Side 3 av 8 FørsteFørste 12345 ... SisteSiste
Resultater 41 til 60 av 148
Abonnér på denne tråden
  1. #41
    Æresmedlem Audiophile-Arve's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2002
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskdistriktet
    Innlegg
    16,061
    Tagget i
    5 Innlegg
    Eg har hatt same lytterom sidan 1983, men tatt sjansen på ombygging, utan å vite kva lydlege konsekvensar det har hatt. Rommet mitt er forma som ein speglvendt L, der "lyttedelen er 4,6 m brei, og 7,5 meter lang. Mykje av veggane består av glas, og etter kvart vart det endå meir; vi bygde på huset ein glasveranda med tilkomst gjennom ei 2,1 X2 meter skuvedør av glas, rett bak høgre høgtalar. På høgre side er det trepanel, medan langveggen er av murstein (inkludert ein peis)
    Dette har vore ei utfordring frå tid til anna, ettersom ulike høgtalarar har vore på besøk. Med fulltoneelektrostatar (som eg er svært glad i) pregar dei ulike bakromma til høgre/venstre høgtalar balanse og gjev ulik dynamikk. Dette problemet forsvann fullstendig då eg gjekk over til InnerSound Eros (tilsvarar Sanders sine hybridar i dag), der det vart delt mellom bass og elektrostatar med eit bratt elektronisk filter over 400 Hz. Desse høgtalarane hadde eg i om lag ti år, men det var mange testobjekt på besøk i mellomtida. Og det verkar som rommet har ein liten boost når vi ligg på 40 Hz, noko som er kledeleg musikalsk sett. Men det er berre fulltoneelektrostatar (djuptgåande) som får problem, så lenge høgtalarane er eit godt stykke unna bakveggen.

    Det vart sjølvsagt frykteleg spennande då eg prøvde mbl 101 - korleis ville ein rundstrålar komme ut av det med rommet? Eg brukte veldig lang tid på plasseringa, og må innrømme at det ikkje var heilt enkelt. Men etter mykje strev vart eg veldig fornøgd.

    Glasverandaen er også eit lytterom. Dersom du har høve til å lage noko liknande, kan eg seie at vi er svært fornøgde med eit slikt ute-inne alternativ. Det er også eit "lytterom", med takhøgd som varierer mellom 2,3 og 3,8 meter, breidde på 3,7 og lengde på 5,5 meter. Massevis av glas og fliselagt golv er ikkje ideelt, men faktisk er det svært bra, så bra at det lenge også hadde funksjonen heimekino/multikanalsoppsett. Med 5.1-oppsett vart lyden ganske god.
    Før glasverandaen vart bygd, var det mykje tankar om korleis dette kunne verte eit rom som stetta mange behov. høgtalarplassering var det mest utfordrande - korleis få høgtalarane ut av syne/sinn, men samstundes by på akseptabel lydkvalitet? Innbygging hadde vore fint, men det er vanskeleg når veggane stort sett er av glas. Heldigvis kom Mirage med akkurat det eg hadde bruk for, og med skjult leidningsopplegg lot ting seg ordne på ein utmerka måte.

    Fint til barnebursdagar, mottak av nyttårsbukkar, julestove, og ekstra stove når det har vore mykje selskapelegheit i huset. Samstundes også eit rom der tenåringar kunne bruke både kino, musikkanlegg og vere sosiale, utan at far trengde kompromisse på hifiaktivitetane i stova (ein måtte naturlegvis semjast over kor høgt det kunne spelast).

    Eg brukar Mirage Omnisat som hovud- og Nanosat til bakhøgtalarar, og monterte eit svært lerret som kunne blende av to av vindauga.Men på grunn av fire Velux i taket, kunne rommet berre brukast til kino i vinterhalvåret, ettersom det ikkje let seg blende (i dag ville eg kjøpt vindauge med innebygd avblending om eg skulle ha kinofasilitet. Dette gidd eg ikkje, no når ungane er flytta ut. Ser film på TVen i staden, og med MBL saknast ikkje 5.1-oppsettet i filmsamanheng. Dessutan er ikkje film mi greie-det går meir i musikk.
    Men det er kjekt å kunne spele 5.1-lyd innimellom, så dette anlegget får vere der. Dessutan har eg eit sett Boston utehøgtalarar festa under rafta utanfor, slik at eg har musikk til hagearbeidet i sesongen.
    Skal sjå om eg kan legge ut eit foto av herlegdomen når "julestova" gjerast klar. I staden for å fylle den vanlege stova (les: lytterommet) med overflod av julepynt, vert det glasverandaen som pyntast når jentene kjem heim til jul....
    Helsing Arve;
    www.audiophile.no går så det susar - nesten attende til gamle høgder!
    Ta kontakt om du vil ha testa noko...

  2. #42
    Hifi Freak grammofon's Avatar
    Ble medlem
    Feb 2011
    Sted
    Bærum
    Innlegg
    5,397
    Tagget i
    6 Innlegg
    Flott Arve. Takk for redegjørelsen. Dersom drømmene blir realisert, tenkte jeg et rom med litt ekstra høyde og delvis glasstak for å få følelsen av luft og å sitte utendørs.
    Om jeg får lov av kone og andre myndigheter, er en annen sak. Jeg får arbeide med saken!

  3. #43
    Hifi Freak
    Ble medlem
    Aug 2014
    Sted
    Oslo
    Innlegg
    2,062
    Tagget i
    0 Innlegg
    Sitat Sitat fra Audiophile-Arve Se Innlegg
    Tja, eg gjer det på enklaste måte. Prøver å justere etter produsentspesifikasjonane. Så skrur eg armen opp og ned til eg tykkjer det "klarar opp" diskanten. Då reknar eg med ting er rett. Så fiklar eg litt før eg dobbelsjekkar overhenget og etterteitar pickupen. Med to pickupshell går det vanlegvis ganske fort og greitt, men akkurat no for tida ville eg gjerne hatt eitt til...
    Ja, sånn er det vel når man har fin-tunet ørene gjennom erfaring. :-)

  4. #44
    Æresmedlem Audiophile-Arve's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2002
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskdistriktet
    Innlegg
    16,061
    Tagget i
    5 Innlegg
    Sitat Sitat fra grammofon Se Innlegg
    Flott Arve. Takk for redegjørelsen. Dersom drømmene blir realisert, tenkte jeg et rom med litt ekstra høyde og delvis glasstak for å få følelsen av luft og å sitte utendørs.
    Om jeg får lov av kone og andre myndigheter, er en annen sak. Jeg får arbeide med saken!
    Du kan alltids kike litt her medan du ventar på sjansen: Velkommen til Grnt Fokus
    Helsing Arve;
    www.audiophile.no går så det susar - nesten attende til gamle høgder!
    Ta kontakt om du vil ha testa noko...

  5. #45
    Hifi Freak grammofon's Avatar
    Ble medlem
    Feb 2011
    Sted
    Bærum
    Innlegg
    5,397
    Tagget i
    6 Innlegg
    Ikke frist meg over evne!

    Håper utsikten er til salgs også.

  6. #46
    Æresmedlem Audiophile-Arve's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2002
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskdistriktet
    Innlegg
    16,061
    Tagget i
    5 Innlegg
    Helg igjen. Og det gjerast djupdykk i vinylarkivet. Fann ei plate eg likte veldig godt som tenåring, men dette hadde eg vakse i frå. Flott energi og live-situasjon, men lyden var skrekkeleg. Og det seier eg ikkje fordi eg er blasert - lyden er av og til skikkeleg dårleg på liveopptak. Så denne rykkjer fort attende på fjernlageret i kjellaren.....
    Navn:      IMGP4218.jpg
Visninger: 1213
Størrelse: 58.9 Kb
    Det fine med å vere vinylentusiast, er at du kan kjøpe software svært rimeleg. Eg hadde handla meg ei bunke som eg betalte under 100 kr (betalte faktisk 100 kr, men fekk også ei bok på kjøpet...), og dei har eg ikkje somla meg til å høyre på. Gjerne gammalt ræl, men av og til kyssast rette frosken.... så eg starta med denne her:
    Navn:      IMGP4219.jpg
Visninger: 1223
Størrelse: 60.2 Kb
    Tysk plate eg aldri har høyrt om. I høgste grad tvilsamt investeringsobjekt, men kven veit? Plateselskapet "Metronome" har gjort utmerka jobb på andre plater eg har høyrt (men dei var rett nok svenske) Dei riktig gamle innspelingane hadde ofte kvalitetar som moderne innspelingar manglar. Spenninga var stor. "Tyskarlyd" sa vi i gamle dagar, då vi sette på Blaupunkt bilradioen (før det var snakk om stereo) og fnyste, men eg bør vel gå stilt i dørene - einaste komponentane i anlegget mitt som ikkje kjem frå Tyskland, er faktisk signalkjeldene.... så plata kom på. Og forlot platespelaren då eg ikkje greidde meir. Alt er gale med denne plata. Spesielt musikken. Så denne skal eg gje vekk....lurer berre på til kven....?
    Navn:      IMGP4220.jpg
Visninger: 1216
Størrelse: 68.4 Kb
    Music for Pleasure MFP er billeglabelen til EMI, der dei dumpa gamle opptak til svært låge prisar. Men dei gjekk sjeldan på kompromiss med lydkvaliteten. Eg såg ikkje at dette var ei monoinnspeling før eg sette plata på, men det var likevel eit godt kjøp. Monoopptak er fine til å justere pickupar etter, og her er det endåtil god lydkvalitet og eit godt "Dyrekarneval" som musikalsk held mål.
    Med humøret på topp, sette eg på:
    Navn:      IMGP4223.jpg
Visninger: 1211
Størrelse: 80.5 Kb
    Eg likar ikkje DG så veldig godt. Dei hadde ein tendens til å overdrive miksinga på 70-talet, men eg trur denne er eldre. Og dei har massevis av gode framføringar. Det er ikkje så veldig mykje vals i samlinga mi, så eg tenkte det kunne vere greitt med Strauss. Diverre mangla innercoveret, og plata knitra vel mykje. Må sende ho på rens, og få køyrt over med LAST, så får vi komme sterkt attende.
    Navn:      IMGP4224.jpg
Visninger: 1201
Størrelse: 50.5 Kb
    Av og til finn eg merkelege greier. Dette har eg aldri høyrt om. Solopiano, godt opptak, men ikkje heilt etter min smak. Vert nok parkert ei tid, til eg får pianosonatedilla (kan ta tid, men det skjer innimellom alt det andre)
    Navn:      IMGP4226.jpg
Visninger: 1212
Størrelse: 56.3 Kb
    Dette var spennande, heilt til eg fekk sett stiften i rilla. Nitrist lyd. Vert nok avhenda så fort som råd.....
    Navn:      IMGP4225.jpg
Visninger: 1208
Størrelse: 63.7 Kb
    Så kom vi til denne. Stor overrasking med flotte lydkvalitetar. Men ein liten bakdel (alle plater har ei bakside) : Musikken er pervers, forfina protestvisesong med oversvulstig arrangement. Ei plate å torturere med. Versjonar av "posetively 4th Street", "Universal solider", "Where have all the flowers gone", "Like a rolling stone" og "John Browns body" i makaber, oversminka husmortyggegummipop dooa dooa-stil, men med glitrande RCA Camden lydkvalitet. Det er faktisk skikkeleg morosamt, om du har den rette innstillinga. Denne skal eg ta med til Horten neste gong. Så berre pass dokke!
    Navn:      IMGP4222.jpg
Visninger: 1227
Størrelse: 50.6 Kb
    Så ein liten godbit frå "Det Beste". Dette amerikanske folkeopplysningsføretaket tok sikte på å kultivere amerikanarane (sjå kor det gjekk med det prosjektet), og hadde også ein norsk avleggjar. Readers Digest gav ikkje berre ut the best of-utgåver av aktuelle bøker, men dei sette også saman pakkar med musikk. Det er ofte uinteressant som samling, men opptaka var for det aller meste innkjøpte kopiar av RCA sine "avdanka" og uaktuelle produksjonar - og nokre av desse held svært høg lydkvalitet. Denne sigøynerplata var akkurat ei slik. Med eit stygt hakk i ein av dei betre låtane. Må køyre plata på rens, så kjem ho seg kanskje. Litt for pene strykarar, og musikkvalet var for pent til at eg kan kalle dette eit kupp, men nydeleg produksjon elles.
    Til sist var det på plass med noko meir moderne:
    Navn:      IMGP4221.jpg
Visninger: 1214
Størrelse: 66.0 Kb
    Bergenslokaliserte "KVIT SKIT" har gjeve ut denne EPen på drivkvit vinyl. Flott musikk som eg assosierer i same sjanger som Violet Road og Katzenjammer, men kanskje meir intrikat og med detaljar det er moro å lytte til. Eg har absolutt sansen. Spesielt når eg køyrer dei gode pickupane på riggen - vi snakkar faktisk om høg lydkvalitet her, så denne bør du vere obs på når du går til din lokale vinylpushar.

    Så må det gjerast litt trist rutinearbeid. Yosegi-pickupen må pakkast ned og returnerast til Renaissance. Ein pickup eg gjerne skulle hatt i stallen, men eg må besinne meg-jula er her, og eg har ikkje vore SÅ snill at eg fortener denne.....
    Helsing Arve;
    www.audiophile.no går så det susar - nesten attende til gamle høgder!
    Ta kontakt om du vil ha testa noko...

  7. #47
    Æresmedlem Audiophile-Arve's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2002
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskdistriktet
    Innlegg
    16,061
    Tagget i
    5 Innlegg
    Denne helga vert spennande. Eg skal samanlikne Audio Technica AT33 SA og PTG/II.
    Navn:      audio-technica-at33ptg-ii.jpg
Visninger: 1145
Størrelse: 19.2 KbNavn:      at33sa-s.jpg
Visninger: 1160
Størrelse: 14.9 Kb
    To nesten identiske modellar frå Audio Technica sin "snusfornuftige" prisklasse.
    No er eg ikkje slik at eg tek lett på å kalle åtteogeithalvt (eller femogeithalvt) tusen kroner "fornuftig pengebruk", sjølv ikkje i svært dyre hifi-settingar. Men AT 33-serien har hatt modellar i lågare prisklasse, og dei har vore mykje for pengane. No er desse to bygde på same lest, men med nokre forfina detaljar. Den fyrste, gamle AT33 som er den einaste eg har høyrt skikkeleg på fram til no, hadde elliptisk diamant og nålefane av aluminium. Heilt klart ein god pickup, men ikkje heilt mi greie. Men desse to eg har til utprøving no, er noko heilt anna. PTG/II er ei vidareutvikling av modell PTG, der det er gjort endringar med magnetmateriale og koparviklingar, medan nåleslipinga er forfina "Line Contact", som har ei heilt anna anleggsflate mot platerilla enn elliptiske og runde (koniske) slipingar. Dette fordyrar sjølvsagt produktet. Og endå verre vert det på SA-modellen, som har nålefane av boron (eit fantastisk daudt materiale, iallfall til bruk i flugestenger) og dyr Shibata-diamant.
    Normalt kostar slikt utstyrte pickupar ein del, og det må ein vel innrømme at AudioTechnica også gjer. Men så er det dette med AT, som er ein av dei verkeleg store pickupprodusentane i verda, burde kunne sitt fag ekstra godt, og dessutan burde ha stordriftsfordelar.
    Eg har høyrt ein del på SA-utgåva som er svært interessant. Men eg har hatt det veldig travelt i det siste, så eg har ikkje greidd å formulere noko fornuftig så langt. Får sjå kva eg rekk i helga.....
    Helsing Arve;
    www.audiophile.no går så det susar - nesten attende til gamle høgder!
    Ta kontakt om du vil ha testa noko...

  8. #48
    Æresmedlem Audiophile-Arve's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2002
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskdistriktet
    Innlegg
    16,061
    Tagget i
    5 Innlegg
    Ville berre seie frå om at EAT Yosegi no er utprøvd, og omtalt her: TEST: EAT Yosegi MC pickup
    Helsing Arve;
    www.audiophile.no går så det susar - nesten attende til gamle høgder!
    Ta kontakt om du vil ha testa noko...

  9. #49
    Æresmedlem baluba's Avatar
    Ble medlem
    Feb 2009
    Sted
    Kopervik og Bergen
    Innlegg
    24,596
    Tagget i
    0 Innlegg
    Se der, ja. Endelig noe nytt å lese fra deg på audiophile. Men fortsatt venter vi på artikkelen om NAD...



    ... (som du sikkert skjønner er denne pickup-en for kostbar til at testen har noen praktisk betydning for mitt liv).
    -The music business is a cruel and shallow money trench, a long plastic hallway where thieves and pimps run free, and good men die like dogs. There is also a negative side. ( Hunter S. Thompson) -Renouncing the right is like waking from a disturbing dream or throwing off an especially nasty hangover. (Dr. Aidan Rankin, ex UKIP)

  10. #50
    Hifi Freak grammofon's Avatar
    Ble medlem
    Feb 2011
    Sted
    Bærum
    Innlegg
    5,397
    Tagget i
    6 Innlegg
    God jul, Arve. Har du planer for hva du skal spille? Jeg sverger til denne innen klassisk:


  11. #51
    Æresmedlem baluba's Avatar
    Ble medlem
    Feb 2009
    Sted
    Kopervik og Bergen
    Innlegg
    24,596
    Tagget i
    0 Innlegg
    Gledeleg jol, vyrde skulemeister Arve!
    -The music business is a cruel and shallow money trench, a long plastic hallway where thieves and pimps run free, and good men die like dogs. There is also a negative side. ( Hunter S. Thompson) -Renouncing the right is like waking from a disturbing dream or throwing off an especially nasty hangover. (Dr. Aidan Rankin, ex UKIP)

  12. #52
    Hifi-entusiast
    Ble medlem
    Nov 2007
    Sted
    Fredrikstad
    Innlegg
    385
    Tagget i
    1 Innlegg
    Hvis noen fortjener en god jul så er det AA. Makan til god nynorsk er det ikke ofte jeg leser, og det kommer fra et forhenværende medlem av Ungdommens Riksmålsforening

    Takk for at dere driver audiophile.no!
    Siste redigert av Brummund; 24.12.2016 kl. 02:14.
    Clearaudio Concept MC, NAD M51, DSpeaker DC 2.0, Burmester 011, 2 * Burmester 036, Adyton Imagic 2.0 Signature, 2 * Audio Physic Rhea II

  13. #53
    Æresmedlem Audiophile-Arve's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2002
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskdistriktet
    Innlegg
    16,061
    Tagget i
    5 Innlegg
    Takk for vakre ord, ikkje minst om nynorsken. Vi har mange som lærer nynorsk på skulen, og mange som skriv med god språkjensle i ungdoms- og vidaregåande skule, men ser ikkje så mange att av desse som aktive skriveføre i vaksen alder som eg hadde rekna med.

    Audiophile.no har hatt eit litt spakt år, sjukdom, utanlandsturar og andre prosjekt har stoppa bremsa nokre av oss meir enn vi skulle ynskje. Men Rudi står på som testpilot og testar pickupar råare enn nokonsinne, Morten kjem også inn på laget, Karl-Erik publiserar når han kan, og vi andre prøvar ut og skriv om produkta vi får tilsendt så grundig som vi føler vi må, og så ofte vi får til. Takk for støtte.

    Etter eit halvt år der eg praktisk tala ikkje har lytta til ein einaste CD, har eg tenkt å ta Oppo-spelaren i bruk igjen no i jula. Det er ei travel tid, og denne julemorgonen svinsar eg rundt mellom stove, kjellar og kjøkken. Mykje skal ordnast, og for å forsterke stemninga vert det sett på sakral, og stort sett gammal musikk i spelaren.
    Navn:      IMGP4313.jpg
Visninger: 956
Størrelse: 84.9 Kb
    Her er nokre perler eg likar å spele ved juletider. I går var det Bach Brandenburgkonsertar då juletreet vart pynta. Utprøvde samstundes den svært fine AT33SA, som eg held på å verte svært begeistra for. Det verste er at eg også likar PTG/II om lag like godt. Dei er nære i slekt, men likevel litt ulike. Og eg har ikkje lett for å dømme kva som er "best" etter mitt syn. Men no er det altså CD. Sytalaust når du held på med andre ting....og så vert eg stadig meir fornøgd med rundstrålehøgtalarar. Tenk å kunne pynte juletreet til (nesten) optimal lytteposisjon same kvar du er i rommet.....
    Eg er tidleg oppe som vanleg, vatnar ut pinnekjøtet, tinar dessertbær og skriv julebrev. Våre to døtre er heime. Eldstemann og barnebarn besøkjer dei andre besteforeldra denne jula, men dei kjem igjen, og då skal vi på besøk, alle saman, også mi 88-årige mor som framleis er sprek og krystallklar.
    Håpar de alle har ei fantastisk jul, med tid til fred og ettertanke.
    Navn:      IMGP4312.jpg
Visninger: 980
Størrelse: 125.3 Kb
    Helsing Arve;
    www.audiophile.no går så det susar - nesten attende til gamle høgder!
    Ta kontakt om du vil ha testa noko...

  14. #54
    Æresmedlem Audiophile-Arve's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2002
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskdistriktet
    Innlegg
    16,061
    Tagget i
    5 Innlegg
    Det tok ikkje lange tida før eg var attende til vinylkos. Og i dag har eg endeleg greidd å formulere noko om dei to AudioTechnica-tvillingane. Skal berre lese korrektur på det, så sender eg artikkelen til publisering
    Kva pickup som var best? Eit uhyre vanskeleg spørsmål......
    Helsing Arve;
    www.audiophile.no går så det susar - nesten attende til gamle høgder!
    Ta kontakt om du vil ha testa noko...

  15. #55
    Æresmedlem Audiophile-Arve's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2002
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskdistriktet
    Innlegg
    16,061
    Tagget i
    5 Innlegg
    Artikkelen om dei to AT33-ane er no publisert her: TEST: Audio-Technica AT33PTG/II og AT33Sa
    No går eg inn i ei fase der eg prøver ut tre ulike tallerkenmatter eg har fått sendt frå Portugal. To i Portugal sitt viktigaste eksportprodukt (lat oss ta litt i) kork. Og ei tredje matte i skinn!
    Har jobba litt med dei under utprøvinga av pickupane, og har danna meg eit inntrykk. Men hugs no på at eg har ein heilt spesiell, svinetung platetallerken som er designa for at vinylplata skal leggjast rett på, med platekrans og platelodd. Det fungerer betre enn dei andre materialvala eg har prøv ut på min VPI SSM med Rimdrive. Vesentleg betre enn akryltallerkenen som var standard før, og betre enn det eg har oppnådd med plattermatter, filtmatter, og ting eg har fått låne opp gjennom åra. Men no prøver eg altså denne i skinn....veldig interessant. Og her, på mitt oppsett, klart betre enn korkmattene. Påverkar klangen og dynamikken. Men eg må jobbe litt med å setje ord på dei ulike fenomena. Kjem eg til å gå bort frå bareback-riding? Sale opp med skinn? Eller kork?
    Helsing Arve;
    www.audiophile.no går så det susar - nesten attende til gamle høgder!
    Ta kontakt om du vil ha testa noko...

  16. #56
    Hifi Freak
    Ble medlem
    Oct 2010
    Sted
    Bærums Verk
    Innlegg
    2,342
    Tagget i
    2 Innlegg
    Sitat Sitat fra Audiophile-Arve Se Innlegg
    Artikkelen om dei to AT33-ane er no publisert her: TEST: Audio-Technica AT33PTG/II og AT33Sa
    No går eg inn i ei fase der eg prøver ut tre ulike tallerkenmatter eg har fått sendt frå Portugal. To i Portugal sitt viktigaste eksportprodukt (lat oss ta litt i) kork. Og ei tredje matte i skinn!
    Har jobba litt med dei under utprøvinga av pickupane, og har danna meg eit inntrykk. Men hugs no på at eg har ein heilt spesiell, svinetung platetallerken som er designa for at vinylplata skal leggjast rett på, med platekrans og platelodd. Det fungerer betre enn dei andre materialvala eg har prøv ut på min VPI SSM med Rimdrive. Vesentleg betre enn akryltallerkenen som var standard før, og betre enn det eg har oppnådd med plattermatter, filtmatter, og ting eg har fått låne opp gjennom åra. Men no prøver eg altså denne i skinn....veldig interessant. Og her, på mitt oppsett, klart betre enn korkmattene. Påverkar klangen og dynamikken. Men eg må jobbe litt med å setje ord på dei ulike fenomena. Kjem eg til å gå bort frå bareback-riding? Sale opp med skinn? Eller kork?
    Hei Arve

    Tror nok det er en grunn til at Acoustic Signature leverer sine
    toppmodeller med skinn matte.
    Har vel sikkert hatt minst 10 forskjellige platematter i min tid
    i tillegg til vakum vinylrigger.
    Skinn er i hvertfall min favoritt.😀
    Forhåpningsvis Superhighend😀

  17. #57
    Æresmedlem Audiophile-Arve's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2002
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskdistriktet
    Innlegg
    16,061
    Tagget i
    5 Innlegg
    Ja, vi får sjå. Skulle berre testa på litt ulike platespelarar.
    Helsing Arve;
    www.audiophile.no går så det susar - nesten attende til gamle høgder!
    Ta kontakt om du vil ha testa noko...

  18. #58
    Hifi Freak bjarnetv's Avatar
    Ble medlem
    Mar 2008
    Sted
    oslo
    Innlegg
    2,926
    Tagget i
    0 Innlegg
    Puh, da kan jeg puste lettet ut.
    Var jo såpass i overkant fornøyd med oppgraderingen til AT33PTG/II at jeg nesten mistenkte meg selv for å bli påvirket av nykjøps-hype-placeboen, men så lenge du også likte den så kan jeg slutte å engste meg for at jeg har mistet all kritisk sans

  19. #59
    Æresmedlem Audiophile-Arve's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2002
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskdistriktet
    Innlegg
    16,061
    Tagget i
    5 Innlegg
    Jula vart rydda ut i veka, ettersom jentene var heime på ferie og kunne hjelpe til. Så no er det attende til meir normal musikk, og akustiske tiltak a la juletreet er ikkje lenger aktuelt. Eg prøvar ut ymse underlag på platespelaren. Fekk tilsendt tre ulike matter frå Portugal, og skal no avgjere i kva grad det er lurt å:
    - bruke tynn matte av naturkork
    - bruke tjukk matte av presskork
    - bruke skinnmatte.
    - bruke mi gamle PlatterMatter
    - Ikkje bruke noko i det heile.

    Ein usikker faktor er at platespelaren min er designa for at plata skal ligge direkte på den spesialbygde tallerkenen, med platestrammar/-vekt og helst platekrans. Så dei fyrste innleiiande rundane er ikkje eintydige, men det er lite skilnad mellom mattene når eg køyrer "full pakke". Om eg ikkje brukar platestramming av noko slag derimot...

    Skulle vel ha gjennomført utprøvinga med ein Rega eller Linn, der det svergast til filtmatte, og der platestramming ikkje er praktisk. Men slike spelarar har eg ikkje lenger.

    Uansett, det er råd å hale litt ekstra ut av vinylriggen om du ikkje har tenkt på underlaget tidlegare. Om enn ikkje så mykje som ved skifte av pickup og denslags...
    Helsing Arve;
    www.audiophile.no går så det susar - nesten attende til gamle høgder!
    Ta kontakt om du vil ha testa noko...

  20. #60
    Æresmedlem Audiophile-Arve's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2002
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskdistriktet
    Innlegg
    16,061
    Tagget i
    5 Innlegg
    For fyrste gong sidan jul lyttar eg "fritt" i morgonøkta, utan å skulle teste noko spesielt. Eg er utprega A-menneske, slik at laurdag og sundags morgon vert avsett til finlytting. Stort sett er eg både opplagt og edru når klokka er sånn rundt 0700 og nokre timar framover, slik at det er eit utmerka høve til å teste ting nokolunde objektivt (iallfall betre enn å bestemme seg for kva ein meiner om eit hifiprodukt når ein er trøytt eller i affekt av ein eller annan grunn). Men i dag er det ingenting som skal prøvast ut. To testar ventar på publisering, ein av Krix høgtalarar og ein av ymse matter til å legge på platetallerkenen. Eg har også skrive om Hana sin dyraste pickup (som likevel er den billegaste pickupen eg har prøvd ut med Shibata-sliping), men må finformulere meg litt der.

    Så no er det berre art for arts sake. Eg har spelt litt Supertramp. Med nye pickupar (brukar AT33SA i dag) er det interessant å høyre om det kjem nye opplevingar av gamle låtar. Men Super-karane baud på få overraskingar, og eg kjende behovet for å bryte rutinene med berre favorittmusikk.

    Eg rota litt i hylla, og fann nokre plater eg ikkje har spelt på lang tid. Den fyrste var ei direktegravert Miller og Kreisell-vinylplate med utdrag frå Beethoven sin 9.symfoni. Sjeldan, og med intensjon om å imponere lydmessig. Fekk ikkje så god kritikk av TAS i si tid, men imponere gjorde ho, og eg vart på nytt fasinert over AT33 si botnsolide bassattgjeving. Skulle likt å hatt desse råskinna som Rudi fortel om frå MySonicLabs, men det er så forbaska vanedannande, og eg driv med pengekrevjande husbygging på si no.. Men Miller & Kreisel er veldig interessant. Sjølv om TAS ikkje likte innspelinga, er det sider som imponerer stort. Paukene og bassfundamentet er kanskje litt overdrivne, men det får litt futt i 4.satsen som er artig (sjølv om du bør ha ein meir edrueleg versjon i tillegg)

    Så fann eg noko artig. Dei legendariske tyske Kraftwerk, med verdas minste plateselskap (Kling-Klang studio) greidde å gje ut albumet "Electic Cafe" på vinyl sjølv om det var CD som var sentralt då dette kom. Dei siste ti-tolv åra har eg nok berre spelt CD-versjonen, og vinylplata har stått berre til pynt. No vart ho lagt på spelaren, og gjett kva - totalt anna lyd, og til det mykje, mykje betre. Eg har hatt denne opplevinga ganske ofte - at vinyl høyrest betre ut enn sølvplater (noko som ikkje er så rart når Oppoen eg brukar berre kostar 1/8 av vinylriggen, og ikkje på langt nær har fått så mykje stell og omsorg). Men her var det nesten sjokkerande kor "naturleg" og "organisk" det høyrtest ut når Kraftwerk spelte på synthar og yms høgst kunstige lydkjelder. Svært interessant. Så eg måtte nesten prøve litt Yello også. Men her fekk eg ikkje gjere direkte samanlikning. La Habernera på vinyl, og The Eye på CD. Litt urettferdig samanlikning, eigentleg.


    Til sist måtte det spelast litt Creedence. Min fyrste musikalske kjærleik etter barneplatene. Eg har framleis orginalplatene av "Green River" og "Pendulum", men må innrømme at særleg den siste knitrar litt mykje. Så eg kjøpte desse i nytrykk - også i 45 rpm-utdrag.
    Det er noko eige med å ta ut desse forseggjorte 180 grams versjonane. Med pussa kant, forseggjorde til tusen. Og sjølvsagt: Flott lyd, der også. Om enn tidstypisk, varm og rund, men dynamikken er på plass, meir enn på originalutgåvene. Det gjeld ikkje berre 45-versjonane, Pendulum i 33-utgåve gjev meir perspektiv og meir speleglede enn gamleplata (også fordi knitring og sus er totalt fråverande, men ikkje berre av den grunn)

    Ein må nok passe på å glede seg meir over anlegget, og ikkje berre stresse med utprøving og vurdering av ditt og datt. Det er for mykje å gjere for tida. Ikkje har eg fått fiska heller. Eller gått på fjellet. Uff.
    Vedlagte bilder Vedlagte bilder   
    Helsing Arve;
    www.audiophile.no går så det susar - nesten attende til gamle høgder!
    Ta kontakt om du vil ha testa noko...

Side 3 av 8 FørsteFørste 12345 ... SisteSiste

Skrive Tillatelser

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere dine innlegg
  •  


 

Om Hifisentralen

    Hifisentralen er Norges største webside innen high-end hi-fi og musikk, og vi har vært på nett siden år 2001. Velkommen til en god hi-fi diskusjon eller kjøp og salg av utstyr.
   

Følg oss på sosiale medier:

Facebook Twitter RSS Feed