Audiophile-stova

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.741
    Antall liker
    8.038
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Jaja, må vel skrive litt her igjen. Ei skam å ha eigen tråd utan å skrive. Men det er så lite nytt.....

    Har ikkje flytta på noko. Ikkje testa noko nytt. Skrur litt på riaaforsterkaren innimellom, men ettersom kvardagsspelinga skjer via Spotify, er dette ikkje det heilt store. Har prøvd å justere ASR-forsterkaren med tanke på inngangssignal og lyssetting, men det har ingenting å seie for lyden, så det er eg slutta med.

    Eg har god lyd. Veldig god, faktisk. Sjølv om eg anar forbetringspotensiale her & der. Ein endå betre pickup kunne gjort seg, t.d. ein Audionote, når eg likevel har riaa til denslags. Men det kolliderer med andre investeringar til båt og hus. Det same gjer ynskjet om ein endå meir rølpete forsterkarrigg, som eg er litt ambivalent til sidan ASRen er så steikandes god, og faktisk greier gjere ein flott jobb med MBL-ae.
    Kunne tenkt meg ein ny projektor (den gamle sleit ut pæra, og er for dårleg til at eg gidd kjøpe ei pære til. Men det vil føre til mindre musikk og meir film, og det har eg ikkje behov for.
    Og så har eg kjøpt båt. Men veret stimulerer heller til innesitjing framfor anlegget. Det er mykje morosamt på Spotify også. Verda er så stor, så stor. Og det er vinylplater eg ikkje har spelt skikkeleg gjennom. Fann ein Philipsboks med Tcaikovsky på. Denne hadde eg fått billeg, men platene eg ville høyre knitra. I dag har eg blada djupare i boksen, og funne eit par platesider som ikkje er så knitrete. Ganske bra, faktisk.
    Nye kablar, kanskje? :cool:
     
    BangBang

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    25.03.2005
    Innlegg
    7.301
    Antall liker
    4.910
    Sted
    Okka by
    Torget vurderinger
    7
    Lurer på å ta med nokre knitrande vinylplater til Horten, dersom det vert demonstrert platereins med ultralyd der. Platene er ganske ille, så eg veit ikkje om dei kan bergast.
    Nokon som veit om det vert demonstrert ultralydmaskiner?
    Det pleier vel være noe demo av dette. Jeg handlet en billig versjon fra Polen. Den var så bra at selv plater som jeg ikke har kunnet spille siden jeg snurret skiver på lokalradio og på diskotek på 80 tallet. Etter to omganger i den nye maskinen er tilnærmet støyfrie.

    Men knitring kan jo også være andre ting enn skitt. Så helt garantert er det jo ikke.
    Den manuelle Nitty Gritty gikk ihvertfall rett på børsen, og jeg ser meg ikke tilbake.
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.741
    Antall liker
    8.038
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Det vart ikkje til at eg tok med meg plater til Horten. Og det har vore svært lite vinylspeling sidan då - berre tre skikkelege økter på seks veker. CD-spelaren har gått kvar helg, men elles har det vore Spotify (fy og fy, ville eg vel sagt for eit eller to år sidan). Ikkje har eg gått på fjellet heller. Eg unnskylder meg med jobb og husbygging, men det er sjølvsagt prioriteringane som er ugunstige.

    Har eg det for travelt? Er det eg som er i ferd med å bli eldre? Eller er det den audiophile livsstilen som forvitrar?

    Medan eg lurer på dette, gjer eg eit forsøk på å ta meg skikkeleg saman. Tidleg oppe i dag, slo på anlegget, og sette ein rundstykkedeig, sjølv om ungar og barnebarn ikkje er heime. Småhøyrde litt ny musikk på Spotify (veldig greitt orienteringsverktøy, sjølv om vinyl - og CD - er meir stas, eigentleg) medan eg venta på at deigen var ferdig heva. Og no, når rundstykka er utknadde, fann eg fram ein Tcaikovsky-boks med symfoniar og orkestersuiter. Dorati er dirigent på New Philharmonia O. På Philips - eit plateselskap eg eigentleg ikkje er så veldig glad i. Normalt manglar dei klassiske platene derifrå den inderlege, lett romantiske klangen eg likar aller best. Og så var det ein del knitring då eg spelte fyrste gongen, såpass at eg ikkje har gidda manne meg opp til å høyre resten. Men det gjer eg altså no. Og det var faktisk slett ikkje så ille. Tcaikovsky ser ut til å vere akkurat det som passa no.

    Lyden er meir enn god, om enn kanskje ikkje heilt fantastisk. Anlegget får ein omfattande del av æra for dette, men det hadde ikkje vore så bra om Philips hadde gjort ein dårleg jobb med opptaket. Så eg skjønar ikkje at eg ikkje har spelt dette før. Det vert ikkje spelt heile symfoniar, berre smakebitar frå platene. Fann eit par som eg ikkje kunne merke var brukte. Og ser at tidlegare eigar har skrive namnet sitt inne i heftet som fylgjer med. Googlar namnet - ser ut til å vere frå eit dødsbo, dette her. Jaja.
    Stiften susar vidare innover rillene, og det avslørast svært god dynamikk. Men ikkje så god som på dei gamle superopptaka eg har. Trur eg. Så eg bestemmer meg for å spele "nøtteknekkaren" med Asermet på Decca SXL. Nypressing, men svært flott. Skulle sjølvsagt prøvd ei fyrsteutgåve, men det er så mykje styr med sånt. Platesamlinga er eigentleg for stor ti å investere i dublettar - om det då ikkje er noko heilt spesielt.

    Men Philipsutgåva skal få spelast ut heile platesida. Her er ikkje korkje sus eller knitring, og anlegget byr verkeleg opp. Byr på Tcaikovski, men byr også på seg sjølv. Eg vert igjen begeistra for at eg har enda opp med akkurat det utstyret eg har, og AT33SA er ein pickup som eg trivest med. Skulle kanskje hekta på Denon 103 igjen, men då mister eg det gjennomsiktige og detaljerte lydbildet. Og for mykje feitt skal vere usunt. Men eg kjenner ikkje att musikken skikkeleg. Det er sjølvsagt Tcaikovsky med ein symfoni, men kva for ein? Må sjekke - det var den 6. og så vart det til at eg skifta plate, til 200-grams Deccautgåva av Nøtteknekkaren. Åja, her var meir nyansert dynamikk. Og Decca-klangen kler musikken innmari godt. Kanskje det hadde vore litt for mykje Møllers tran om eg hadde brukt Denon 103? Det var nok fornuftig å kjøpe ASR-forsterkar, for no er oppsettet ganske nær optimum etter min smak. Talde sterkt på knappane om å kjøpe rørforsterkar på nokre hundre watt pr kanal, men dette er ei meir allsidig og brukarvenleg løysing. Trur eg, då.
    Igjen kjenner eg gleden av å høyre detaljane i opptaket. Dynamikk av både mikro- og makroslag. Og lydbildet, som strekkjer seg ut akkurat slik det bør gjere.

    Fy søren, for ei musikkattgjeving. Nøtteknekkaren har eg fire utgåver av, og ein skulle tru ein hadde gått lei av dette. Ungane har dette til julemusikk, så det har vorte spelt hundre gongar, kan eg tenkje meg. Og det gjer ikkje noko.

    Vert vel ikkje Spotify på ei stund no, kanskje.....
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.741
    Antall liker
    8.038
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Det finnest framleis hyggjelege folk. Ein kollega av kona mi hadde lagt ut på nettet "fyrstemann til mølla, kom og hent to kasser med CD-ar". Vi slo til fyrst, og fekk faktisk nesten 150 cd-ar levert på døra. Og ikkje berre det, dama hadde god smak også! Det negative med slik smak er at det vart eit dusin med dublettar. Men resten var alt frå "interessant" til "flott". Så no har det vore ei veke med CD-lytting. Mykje eg ikkje har vore klar over:

    - Dennis Locorriere, vokalist i Dr Hook, har eit greitt soloalbum. Ikkje så morosamt som Doktormusikken, men høyrbart. God lyd, bortsett frå teit trommer, likt anna frå den tida.

    - 4 Non Blondes har sørgjeleg fråver av bass. Og den karakteristiske vokalen vert travel når bassfråveret får gnage seg inn nokre låtar. Men ikkje så verst.

    - Police og Genesis let mykje betre på vinyl (naturlegvis). CDane skal forvisast til bilen.

    - Billy Joel har alt for lågt innspelingsnivå på "Piano Man" CD-en. No skjønar eg kvifor eg venta med CD-spelar til 1995. Elles kan eg stadfeste at studioproduksjonane Joel lagar er betre enn når han spelar live. Det raude, italienske albumet hans er nok ein kurositet.

    - Sjølv om eg har alt av Prudence og Åge Aleksandersen, er det greitt med eit samlealbum "Sanger". Eg har stor sans for trønderrocken spesielt, og Åge spesielt (han sytte for at bandet mitt fekk platekontrakt attende på 80-talet, og det gløymer eg ikkje).

    - God lyd på "The Healer" Med John Lee Hooker. Gubben hadde godfot langt oppi åra, og dette albumet kom lenge etter at han synte seg fram i den fyrste bluesbrothersfilmen. Hadde tenkt å kjøpe denne, men kom aldri så langt. Og no var han gratis.... ikkje nyskapande, men i høgste grad stadfestande musikk. Gubben forlot oss rundt år 2000, meiner eg å hugse.

    - Anastasia-cdar hadde eg ikkje frå før, sjølv om det er ein artist eg har stor sans for. Tøff stemme og lokkande låtar. Fin lyd, særleg når ein skrur opp litt. Skummel dame som ein burde passe seg for om ein er ute mørke netter.

    - Madonna tykte eg var lite musikk, men mykje hopp og sprett. Og Prima Donna. Men det er greitt med ei dobbel samleplate. "Like a Prayer" har svært flott discolyd, og låten er godt bygd opp. Ein del merkelege smådetaljar og eit litt rotete kor, men feit synthbass ligg som fleskefeitt på lutafisken og sikrar at godlunet er på plass. Dette går an å høyre på.

    - Chris Rea hadde eg på samleCD, men måtte sjekke, og fann at "The Road to Hell" har betre dynamikk. Tekst og melodi er ikkje utdatert heller. Og den flotte vokalen.

    - Billi Idol har eg berre lytta til når han hadde eit hit på radioen. Enkel musikk, morosam nok, men ein går litt lei av låtane som ikkje vart hit. White Wedding, Rebel Yell og cover Doors: LA Woman derimot, får meg til å presse volumet heilt til smertegrensa til ASR Emitter 2. Heldigvis har han sikringskrinsar, men eg vakta meg vel for å trigge dei på ein laurdagsmorgon. Nokre liveversjonar på slutten av CDen syner også ei heilt anna sceneinnleving enn stakkars Billy Joel. Ein coverversjon av Simple Minds "Don't you forget about me" er sluttlåt. Bra greier, kjem nok til å spele denne litt når øyrevoksen skal trimmast.

    Chris Norman var litt for likt mykje anna. Frankie Miller copycat?

    Doors "The best of". Må eg ha i bilen. Treng ikkje alt av Doors (eg er for ung for denslags), men dette er bilkøyremusikk de luxe. Identisk album på vinyl, men det må eg ha heime.

    Queen. Minstejenta sin favorittmusikk. Har trippelalbumet på CD, men no har eg også fått "The Best Of". Vil nok vere eit positivt innslag når bilen lånast.

    Tori Amos: "Under the Pink". Veldig spennande og for meg totalt ukjend dame. Flott stemme, og intrikat, uventa pianorock frå 1994. Dette kan eg anbefale.

    Elles registrerer eg at CD let vesentleg daffare enn vinyl. Betre enn Streaming når det gjeld detaljar, dynamikk og bass, men det burde då vere meir å hente? Skulle kanskje testa CD-spelarar framover litt. Men kven vil vel ha testa ein CD-spelar i 2018? Får kanskje kike på nokre dakkar, om sjansen skulle by seg.
    Det har gått lang tid sidan eg sist prøvde ut utstyr, då det har vore så mykje anna å styre med dei siste to åra. Men eg burde kanskje ta meg saman?

    Audiophile-stoda:

    Audiophile.no haldast i gong av flinke, gratisarbeidande bidragsytarar: Rudi er oppteken med private gjeremål for tida, men hans grundige omtaler frå utprøving av spesielt vinylprodukt kan lesast fleire gonger. Det er flott å ha Rudi på laget, for eg tvilar nokon norsktalande audiofil har høyrt fleire vinylriggar i eige anlegg. Og grundigare utprøvingar kan ein ikkje tenkje seg.

    Stig leverer sine synseri om øl og gammalt hifi-ræl, og er såleis ei motvekt mot dagens bruk-og kast-mentalitet.

    Trufaste Karl Erik har etablert seg i Tigerstaden, og treng nok fokus på ny jobb og forståing av Oslo-dialekt og - kultur. Men han røktar det tekniske rundt heimesidene våre på ein utmerka måte.

    Ole-Petter skriv innimellom, men no har eg ikkje sett noko sidan juli månad, då han skreiv om sine Beyer høyrelurar. Ikkje så enkelt når ein er i utlandet.
    Miriam hadde ein spennande artikkel om persepsjon som hifi-folk burde sjå nærare på. Ho har ein innfallsvinkel på lyttinga og musikken som ingen annan. Veldig tankevekkjande.
    Og Morten har levert omtale av ein italiensk pickup, som siste produktutprøving. Morten skriv veldig godt, og gjer grundige utprøvingar, så vi håpar at han har kapasitet til å vere med på skrivinga.

    Dette er flinke, dedikerte folk som jobbar gratis. Sjølv om produksjonen av nytt stoff ikkje er allverda, prøver vi så godt vi har kapasitet til. Og vi er definitivt ikkje påverka av annonsørar og denslags - vi manglar kapasitet til å styre ei reklameavdeling, og gjer berre det vi likar; Skriv om hobbyen vår.
     
    Karl_Erik

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    31.10.2002
    Innlegg
    2.226
    Antall liker
    1.098
    Torget vurderinger
    1

    Og så må vi ikke glemme vår nyeste skribent Per Olav, som allerede har levert tre gode plateanmeldelser.
     
    M

    MusicBear

    Gjest
    RESPEKT! Over hva dere driver med og står for - år etter år - uten andre motiver enn 110 % ekte engasjement og interesse. RESPEKT!

    Om jeg ønsker meg noe av dere?
    Jo takk, siden dere spør, når jeg tenker meg om mer fokus på streamere - streamere fordi dette er en stor del av fremtiden i et musikkanlegg.

    Selv gikk jeg direkte fra 4-spors kasetter til CD. Med andre ikke en gang innom LP, og derfor jeg har falt utenom alt dere har gjort omkring platespillere, tonearmer og stifter, justeringsgreier for armer & stifter og renisng av pater & stifter og underlag for platespillere mye mer og alt annet dere har gjort innen disse sorte LP skivene. Hvor knapt noen rekker dere til nedsiden av knærne...

    Well, nå skal jo streamere låte aldeles likt, da. Fordi det er ett-tall & nuller & sånt dermed kun DAC'en som skal gi kunne medføre forskjeller.
    Men, ER det imidlertid sånn? Tror jeg mange lurer på. Og tenker dere som hører forskjell på stifter & sånt sikkert også gjør det med streamere.
     
    grammofon

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    06.02.2011
    Innlegg
    5.646
    Antall liker
    2.853
    Sted
    Bærum
    Dette har du bedre greie på enn meg, Arve. Men min erfaring er i alle fall at Mala, Audio Aktøren og Lyric er greie med utlån, samtidig som de har sinnssykt mye bra.
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.741
    Antall liker
    8.038
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Då har anlegget jobba frå seg for i dag. Skal berre høyre popquiz, så er det julestria som tek over. Eigentleg gjekk eg lei av å høyre gjennom ukjent musikk på CD, så i dag fekk Joan Armatrading og Pogo Pops snurre rundt på platespelaren.
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.741
    Antall liker
    8.038
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    I dag spelast Supertramp "In the Quitest Moments". Ei av mine favorittplater, saman med tre andre av Supertramp-lista. I tillegg til fantastisk musikk, er her også fantastisk lyd, så eg har lenge brukt plata i testsamanheng, for å høyre skilnadar på spesielt elektronikk, men også signalkjelder og høgtalarar.
    Både "Crisis", "Crime" og "Breakfast" har nesten identisk lydproduksjon, og er langt på veg like gode. Men av ein eller annan grunn er "Quitest" den som oftast vert spelt. Det kjem kanskje av at denne er japansk pressa, og har ei veldig god overflate, mykje betre enn fyrsteutgåva eg hadde.
    Det musikalske er nok kjent for dei fleste som les dette. Sikkert også dei lydlege kvalitetane. Men eg fekk lyst til å dele det eg gledar meg over med dette albumet:
    - Plata startar med "Give a little bit", med karakteristisk akustisk gitarlyd, og endå meir karakeristisk stemme. Etter fram kjem slagverk og bass inn, tydeleg plassert i lydbildet, med god skilnad mellom basstromma og bassgitaren, om anlegget ditt er godt nok.
    Saksofonen, det kanskje viktigaste varemerket til Supertramp, kjem også inn, og etter dette korstemme. Snart smyg heile lydbildet inn på deg, realistisk stort, og veldig tredimensjonalt.

    Piano og klokkespel markerar innleiinga på "Lover Boy", før vokalen startar opp, og fram mot den forløysande markeringa av bass og slagverk, med følge strykarar, spennande akkordar og koringar. Endringar i lydstyrke og små detaljar gjer at lyttaren høyrer nøye etter. Her er slagverket mindre realistisk plassert, allfall slik det presenterast i mitt anlegg, men alle detaljane får definert plasseringa ganske tydeleg, og dynamiske variasjonar er svært lette å få med seg, og oppattakinga av refereng, pianissimoar avbrotne av markerte fortissimo, og den ekstra omgangen etter at alle trur at no er låten slutt. Kanskje litt masete, men med rette pickup let dette berre lekkert. Og skrur ein opp lydstyrket vert dette lyduniverset heilt ekstremt. Litt trist at låten berre feidast ut, men slik bestemte dei no seg.
    Tredje låt er tittelen, som startar med fuglekvitter, ein lang mellomtonevokalaktig sak, og den aktustiske gitaren som kryp inn på deg. Litt etter kjem ein klarinett, som doblar seg og gjer rom for vokalen, i eit stigande cresendo fram til dette. Melankolsk som det meste av Supertramp sitt beste materiale. Når bass og slagverk diskre meldar seg, har låten endeleg kome i gong. Men det er langt igjen til slutten. Og det er god tid til å undre seg over meininga med den lett surrealistiske teksten. Styrken aukar statdig utover siste verset, og det byggjer seg fram til der vi ventar på ein variasjon, eit omslag. Og så kjem det: "And even when the song is over...." og låten tonast ned som ein solnedgang, med ein merkeleg sluttakkord.
    Etter dette treng ein noko anna - og her går det endå lenger nedover i melankoli: "Downstream" med flygel og vokal, ei eigentleg koseleg tekst, men framført så blått ein kan få det. "So down here at the ocean we will stay" Merkeleg miking av flygelet. Både nærmikrofon og litt på avstand - er det to flygel, tru, eller to ulike opptak?
    Så sluttast låten av. Litt klunking på pianoet, og så er det på tide å snu plata.
    Melankolien tonast litt ned, om enn ikkje heilt - vokalen kan ikkje anna enn å vere lamento, tenkjer eg. Men låten "Babaji" har ein rytmikk som markerast av slagverk, bass og flygel og fører naturleg inn til eit cresendo som byggjer lag på lag, med understøtte av vokalist og tekst heilt til han har sagt sitt, og etter nokre vende med flygelet kjem endeleg saksofonen, anten dobla eller med romklang. Vokalen sleng seg på, med koringar, og det heile utviklar seg til noko ganske innfløkt som eg har høyrt mange anlegg gå i kne av. Det er veldig moro å spele dette høgt, men det får rommet til å spele med om du skrur opp.
    Så kjem ein av dei rolegaste oppstartane på plata: "From now on". Piano, før vokal, bass og litt slagverk trår til. No skjer det veldig mykje i lydbildet. Mykje raffinert, stadig like lamento, like klagande som så mykje anna på albumet. Gitarar lurer rundt med små anslag, pianoet, bassen og slagverket gjer mykje, Saksofonen kjem inn, eit trekkspel held seg forsiktig inne i gjengen, og etter nokre repetisjonar av frasane, kjem eit nytt tema: "Guess I always have to be living in a fantasy". Saksofonen understøttar vokalen, og hamrar inn mantraet, med variasjon. Det korast og byggjast mot slutten. Og brått er det slutt, neste låt startar - dette var berre vorspielet, for no kjem "Fools Overture", som eg tykkjer er den beste plata på albumet. Pianoet startar, og nokre forsiktige strykarar legg seg attåt med piccicato, og ein synt-fløyteklang legg seg oppå toppen. Det leggjast forventingar etter kvart som musikken stagnar, og ein folkehop synest samle seg. Lydeffekter, kyrkjeklokker kling, sjølvaste Churchill held tale, mykje affekt dukkar opp, og ein synt gjer seg klar til å slå seg laus. Bassen kjem inn, saman med basstromme og resten av slagverket. Så startar det å rulle. Det tek meir og meir form, får meir og meir tyngde, og til sist går det unna. Fullt orkester med saksofonar og alt. Så stoppar det, og forteljinga startar: History recalls how great a fall could be..." Alt har roa seg ned. Det er roleg lenge. Men ut over i denne låten vil anlegget ditt verkeleg få sett seg på prøve. Fiksar pickupen vokalen skikkeleg? Korleis går det med lydbildet? Og dei dynamiske nyansane, er dei med her? Masse snacks for eit godt anlegg. Vi får presentert store rom, med orkster, vindsus, før det tek til å rulle atter ein gong. Og no er det alvor. Får anlegget med seg bassen? Høyrest avstanden og rommet mellom dei fleire songarane? Slagverk og intensitet går vidare, og så lettar det for alvor. Men til sist er det slutt, og orkesteret stemmer, fram til dirigenten ber om ordet, og det heile er slutt.
     
    211.

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    27.01.2004
    Innlegg
    1.693
    Antall liker
    1.460
    Torget vurderinger
    2

    Artig å lese plateanmeldelsen (skrevet slik en plateanmeldelse «skal» skrives!) av ei plate jeg kjenner godt, og for ordens skyld jeg er helt enig i beskrivelsen/anmeldelsen, men synes kanskje «Crime» er «hakket vassere» både når det gjelder perspektiv og rent lydmessig. Selv om den krever ekstremt nøyaktig oppsett av platespilleren for å vise dette?!

    Sent from my iPhone using Tapatalk Pro
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.741
    Antall liker
    8.038
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    No er det vinterferie i Sogn og Fjordane, og det er vanskeleg å komme vidare med husbygging. Flislegging skal nok gjennomførast snart, men ikkje no. Det strøymast frå Spotify, og dagens tekst er uvanleg - Talking Heads. Dette spelte eg mykje rundt 1980, til eg brått fekk nok, og platene har ikkje vore røyvt sidan 1992. Så no spelast det i veg. Eigentleg ganske god lyd, med grei instrumentplassering. Kortpusta, ikkje akkurat imponerande dynamikk, og ein lett irriterande David Byrne. Men ikkje så ille at eg vil kvitte meg med platene.

    Kvitte seg med ting, ja. Det er ikkje enkelt. SP 10en min må eg ha, sjølv om eg ser dei omsetjast for mange titusenar for tida. Pengar som kunne komme godt med når bad og kjøkken i nyehuset skal betalast. Men ... ein SP 10 må ein berre ha, når ein fyrst har fått kloa i ein. Han har fylgt meg sidan 1987, så det er mykje sentimentalitet og affeksjonar, og dessutan læt han fantastisk, berre eg brukar rette pickup.

    Eg har funne ut at eg skal selje 100 vinylplater i år. Slike eg strengt tatt ikkje har bruk for. Har hatt liknande tankar tidlegare, men har ikkje greidd å finne ut kva plater eg ikkje har bruk for. Skikkeleg sære greier bør eg vel ta vare på, og mainstream er ikkje mainstream utan grunn? Dei gamle Creedenceplatene og all pubertetsmusikken må vere der, den norske meteren med vinyl må ikkje fjernast, heller ikkje dei andre skandinaviske som ikkje er råd å finne tak i. Så langt har eg funne noko klassisk eg ikkje likar, så kanskje eg skal starte der? Dei med middels god lyd, kanskje.....?

    Så kom eg på at eg har snart 1000 CDar også, som sjeldnare og sjeldnare vert spelt. Huff!
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.741
    Antall liker
    8.038
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Det diskuterast framleis om kabelskilnadar. Det vert spurt om folk faktisk har høyrt med eigne øyrer, eller om dei blindstolar på andre sine skriveri. På kva grunnlag ligg folk sine meiningar?

    Einig at fyrstehandskjennskap til eit fenomen er avgjerande. Har du ikkje dette, er det ganske risikabelt å investere pengar og tid. Kjekt med tillitsfulle lesarar, men det er viktig at den som sit med lommeboka gjer sine prioriteringar ut frå kva han sjølv opplever som "fornuftig".

    For lenge sidan kom eg til å råde ein lesar feil ein gong då eg tilrådde ein subwoofer som eg likte veldig godt, ut frå min ståstad. Eg lyttar til musikk. Men lesaren skulle ha sub til heimekino som matcha svært lettdrivne hovudhøgtalarar, slik at mi tilråding ikkje passa. No bortforklarar eg dette med manglande kommunikasjon, men faktum var at lesaren hadde kjøpt noko som ikkje passa, og til ein dyrare pris enn nødvendig for sitt bruk.

    Eit anna moment for at eit fenomen skal vere signifikant forstått, er at det kan gjentakast. For å kunne avgjere at alternativ A er betre enn alternativ B, må du som eit minimum kunne oppleve skilnaden mellom alternativa. Difor må ein samanlikne mot ei referanse. Å stikke innom ein butikk for å høyre kablar er fåfengt, dersom anlegget (og helst også rommet) i butikken er identisk med det du har heime. Heimlån er essensielt, spesielt av produkt som det ikkje er lett å høyre skilnad på umiddelbart.

    Alle testprosedyrar bør vere slik A/B-testing. Likevel kan ein verte lurt, spesielt ved at ein let fyrsteinntrykket "henge fast" ved alternativet av ein eller annan grunn. Du bestemmer deg for tidleg. Du kan ha forventningsbias. Då er det greitt å ha ein medhjelpar som kan lage ABX-testing for deg. Du lyttar fyrst til dei to alternativa fleire gonger "i fullt dagslys" og gjer deg opp ei meining om særtrekk og skilnadar. Så kjem x-testinga, der det skiftast mellom dei to alternativa, utan at du på førehand veit kva som til ei kvar tid er i fokus. Du gjettar så kva for eit alternativ du undersøkjer. Tek du feil 1 av 3 gongar eller meir, vil eg hevde at skilnaden er svært liten. I så fall ville eg gått for det billegaste/enklaste/mest estetiske alternativet om det var snakk om ei investering. Eller innrømma at eg tok det andre alternativet "fordi jeg fortjener det".
    For at eit fenomen eller eksperiment skal kunne kallast vitskapeleg undersøkt, må det kunne gjentakast. I vår forståing av slikt må det kunne forventast at ein kan kjenne att eit produkt frå eit anna i ei gjeva setting. Dette er ikkje enkelt. Dersom anlegget har vore "tukla med" av andre brukarar enn det audiofile overhovud, kan t.d. tonekontrollar, balanse (eller monoknapp!!!) vere feil. Kor lang tid går det då før ein a)opplever at noko ikkje er rett, eller b) finn ut kva som er den eigentlege feilen. Vi gløymer fort.
    Og det er mange faktorar som kan endre seg frå laurdag til søndag. A/B-testing bør kunne gjerast i ulikt tempo. I gamle dagar var det forhandlarar (det er faktisk nokre slike endå) som hadde koplingar der du kunne velje mellom ulike høgtalarsett med ein fjernkontroll. Då er det uhyre lett å høyre skilnad. Dersom det er skilnad, då. (Skulle gjerna hatt ei slik kopling og høyrt om det var skilnad på to "identiske" høgtalarsett)
    Men så er det vanens makt. Du går deg fast i eit spor som du likar, og definerer for deg sjølv at dette er "det beste". Du finn eit produkt du likar, og kjøper dette, tek det med heim og er lukkeleg - ei stund. Det kan etter kvart vere at du saknar det alternativet som eingong var. Er det rart det er så mange meiningar om hifi?

    No er det andre måtar å drive hifi-undersøkingar på. Mange audiofile har (heldigvis) klare preferansar på kva dei ynskjer å få ut av anlegget sitt. Til dømes bassfreakarane. Dei ynskjer ei bassattgjeving som er dynamisk, artikulert, djup, høg og eg veit ikkje kva. Då jobbar ein seg framover steg for steg på dette feltet ut frå andre sine erfaringar, og finn etter kvart fram til toppen av fjellet. Mykje prøving, mykje feiling....men kanskje meir fruktbart enn å vurdere kva for ein dings som er best.
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.741
    Antall liker
    8.038
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Åtte månadar sidan sist eg skreiv noko her. Litt for slapt, kanskje?

    Men det har vore veldig enkelt hifi-liv denne perioden, det er båtliv, jobb og familie som har fått prioritet. Det ser ut som det kan løsne litt framover, båtsesongen er på hall, og husbygginga ventar på innrykk av snikkar og rørleggjar. Og det er lite å gjere på eiga hand. Så eg legg i det minste planar.....

    Eg har takka ja til å prøve ut Bose sine nye høyrelurar. Dei har så langt vore svært overtydande som turkameratar. Den tidlegare modellen var god, men desse nye 700-ane er så fulle av ny teknikk at det verkar freistande å bytte ut. Dersom det er snakk om øyretelefonar til turbruk, naturlegvis. Dei er perfekte til mobiltelefon og pc, når du strøymer musikk i støyande omgjevnadar. Den trinnvise støydempinga er bra, og det finnest ein "samtalefunksjon", som gjer det enkelt å avbryte musikk til fordel for meir sosiale aktivitetar. Topp sak innan dette feltet, og med lydkvalitet som er typisk Bose, men eit hakk oppover samanlikna med den tidlegare toppmodellen. Men skal du finhøyre etter mikrodetaljar på stereoanlegget, er det andre ting som gjeld.

    Men det er vinyl som eigentleg opptek meg for tida. Eg har sett på den trufaste veteranpickupen Denon DL 103, og spelar no slike plater eg er redd kjem til å slite pickup. Opp gjennom tidene har eg hausta ei drøss innspelingar som stort sett berre eg er interessert i, og då ut frå mi ganske så nerdete interesse; historisk lydkvalitet. Eg bladar til tider gjennom ganske store mengder bruktplater, og finn innimellom slikt som dette:
    IMGP1520.jpg

    Det synte seg å vere veldig spennande. Columbia-versjonen av Rapsodi i blått er topp, både lydmessig og spesielt musikalsk - heilt etter min smak. Dei to andre frå Decca og Decca Phase 4 er frykteleg ille når det gjeld knitring (glad eg har ein relativt robust pickup på spelaren), men ikkje verre enn at ein kan registrere kor utruleg flott og realistisk lyden var då stereo-formatet skulle innførast, og ein skulle lokke folk bort frå "steinkakene" ...

    Etter kvart må eg nok kvitte meg med desse "unødvendige" platene. Har som mål at eg ikkje skal ha meir enn 1000 plater når eg vert pensjonist. Eller 1500... iallfall noko mindre enn i dag. Men korleis skal ein unngå å slå ut barna med badevatnet? Heldigvis er det ei stund igjen til denne tidsfristen, så eg kan stresse litt til. Har eg ork nok, skulle eg skrive ei omtale av kvar einskild plate, og selje dei etterpå - informasjon er den beste reklame...
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.741
    Antall liker
    8.038
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Må berre ta med dei to andre platene eg har kome over i det siste:
    IMGP1521.jpg

    Billie Eilish har faktisk svært spennande lyd på plata si, og eit kreativt uttrykk, svært nyskapande, og når ein tenkjer på at ho var 17 år under innspelinga, er det imponerande. Plata er på gul vinyl, men det går an å leve med. Og nei - denne finn du ikkje i bruktbutikkane,

    Men så fann eg denne morsame saken. Litt for skarp klang etter min smak, og detaljfokusering på feil måte (skal kanskje utdjupe dette om eg tek til å skrive platemeldingar), men kjenningemelodien til Norsktoppen, og ei bøle av norske storblåsarar. Denne får du ikkje kjøpe av meg.....
    IMGP1522.jpg
     
    Bjørn.H

    Æresmedlem
    Moderator
    Ble medlem
    03.07.2004
    Innlegg
    24.022
    Antall liker
    8.348
    Torget vurderinger
    1
    Billie Eilish på gul vinyl? Hos meg kom den i denne fargen:

    IMG_20190611_201614_edited.jpg

    -virker som den finnes bla. i lime, oransje og hvit gjennomsiktig også.
     
    grammofon

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    06.02.2011
    Innlegg
    5.646
    Antall liker
    2.853
    Sted
    Bærum
    Bjørn: Har ikkje du som administrator mynde til å rette opp i sjølve teksten, og gjerne med raudpenn? :cool:
     
    Bjørn.H

    Æresmedlem
    Moderator
    Ble medlem
    03.07.2004
    Innlegg
    24.022
    Antall liker
    8.348
    Torget vurderinger
    1
    Bjørn: Har ikkje du som administrator mynde til å rette opp i sjølve teksten, og gjerne med raudpenn? :cool:
    Joda, men oppgaven min her på forumet er egentlig ikke å rette opp i grammatikken, men heller retorikken.

    Skriveferdighetene er ulikt "fordelt" blant folk, men jeg tenker at det er viktigere at man får uttrykt seg enn å bli korrigert på manglende skriftlige ferdigheter og språklige kompetanse.
     
    Sant nok. ;) Men morosamt var det lell. :cool:
     
    Hehe, ja jeg satt fredagen å "omsatte" eksamenstekster og sensorveiledninger fra bokmål til nynorsk. Det kan jo ta litt tid, men det er til å undres over at det i høyere utdanning er ansatt personer med dette som kompetanse og formål.
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.741
    Antall liker
    8.038
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Ei ku, kua, flere kyr, alle kyrne..! :cool:
    Er klar over det. Men på min dialekt er det fleirtalsform på ubunden form eintal: Ei kyr, kyra, fleire kyr, alle kyrne. Eg er no såpass gammal at eg har overlevd nokre skrivereformer, så eg tillet meg slikt innimellom. Har også vurdert å skrive "noke" (ikkje korrekt) og "so" (lovleg, men eg har innarbeidd "så" såpass lenge at det går av seg sjølv.

    Elles takkar eg for slike kommentarar. Har prøvd å halde ein høg standard, noko som ein ikkje kan klare utan tilbakemeldingar.
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.741
    Antall liker
    8.038
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    For tida har eg lytta litt til CD, innimellom vinylen og strøymetenestene. Det har seg nemleg slik at eg har fått tilsendt to CDar med Pink Floyd-innspelingar frå tida litt før rundt då dei spelte inn Meddle og DSOTM, i BBC-opptak (Tusen takk til sendaren, det var snilt).

    Svært spennande å høyre korleis desse skil seg frå dei versjonane som vart utgjevne. Meddled, som BBC-utgåva er uvant å lytte til, og eg reagerer litt på vrenginga og bassen, som er heilt annleis. DSOTM har eit meir utvida innhald, meir effekter og meir dveling over nokre av dei musikalske detaljane, som eg likar godt, sidan eg også strevar med å velje innfallsvinkel på kva eg skal skrive om DSOTM. Dette albumet er mitt mest spelte gjennom alle tider, så det krevst mykje drøvtygging for å få det på stell.

    Vidare har eg høyrt på Chris Rea i dag tidleg, medan det var skikkeleg mørkt i rommet. Og det er nok slik at ein kan oppleve meir detaljar i lydbildet når ein ikkje ser omgjevnadane så godt. Opptaka er gode. Men eg saknar litt vinylkvalitetane. Får sjå om eg skiftar signalkjelde når det lysnar....

    Har elles fått fyrste julebrevet (digitalt). Det er for mange folk ein snakkar alt for lite med. Det er kjekt med livsteikn, så eg må vel skrive litt sånt eg også snart....brukar å vente til eg har fått på julemiddagen, men har planlagt å vere litt meir effektiv i år. Får mykje besøk i jula, og nyttårshelga er det fullt hus med både barn og barnebarn. Det vert hyggjeleg.
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.741
    Antall liker
    8.038
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Har besøk frå "ungane" denne helga, men har likevel lurt meg opp tidleg for å spele vinyl. Eg held på med Christel Alsos si juleplate og spelar på Denon 103. Christel syng greitt nok, og har definert bra plassering, utan å overdrive. Men instrumenta grautar seg til "eitt bakgrunnsteppe" utan tydeleg tredimensjonalitet. Plata har ikkje vore spelt så mykje, men fekk seg nokre rundar på tallerkenen i fjor jul. Eg meinte dette var vesentleg betre den gongen. Eller hugsar eg feil? Eg er klar over at Denon 103 si svakaste side er lydbildet, men var det så uklårt?
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.741
    Antall liker
    8.038
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Då er det 24.desember. Eg bakar rundstykke til dei som søv lengre enn meg. Bukkeribba er vatna ut, og svineribba er ferdig krydra. Karamellpuddingen rakk eg ikkje i går, men er i full gang. Molte-og bringebærfromasjane er klare. Plasttre er kjøpt inn med tanke på allergikarane. Og eg har funne fram Brandenburgkonsertane og litt barokkmusikk med tanke på stemninga. Nuestra Navidad er også klar til bruk, Philipsutgåva frå midten av 60-talet, med frisk tolkning og glimrande lyd.

    Tenkjer litt på mine hifivener, spesielt Rudi som har vore svært engasjert for dei som ikkje har det så godt som oss. Godt jobba!
    Helsar så mykje til alle kjende.
    Og så håpar eg at alle får ei riktig god jul!
    IMGP1589.jpg
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.741
    Antall liker
    8.038
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Mi "Misa Criola! er på Philips 6527 136. Artistane er "Los Fornterizos de la basilica del socorro, dirigent: av Ramirez himself, men også Father R.P. Segade er nemd. Innnspelinga er frå 1965. Eg har også "Misa Luba" frå Kongo, som har like flott lyd, men som ikkje er på langt nær like interessant musikalsk sett. (Denne har nr 6527 137). Normalt held eg Philips sine innspelingar for å vere generelt sånn passelege, men desse to er veldig bra.
    Det er "Navidad Nuestra" som er den eigentlege julemusikken, men eg spelar alltid begge platesidene. Svært fengjande. Eg har eit par-tre CD-ar med same musikken i andre tolkningar, men dette er absolutt den beste (etter mitt syn)
     
    tkr

    Æresmedlem
    Ble medlem
    27.03.2007
    Innlegg
    20.733
    Antall liker
    28.465
    Sted
    Nede i fjæresteinene

    Originalutgaven med Los Fronterizos er den flotteste tolkningen, IMO. Den beste lyden har derimot Mercedes Sosa sin tolkning, fremdeles IMO.

    Mvh
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.741
    Antall liker
    8.038
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Jula er no fjerna frå huset, både utvendig og innvendig. Straumen har oppført seg irriterande, slik at det har vore avbrot i morgonlyttinga. Med dagens batteriteknologi burde det vore råd å lage ein lithiumsak som forsynte min stakkars ASR Emitter nokre timar. No er det rett nok ein batteripakke mellom dei fire boksane, men han dreg ikkje heile monsteret.
    For godt over 20 år sidan gjorde eg eit spennande eksperiment. Eg samla saman eit anlegg som kunne fungere utan nett. Ein CD-spelar på 12V, og Infinity sin fyrste (og siste) bilstereoforsterkar. Denne var såkalla klasse D, og let ikkje så aller verst. Så tok eg med meg eit par utmerka høgtalarar. Eg rigga det opp i mitt alternative lytterom og spelte her nokre timar. Neste dag flytta eg heile anlegget på hytta. Denne hadde sjølvsagt annan akustikk enn lytterommet (dessutan var det svært kaldt i hytta), men det som var poenget, var at det ikkje fantest straum eller noko anna elektronisk der. Eg ville finne ut om det hadde noko slags innverknad på lyden å "isolere" seg frå all den straumen som nødvendigvis må vere til stades når det skal spelast hifi.
    Konklusjonane på dette eksperimentet vart ganske ulne, all den tid det var uråd å ha kontroll på alle faktorane, men det enda med ein artikkel for "Audio Video", som eg skreiv for den gongen. Det var likevel tankevekkjande når eg i dag fekk avbrote lytteøkta mi. Vi må vel rekne med mindre stabilitet på så mange vis framover, og hifi er viktig for meg. Det er greitt å leve med at strøymetenestene kan svikte - eg har rikeleg med vinyl og endåtil CDar i firesifra mengder. Men å hente ut ASR-kreftene er ikkje enkelt.
    Då eg bestemte meg for ASR, var det etter å ha prøvd mykje anna. Aller best lyd var det nok med Manley Neoclassic 500, men eg orka ikkje tanken på biasjusteringar og rørskift. Dessutan testa eg dette forsterkarparet i juli då det var skikkeleg varmt.. Men eg prøvde også NuForce sine monotrinn, som var veldig presise, men litt for svake til mitt bruk. Likevel, Klasse D-konstruksjonar burde kunne lagast slik at dei kunne tilfredsstille MBLane mine.
    Eg håpar på å gjere ein forsterkartest igjen. Borde har liksom fanga meg når det gjeld høgtalarar. Det er ikkje så lett å flytte referansane mine bort frå ideal posisjon, så det vert til at eg kvir meg for å teste nye høgtalarar. Dessutan har vi sørgjeleg lite inntekter på Audiophile.no for tida, så logistikkutgiftene er absolutt merkbare om eg skulle bestille ei palle eller to. Men forsterkarar og signalkjelder er interessant.
     
    Høyrde "Misa Criola" framført i vår lokale kyrkje med eit gigantkor + Altiplano for nokre år sidan. Fy Søren, så bra det var. Altiplano som turnerte Noreg på den tida, hadde avtale med Prots (ein legendask gospel-dirigent frå Sunnmøre), og dette var i ryggmargen deira. Koret var dessutan rigga i eit digert malarstillas, som gjorde at det vart ein slags "Marshallvegg" med korstemmer i tillegg. Aldri høyrt noko liknande, så dette var ei av mitt livs beste konsertopplevingar.

    Finnest Sosa-versjonen på vinyl?
     
    Tror ikke at Mercedes Sosa- versjonen finnes på vinyl. Har i hvert fall aldri sett noen vinylutgave.

    Mvh
     
    Screamingeagle

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    08.01.2012
    Innlegg
    119
    Antall liker
    49
    Sted
    Nesodden
    Jula er no fjerna frå huset, både utvendig og innvendig. Straumen har oppført seg irriterande, slik at det har vore avbrot i morgonlyttinga. Med dagens batteriteknologi burde det vore råd å lage ein lithiumsak som forsynte min stakkars ASR Emitter nokre timar. No er det rett nok ein batteripakke mellom dei fire boksane, men han dreg ikkje heile monsteret.
    For godt over 20 år sidan gjorde eg eit spennande eksperiment. Eg samla saman eit anlegg som kunne fungere utan nett. Ein CD-spelar på 12V, og Infinity sin fyrste (og siste) bilstereoforsterkar. Denne var såkalla klasse D, og let ikkje så aller verst. Så tok eg med meg eit par utmerka høgtalarar. Eg rigga det opp i mitt alternative lytterom og spelte her nokre timar. Neste dag flytta eg heile anlegget på hytta. Denne hadde sjølvsagt annan akustikk enn lytterommet (dessutan var det svært kaldt i hytta), men det som var poenget, var at det ikkje fantest straum eller noko anna elektronisk der. Eg ville finne ut om det hadde noko slags innverknad på lyden å "isolere" seg frå all den straumen som nødvendigvis må vere til stades når det skal spelast hifi.
    Konklusjonane på dette eksperimentet vart ganske ulne, all den tid det var uråd å ha kontroll på alle faktorane, men det enda med ein artikkel for "Audio Video", som eg skreiv for den gongen. Det var likevel tankevekkjande når eg i dag fekk avbrote lytteøkta mi. Vi må vel rekne med mindre stabilitet på så mange vis framover, og hifi er viktig for meg. Det er greitt å leve med at strøymetenestene kan svikte - eg har rikeleg med vinyl og endåtil CDar i firesifra mengder. Men å hente ut ASR-kreftene er ikkje enkelt.
    Då eg bestemte meg for ASR, var det etter å ha prøvd mykje anna. Aller best lyd var det nok med Manley Neoclassic 500, men eg orka ikkje tanken på biasjusteringar og rørskift. Dessutan testa eg dette forsterkarparet i juli då det var skikkeleg varmt.. Men eg prøvde også NuForce sine monotrinn, som var veldig presise, men litt for svake til mitt bruk. Likevel, Klasse D-konstruksjonar burde kunne lagast slik at dei kunne tilfredsstille MBLane mine.
    Eg håpar på å gjere ein forsterkartest igjen. Borde har liksom fanga meg når det gjeld høgtalarar. Det er ikkje så lett å flytte referansane mine bort frå ideal posisjon, så det vert til at eg kvir meg for å teste nye høgtalarar. Dessutan har vi sørgjeleg lite inntekter på Audiophile.no for tida, så logistikkutgiftene er absolutt merkbare om eg skulle bestille ei palle eller to. Men forsterkarar og signalkjelder er interessant.
    Det finnes de som kliner til med Tesla Wall. Det kan kobles opp slik at man i perioder er frigjort helt fra strømnettet. Jeg sier ikke at det er rimelig eller fornuftig, men altså mulig. Dette hadde vel vært en flott gave til Emitter’n?

    https://www.youtube.com/watch?v=gP51JjnWvLo&feature=share
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn