Søkeresultater

  1. Tweedjakke

    Bil, båt og motorsykkel Elbiler

    Så dieselbrølet er eigentleg eit rop om rimelege prisar på kjønnsstadfestande trafikk? Det er eit vakker symmetri her einkvanstad, om vi berre leiter.
  2. Tweedjakke

    Diverse Hva leser du i dag.

    Eg forstår på M-W at abide har vore i engelsk lenge, og tydelegvis har, som du seier, mange beslekta men ulike tydingar. Eg får inntrykk av at det er litt meir høgstil enn stay? Vi har bida/bide (nynorsk) og bie (riksmål) på norsk også, same opphav, biða
  3. Tweedjakke

    DECCA Pure Analogue

    https://store.deccaclassics.com/products/handel-messiah-vinyl-3lp
  4. Tweedjakke

    Bil, båt og motorsykkel Elbiler

    Det forstår eg godt. Bortsett frå litt meir el-rekkevidde saknar eg heller ingenting frå mine bilar, ein 2015 Leaf og ein 2011 Multivan. Det er sjølvsagt eit spørsmål om mekanisk levetid, og det finst mange bilar, både eldre og nyare, som er finare.
  5. Tweedjakke

    Bil, båt og motorsykkel Elbiler

    Men det reknestykket handlar om skilnaden mellom pumpe- og ladetid, iallfall dersom fartsgrensene var eit spørsmål. Altså: kjappast mogleg frå A til B handlar i liten grad om eigenskapar ved bilen.
  6. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Hva har gått galt i Norge?

    Dette var NRKs Afrika-korrespondent som laga ei sak om korleis drivstoffkrisa påverkar eit land i Afrika. Einig at Moenes kommentar var ganske irrelevant, men teksten gjekk også sjølv ganske langt i å seia at norske pristiltak har temmeleg lite å seia for prisen i Kenya.
  7. Tweedjakke

    Bil, båt og motorsykkel Elbiler

    Heldt på å protestera, men eg køyrde faktisk eg 2011 Leaf 8 mil att og fram til jobb i mange år, og brukte 80 % av batteriet. Men det var stort sett 80-sone, vestlandsvegar og -klima, og mykje opp og ned (største oppoverbakke var 600 høgdemeter over 3 km). På E6 var reell rekkevidde 5-6 mil...
  8. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Hva har gått galt i Norge?

    Mykje sant i det. Iallfall gjev pluss/minus 5 kr/l ikkje så veldig sterk impuls til å endra individuell åtferd (litt effekt er det nok på aggregert nivå). Men eg ser på meg sjølv at med elbil (billig bil og låge energiprisar) er terskelen for småkøyring mykje lågare enn han hadde vore om eg...
  9. Tweedjakke

    Alt til hus og bolig Strømprisene?

    Batteri som buffer ein stad i nettverket er utan tvil fornuftig. Det eg ikkje er så sikker på, er at det å bufra i endepunkta er det luraste frå eit systemøkonomisk perspektiv, all den tid det stor sett ikkje er kapasitetsproblem i sisteleddet. Reknestykket vert litt annleis med solceller i...
  10. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Hva har gått galt i Norge?

    Ikkje nødvendigvis ueinig, særleg for 17-åringen. Ein grunn til at eg er litt einig, er besynderleg nok at straffa var såpass kort. Å døma nokon til eit strengt kontrollregime (ungdomsstraff) i 3–6 månader er nærast ein vits om dei skal «få orden på livet sitt». Men så er det vel heller ikkje...
  11. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Hva har gått galt i Norge?

    Ja, eg trur det kjem mykje an på kor godt/hardt det er implementert. I mange tilfelle trur eg det er betre enn fengsel, særleg for 15-16-åringar. Men det er ein slags ironi i at dei meir eller mindre at vert dømde til å ha veldig strenge foreldre.
  12. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Dårlig kvalitet på norsk grunnskole?

    På ein del felt meiner eg at iPad verkar som det har fungert positivt i begynnaropplæringa. Det eine er lesing, der det har vore rutine at alle les inn heile leksa (1-2 gg/veka) og får individuell kommentar frå lærar. Det andre er skriving, der dei har fått sjansen til å skriva tekst utan å...
  13. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Hva har gått galt i Norge?

    I teksten går det fram at det er ungdomstraff, ikkje samfunnsteneste. Det er noko anna.
  14. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Bøker vi har lest, vi som lærte å lese i folkeskolen

    Ein periode las eg eit par Hardygutt-bøker om dagen. Etter det gjekk det ganske raskt over i bøker skrivne for "vaksne", mykje krim, etter det eg minnest. Eine dotter mi kom over Fem-bøkene (Enid Blython) for nokre år sidan; eg trur ikkje eg kan ha lese meir enn eit par av dei som barn, men fy...
  15. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Hva har gått galt i Norge?

    Eg tviler på at du har opplevd personar med psykose på nært hald.
  16. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Hva har gått galt i Norge?

    Eg er litt einig med desse innvendingane. For det fyrste, retten og påtalemakta må slå fast eintydig at drap aldri er «greitt», og det gjorde aktoratet i straffepåstanden. Og drap er aldri greitt, den saka er grei. Dinest, omstenda var, slik eg forstår dei, som sagt nitriste (eg har berre...
  17. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Dårlig kvalitet på norsk grunnskole?

    Eg trur det er ein av grunnane, men kanskje at rolla til forlagsøkonomien er djupare, og viktigare. Det er forbi det eg kan noko om, og mest basert på det eg har fått høyra frå folk nærare bransjen (som hugsar den tida då lærebokavdelingane var det som heldt norske forlag flytande), men røfli...
  18. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Dårlig kvalitet på norsk grunnskole?

    Vår barneskule har byrja å kjøpa inn bøker att, etter å ha vore tidleg ute med å introdusera iPad (Chromebook på ungdomsskulen). Frykteleg dyrt, og med gjeldande rammer kjem det til å ta minst ti år før dei er i mål. Eg lurer (men veit ikkje) på om det hadde vore betre dersom skulen vart...
  19. Tweedjakke

    Diverse Hva har gått riktig i Norge?

    Viss vi ser bort frå delar av mediestyret, eg er imponert over kor ryddig, ordentleg og til fingerspissane profesjonelt regentskiftet dei siste vekene vart ordna. Med somt av det offentlege føretek seg er det litt slik at ein av og til lurer på om dei veit kva dei gjer. Dette fekk dei til, til...
  20. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Hva er i ferd med å gå galt i Europa?

    Reknar du AfD som høgre eller venstre?
Topp Bunn