Det går bra. Vårt nett har spesifikasjonar som seier 230V±10%, dvs frå 207V til 253V. Vanlegvis er ikkje utstyr så ekstremt kresent på spenninga, men maksimal utgangseffekt vil variere med nettspenninga, med mindre du har ein regulert nettdel(vanligvis SMPS(switch mode power supply)). Mesteparten av forsterkarar har ikkje dette.
50Hz på 60Hz utstyr vil føre til 16,7% meire rippel og transformatoreffekten reduserast med samme 16,7% i forhold til om du forer det med 60Hz. Dette er vanligvis ikkje eit problem då strømforsyningane er overdimensjonert på skikkeleg utstyr. Men det kan kanskje som nemnt i eit anna innlegg gi "pusteproblemer". Dette vil kanskje være subjektivt, dvs nokon vil kunne høre det, andre ikkje. Har ikkje erfaring med dette sjølv.