Audiophile-stova

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.757
    Antall liker
    8.067
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Det vert interessant. Den eg har no, har eit stykke att. Litt for stram bass, og noko valdsam diskant. Såleis er det klart behov for innspeling. Reknar med at eg har fått det til innan neste helg, så kan eg gjere direkte samanlikning med 760
    Det ser ut som det er standard AT-nålefatning. Så det kunne vore interessant å byte om på stiftane, og sjå om hovudsaken av lyden ligg i nåla eller i sjølve pickupkonstruksjonen...
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.757
    Antall liker
    8.067
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    740 fekk køyrt seg med innspeling sist veke. Fekk vel gjort unna snart 20 timar (litt ille å slite pickup utan å høyre på musikk, men sånn er det), og i dag er fyrste lytteøkt på eit par timar - (må nok bygge hus også, men ikkje så tidleg)
    Trur det må meir til enn dette. Pickupen fokuserar framleis på dei øvre oktavane, og bassen er litt sjenert av seg. Normalt skal sånt rette seg når innspelinga er ferdig. Så eg får spele nokre timar til, tenkjer eg.
     
    A

    ANM

    Gjest
    Kan jo tenkes at det har noe med armkompatibilitet. 760 spiller med god fylde nedover, men bryter kanskje litt opp i det høy.
     

    grammofon

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    06.02.2011
    Innlegg
    5.646
    Antall liker
    2.853
    Sted
    Bærum
    Du får sluntre unna dugnaden litt. Neste år får dere ta dugnad på innspilling og deretter finlytting.
    Fortsatt god påske. :)
     

    svart-hvitt

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    21.01.2015
    Innlegg
    6.378
    Antall liker
    4.025
    Torget vurderinger
    0
    Droppa lyttinga i dag.
    Skal i 70-årsdag, og lurer på å synge sjølv.
    Kva songar eignar seg (eg akkompanerar med sjølv på gitar etter eigne avgrensa evner)?
    Glory Days!

    :D

    Den passer alltid når man ønsker et skjevblikk på det faktum at solen går ned og ikke oppover lenger...

    Om den er så lett å synge, er jeg ikke så sikker på.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.757
    Antall liker
    8.067
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Droppa lyttinga i dag.
    Skal i 70-årsdag, og lurer på å synge sjølv.
    Kva songar eignar seg (eg akkompanerar med sjølv på gitar etter eigne avgrensa evner)?
    Glory Days!

    :D

    Den passer alltid når man ønsker et skjevblikk på det faktum at solen går ned og ikke oppover lenger...

    Om den er så lett å synge, er jeg ikke så sikker på.
    Takkar for tips, men han var tung å synge. Får ikkje tid nok til å øve heller. Så det vert lett CC Cowboys, Cornelis og Waterboys.
     

    svart-hvitt

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    21.01.2015
    Innlegg
    6.378
    Antall liker
    4.025
    Torget vurderinger
    0
    Droppa lyttinga i dag.
    Skal i 70-årsdag, og lurer på å synge sjølv.
    Kva songar eignar seg (eg akkompanerar med sjølv på gitar etter eigne avgrensa evner)?
    Glory Days!

    :D

    Den passer alltid når man ønsker et skjevblikk på det faktum at solen går ned og ikke oppover lenger...

    Om den er så lett å synge, er jeg ikke så sikker på.
    Takkar for tips, men han var tung å synge. Får ikkje tid nok til å øve heller. Så det vert lett CC Cowboys, Cornelis og Waterboys.
    Oversett den til nynorsk!

    ;-)

    (Ser du har dårlig tid, men det er synd vi ikke har denne sangen på norsk. Med litt fornorskning kunne det blitt en artig sak).
     

    grammofon

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    06.02.2011
    Innlegg
    5.646
    Antall liker
    2.853
    Sted
    Bærum
    Går byggearbeidene etter planen, Arve? Du behøver ikke legge ut bilder, men jeg er i det nysgjerrige hjørnet i dag. ...:)
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.757
    Antall liker
    8.067
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Vel, planane går stort sett i boks, sjølv om det går seinare og vert dyrare enn eg hadde rekna med. Den avgjerande faktoren var at familierådet gjekk for å heve kneveggen på loftet frå 80 til 180 cm, noko som har gjort at huset har to ulike husvære, eitt i kvar etasje. Altså kan eg leige ut det eine, medan det andre vert familiehytte.
    Får ei sinnsjuk takhøgd på loftet, nesten 3,5 meter på det argaste. Fire soverom, derav to store, og eit interessant allrom med den valdsame takhøgda. Men vi har gjort lite for å få til godlyd. Det får dei styre med, dei som skal bu der. Vurderte det som uaktuelt å installere innebygde høgtalarar i veggane, sidan det vil binde oss til ei løysing for all framtid, er eg redd. Og når vi berre skal bruke det som hytte (og har tilgong på ganske så greie hifikomponenar elles), vert det lite moro å leige ut - får neppe høgre inntekter av slikt.
    Fyrste etasje har tre soverom, og har også "hjartet i huset", laftverket av den gamle kårstova som min tippoldefar ein gong fekk tak i. Denne har vorten påbygd to-tre gongar, og det var ingenting å samle på. Men laftet prøver vi å gjere oss nytte av. No kjem snikkarane i morgon for å ordne dette, og det er ganske spennande.

    Så eg innser at eg har fått meg ein hobby til. Må innrømme at hifi, fiske og friluftsliv er kjekkare............og billegare.
     

    baluba

    Æresmedlem
    Ble medlem
    18.02.2009
    Innlegg
    24.590
    Antall liker
    15.156
    Sted
    Kopervik og Bergen
    Torget vurderinger
    1
    Min bror er ganske kjent i deler av Oslo med sine tolkninger av Cornelis på karmøysk. Eksempler finnes på Youtube. :)
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.757
    Antall liker
    8.067
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Har brukt morgonens lytteøkt til å filosofere kvifor eg har akkurat det utstyret eg har, og skal prøve å dele kva bakgrunnen for mine val har vore.
    Eg gjorde ei fullstendig utskifting i laupet av 2008 - 2015, og kan ikkje seie eg har sett meg attende.
    IMGP5107.jpg

    Det heile starta eigentleg med platespelaren. Eg har eigentleg berre hatt tre seriøse platespelarar i eige, sjølv om eg har fått leike meg med kanskje tett på hundre opp gjennom åra.
    Det var mange ok platespelarar på 70-talet. Men eg fekk tidleg høyre Technics sin toppmodell SL 1000 mk II, og måtte berre ha ein slik etter kvart. Eg fann nokre få som hadde tilsvarande god brukskomfort og godlyd, men det var til prisar som eg ikkje kunne tenkje på. SL 1000 vart etter kvart modifisert med 15 ekstra kgi stålplate, og oppgradert med tangentialarm ET2, og vart endå betre (sjølv om han ikkje passa til alle pickupar). Men så flytta eg til Spania, og då gjekk det ikkje an å ta med seg eit sånt beist. SL 1000 vart difor seld , og det til latterleg låg pris (noko eg angrar på den dag i dag, og gjer at eg ser meg litt attende innimellom. Eg melde overgang til Linn, og bruke denne i mange år. God spelar på dei fleste måtar, men eg var ikkje flink å sette han opp. Etter kvart såg eg meg rundt, og oppdaga både NAS og Clearaudio, så vel som Basis og andre veldig eksotiske, men gav meg god tid. I 2003 vart eg kjend med VPI, og likte godt lyden frå den rimelege "Scout". Men det mangla ein del på at denne kunne konkurrere med LP12en eg hadde i heimen. Fyrst i 2007 dukka det opp eit verkeleg rått alternativ frå VPI, den såkalla SuperScoutMaster, og då eg fekk prøve denne - spesielt med svinghjulet Rimdrive - var saken klar. Eg har stort sett opplevd at drivverk ikkje treng å vere så veldig forseggjorde - vi snakkar om enkle dyr, samanlikna med armar og pickupar. Men eg opplever ganske merkbar skilnad mellom SSM Rimdrive + tung tallerken. Den har danka ut alt anna eg har hatt i hus så langt, iallfall etter at eg fekk ny 12" pickuparm frå Kuzma.
    IMGP5111.jpg

    Ein skikkeleg riaa er avgjerande for god vinyllyd, og etter ein del eksperimentering gjekk eg for EAT-E-Glo. Burde kanskje funne meg ein balansert ein, eller kanskje ein transistorkonstruksjon, men dette passar svært godt med anlegget elles, og dessutan taklar det alle pickupar på ein framifrå måte.

    Dette vart langt - får skrive om høgtalar- og forsterkarval ein annan gong.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.757
    Antall liker
    8.067
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Endå ei husbyggingshelg. Men eg rakk å spele litt vinyl, Kari Bremnes "Spor" og "Blå Krukke". Det har gått litt for mykje i opptrakka spor med Kari dei siste åra (etter mitt syn), men desse to er meisterverk. Flotte tekstar, og flott lyd, spesielt på Spor. Så vart det litt Kaizers på vinyl, til eg måtte switche til Spotify for å høyre Roger Waters si siste.
    Men no vert det altså husbygging.....
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.757
    Antall liker
    8.067
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Så er ferien slutt. Har sett ny personleg rekord i portugalopphald - reiste ned 21.juni, og var ikkje heime før vi var eit par dagar inne i august. Så det var godt å komme heim til anlegget.
    Ingenting nytt med anlegget, bortsett frå at eg tok ein liten justering av Audio Technica AT 33 SA, som no står permanent opprigga i anlegget. For det er lite tid til å samanlikne pickupar og anna utstyr. Husbygging er framleis min viktigaste (om enn noko påtvungne) hobby, og ein overgrodd hage og knusktørre potteplantar krevjer sitt.

    Men det ser ut som hifi-verda stort sett ser ut slik ho gjorde før eg tok ferie.

    Har altså ikkje hatt tida til å sette opp audiophil prioriteringsliste for sesongen så langt. Men eg har kødda meg med nytt objektiv, som sikrar at eg får med heile platespelaren på bildet, sjølv om eg går tett på.
    IMGP6545.jpg
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.757
    Antall liker
    8.067
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Høgtalarar, ja.
    Eg har alltid tenkt at høgtalarane er dei viktigaste komponentane i anlegget. Fordi det er så svinaktig lett å høyre skilnad på høgtalarar. Fyrste høgtalarane eg eigde, var "Tandberg hifi 12" som eg kjøpte for konfirmasjonspengane, saman med ein TR-200 radio og ein Garrard AP 76 platspelar med pickering-pickup om eg ikkje hugsar feil. Eg trudde dette var greitt nok til det meste, men så fekk eg høyre skilnad på lyden eg hadde heime, og eit B&O-anlegg i nabolaget. MEn sjølv om BO-anlegget såg kulare ut, var det ikkje særleg betre. Det var derimot anlegget til eit omreisande firma, som demonstrerte Sonab. Dette var mykje meir naturleg enn dei to konvensjonelle anlegga eg hadde erfaring med.
    Eg høyrde sporadisk nokre fleire anlegg medan eg var i tenåra, men høyrde ikkje noko liknande Sonab. Vart etter kvart med i eit band som bassist, og fekk idear (sikkert diskutable) om "realisme" i musikkattgjevinga. Så, siste året på gymnaset, fekk eg høyre noko som baud på det same, nemleg Bose 901 mk II. Ein kjenning var vileg til å selje dei til meg, og eg slo til. Så fekk eg høyre om 901 mk III. Dei skulle vere betre. Difor selde eg mk IIane og satsa vidare. Dei var betre på mange måtar, ja. Dei spelte høgre med same forsterkaren, og hadde sjupare bass - men var han betre?
    Mykje filsofering og etter kvart lesing av hifi-lektyre (TAS, danske High Fidelity og ein del andre, no nedlagde hifimagasin, måtte avbrytast då eg fekk innkalling til militærteneste. Men dei femten månadane var ikkje bortkasta ut frå ein hifi-synsstad - eg hamna på ein båt som besøkte svært mange byar mellom Oslo og Tromsø, og den gongen var det massevis av stereobutikkar å besøke. Eg fekk høyrt på det aller meste som var tilgjengeleg her i landet, og vart entusisast på kabinettlause høgtalarar med svære membranar, altså magnestatar og elektrostatar. Og eg fekk demonstrert det som eg lenge heldt for å vere den beste høgalaren eg kunne tenkje meg - Beverigde modell 2. Alt for dyr for meg langt fram på 90-talet, og forferdeleg vanskeleg å finne.
    Så då eg dimmiterte vart Magnepan prøvd ut, og Quad, men det enda med at eg kjøpte Acoustat. Elektrostatar eg hadde i over 10 år. Deretter prøvde eg litt av kvart, men mest konvensjonelle høgtalarkonstruksjonar av ymse storleik og kopleksitetsgrad, og var i ferd med å gje opp leitinga etter Beverigde modell 2.

    Etter ei stund fekk eg demonstrert ein svært spennande høgtalar på Stereofil sitt demorom. MBL 101E mk 2. Ein sak som slett ikkje var elektro- eller magnestatisk, me som hadde ein spreiingskarakteristikk som var endå betre. Meir spreidd enn Bose og Sonab var dei også, og så gjekk dei heile frekvensområdet. Fantastisk dynamikk hadde dei, men dei var sinnsjukt tungdrivne. Det var komplekse delefilter i dei, men det høyrdest saumlaust ut, så eg tok sjansen på å kjøpe eit sett. Og det vart ein del styr med å plassere dei - vanskelegaste høgtalarsett eg har plassert. Deretter måtte eg ha ein skikkeleg forsterkar, som kunne drive dei og by på akseptable lydlege kvalitetar. Men meir om det ein annan gong.
     

    TT.

    The smooth jazz guy! 😉🇳🇴
    Ble medlem
    15.11.2007
    Innlegg
    41.476
    Antall liker
    89.185
    Sted
    Knapstad
    Torget vurderinger
    99
    Hola amigo! Eller hva nå det heter. Vel overstått ferie i hjørnet av Europa. Har lest din "T4P" test med stor interesse og lurer på om det hadde vært på sin plass, dog tilårskomme, å prøve ut det bortimot aller ypperste det er å oppdrive av både mm og mc av T4P. Send meg en PM om det kan være av interesse å teste denslags opp mot Ortofon OMP20 og annet. Kanskje Technics EPC205mkIV og den sjeldne EPS 310mkII kan være verdge en test. Låner gjerne ut mine! Mvh ArneSW
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.757
    Antall liker
    8.067
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    T4P-spelarane er veldig praktiske - og er ikkje laga for at ein skal bruke tid på justeringar. Men sjølv om dei ikkje kan blodtrimmast a la konvensjonelle spelarar oppe i eit visst prissegment, kan ein få veldg god lyd ut av dei.
    Skal snakke litt med Stig som har mest peiling på T4P-pickupar.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.757
    Antall liker
    8.067
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Det går litt trått med hifitenkinga for tida.

    Til gjengjeld spelast det musikk når sjansen byr seg, og eg oppdagar at eg strengt tatt ikkje treng alle platene i vinylsamlinga. I dag har eg utforska Bruckner og 10CC. Eg trur ikkje at eg kjem til å spele Bruckner noko meir enn eg har gjort til no, og det er kanskje to - tre gonger pr album. Sjølv om lyden er god, må eg berre erkjenne: Bruckner er ikkje mi greie. Og eg har endeleg nok plater som eg verkeleg likar.

    Anlegget held mål på alle dei parametrar eg for tida prioriterar, og eg får vente litt med å kjøpe ein passeleg rørforsterkar til å drive høgtalarane slik eg vil. Og pickupen AT 33 SA bør strengt tatt slitast litt, og ikkje vere dau kapital. AT33PTG/II er igjen på utlån. Han er uforskamma billeg akkurat no- fireogeithalvt for ein så god pickup er ein kjempehandel.

    Så må det ny trapp til i husprosjektet. Dette prosjektet tek mykje av fritida. Men vi håpar det går over når vi kjem til sommaren eller så....
    Eg har bestemt meg for å meine at SA er betre enn PTG/II, sjølv om eg kjøpte begge. Eg har også lyst å utforske resten av repertoaret, mange skryter av ART 9 som eit fantastisk kjøp. Og ART 7 burde avgjort prøvast ut. Greidde ikkje dy meg, og snoka rundt på nettet om brukarerfaringar m.m.. Det syner seg at ART 7 får litt pes fordi han ikkje har dynamikk. Eg tippar dette kan ordnast med ein skapeleg RIAA (som eg brukar), så det er valdsamt med knappeteljing som må til. Og det vert ikkje betre av å høyre om prestisjemodellen ART 1000...livet er ikkje enkelt.
     

    Sluket

    Holistisk Hifi Helt
    Ble medlem
    11.08.2006
    Innlegg
    56.242
    Antall liker
    105.601
    Torget vurderinger
    23
    Begynn med glidelås! Knappetelling er enerverende og så får en ikke handlet noen ting...
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.757
    Antall liker
    8.067
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    På torsdag fekk eg besøk av to engelske høyrelurar. Merket er MJ, og dei er svært lovande. Spelte dei inn med kontinuerleg Yello The eye heile torsdag, og fredag hadde eg dei med meg på jobb, som planleggingverktøy til musikktimar så vel som til underhaldning via Spotify. MJ 2 var veldig behagelege å ha på seg, så eg sat faktisk med dei i to stive timar utan å verte trøytt i øyrene.
    Skal skrive om både denne og ein billegare modell etter kvart. Så langt har eg ikkje vorte skuffa på nokon måte...
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.757
    Antall liker
    8.067
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Elendig progresjon på både husbygging og hifi Fredag kjende eg at influensaen kom krypande, og i dag ligg eg under dyna med saftig feber. Får ikkje publisert artikkelen om Michalson og Johnson øyretelefonar (som er noko av det beste eg har høyrt til prisen), heller ikkje bygd hus eller spelt musikk, trass i ny vinylplate i posten.
    Det er heilt klart synd på meg.
     

    Karmana

    Æresmedlem
    Ble medlem
    13.06.2008
    Innlegg
    24.923
    Antall liker
    66.345
    Sted
    Bergen
    Torget vurderinger
    42
    Da er det vel på sin plass å ønske god bedring! Se positivt på det. Minimalt å gjøre utenomhus i drittværet :)
     

    Haavard

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    30.11.2002
    Innlegg
    7.031
    Antall liker
    2.126
    Sted
    Lena
    Torget vurderinger
    1
    God betring seie eg.
    Helsing ein indresogning
     

    Rudi

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    06.05.2004
    Innlegg
    7.683
    Antall liker
    8.064
    Sted
    Ute i skauen i Østfold.
    Torget vurderinger
    38
    Trodde ikke influensaen beit på nordvestlendinger......... kanskje du har besøkt østlandet for mye ?......... uansett årsak får du ha god bedring......... om noen dager føles verden uendelig mye bedre enn akkurat nå....... noe og se frem i mot.
     

    baluba

    Æresmedlem
    Ble medlem
    18.02.2009
    Innlegg
    24.590
    Antall liker
    15.156
    Sted
    Kopervik og Bergen
    Torget vurderinger
    1
    God bedring, Arve. Interessant at du har de hodetelefonene til test, de er blant det jeg er mest spent på av hodetelefoner i dagens marked.
     

    Bulter

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    18.02.2003
    Innlegg
    1.692
    Antall liker
    3.184
    Du skulle absolutt prøve en balansert riia, Arve. Med en slik VPI XLR Junction Box tar du signalet balansert helt fra pickupen til høyttalerutgangene.

    2FBA9CF5-1F39-41AD-873C-D3F4A4C10C6E.jpg
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.757
    Antall liker
    8.067
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Du skulle absolutt prøve en balansert riia, Arve. Med en slik VPI XLR Junction Box tar du signalet balansert helt fra pickupen til høyttalerutgangene.

    Vis vedlegget 480437
    Har vurdert det, men finn det meir økonomisk fornuftig å køyre ubalansert. Sidan eg har så korte leidningsstrekk..
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn