der eg flytte meg etter kvart) var 1.8 reservert verkeleg gode svar, 2.0–2.4 heilt akseptabelt bra, 2.5–2.9 middels og 3.0-4.0 skikkeleg dårleg.
Og, medan eg er samd med Aasland i at det er fint at elevar tek realfag, så veit eg ikkje om det er så attraktivt at elevar tek realfag utan føresetnader eller interesse for å få det til.
Kva med å la karakterskala gå frå 1–6 i normale fag, men frå 1–8 i realfag?
Sist redigert:



