Eg høyrde på Manfred Manns The Roaring Silence fra 1976 i går. Ifølge dansk P4 fylde Manfred Mann 69 år og det var ei gylden anledning til å prøve min nye ( brukte) Audio Note TT-1 på ei favoritt plate, med muligens ein av dei flottaste sangane som er laga ( "Questions"). Det som slo meg imidlertid var at songen før på plata, "Starbird" minte meg om noko kjent. I mitt janitsjarkorps spelar vi for tida "Ildfuglen" av Igor Stravinskij, og "Starbird" er klin lik finalen på denne balletten. På plata står det ingenting om dette "slektskapet". Er det nokon som veit noko om dette, om Manfred Mann fekk nokre copyright problemer eller liknande? Sting bruker jo også klassisk musikk enkelte stader, men der er det referert til det på plateomslaget.