Rega-spelarane er avhengige (som alle andre spelarar) av å ha ein pickup som er a) god nok, og b) passeleg til armen. Veldig gode pickupar treng betre armar, og desse veldig gode pickupane treng også ein riaa som spelar skikkeleg. Drivverket har som grunnleggjande oppgåve å gjere minst råd ut av seg. Så er det ting som automatikk, isolasjonsevne, presis motordrift og isolasjon frå omverda som spelar inn.
Rega (dei rimelege utgåvene) er ok til prisen, men heilage er dei ikkje.... men du kan få svært god lyd ut av (relativt) små pengar om du har ein Dynavectorpickp og ein nokolunde grei MM-riaa. Kjem du opp på dei litt meir ambisøse Rega-spelarane, snakkar vi. Men då kostar gildet såpass at alternativa dukkar opp.
Ein P1 med AT95 er grei nok, men dei færraste her inne er så lite snobbete, vil eg tru..