Side 1 av 25 12311 ... SisteSiste
Resultater 1 til 20 av 495
Abonnér på denne tråden
  1. #1
    Overivrig entusiast LydKarl's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2004
    Sted
    Sørlandet
    Innlegg
    973
    Tagget i
    0 Innlegg
    Album
    1

    LydKarls lyttekrok - bildetråd

    Forord

    Eg syns det er intr å lese om og sjå andres oppsett. Særleg bildetrådar. Hadde tidlegare litt div info på "min side", men slutta å bruke denne. Tenkte det kanskje var større sjanse for å få tilbakemeldingar om eg lagar min eigen tråd om lyttekrok min. Tanken er vel å bruke denne som ei slags hifi-dagbok og få innspel frå dykk. Apropos "dykk"; det er nok fleire som ikkje set spes stor pris på nynoregsken. Det fell seg dessverre ikkje naturleg for meg å skriva bokmål, men prøver fortløpande å skrive forståeleg og ikkje for tungvint (garantert allereie for seint i denne tråden).

    Anyway - tenker å starte med forløpet frå eventyret begynte og fram til i dag. Har sjølvsagt inga praktisk nytte dette, men eg gjer det likevel (det er jo min tråd ). Håpar tråden fell i smak, folkens!

    Mvh. Karl
    Litt om mitt
    Stello DA220 MkII
    Dynamic Precision DPA 6.4
    CODA CP
    audiolab 8000CDM
    Rega Planar 3 - Benz Glider
    Gradient Revolution MkII

  2. #2
    Overivrig entusiast LydKarl's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2004
    Sted
    Sørlandet
    Innlegg
    973
    Tagget i
    0 Innlegg
    Album
    1

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    HiFi-dagboka mi fram til i dag 30.09.2006

    78-91
    Høyrer på mine foreldres Tandberg Sølvsuper 11-73 frå rundt 1973, Tandberg TL-1520 høgtalarar og Tandberg kassettspelar. Dennen komboen spelar noko ullent og lite engasjerande. Klenodium og pent møbel. Intet meir.

    91-92
    Får lyd på guterommet for fyrste gong: Radionette Symfoni 3D frå 1956. Lyden er svært ullen og uengasjerande. Som å høyre på musikk med madrass surra rundt hovudet. Tek inn langbølgesignal frå bl.a. Russland, Tyskland og Italia.

    92-95

    Radionette Soundmaster 40 C (1972 - forsterker 2x25W, FM/AM radio og kassettspiller). Høgtalarar av same merket. Alt kjøpt på loppemarked i Bergen. Lyden er elendig, men eg veit ikkje betre og har ikkje høyrt stort anna, så eg er nøgd. Høyrer i to år i all hovudsak på to kassettar: The Boss: Tunnel of Love + Born in the USA. Bærbar Sony cd-spiller tilkoplast i 95 overfornevnte receiver og musikkutvalet utvidast betrakteleg på kun kort tid.

    95-96
    Byter ut receiveren med ein (skal det visa seg å vera) kjip Sansui integrert forsterkar som visstnok skal levera 2x70W v/4 Ohm, men dette viser seg kun å vere på papiret. Klokkeradioen min leverer meir krefter enn denne. Kjøper også ny cd-spelar: Harman Kardon HK 7525 og bygger Elteks Vifa Jonglering.

    97
    Sansuien må vike for Denon PMA-1315R. Til no er dette den klart mest avgjerande oppgraderinga. Kjøper også Rega P3 (brukast framleis per 09.2006), Denon TU-215RD radio samt VM Acoustic S4 rack (brukast framleis per 09.2006).



    98-99
    Bygger Eltek Exact med bass-seksjonar og byter (les: nedgraderer) til Nad 2400 for seinare å kunne ha separat for- og effektforsterker for å kunne drive denne løysinga. Lydmessig er dette trass i forsterkarnedgraderinga det hittil største og mest avgjerande hoppet i min streben mot det musikalske nirvana.

    00-02
    Kjøper Doxa 70 SE. Brukar denne på monitorane og brukar Nadèn som både for- og effektforsterkar då denne er delt med aktivt delefilter som delar v/110 Hz. Blir aldri heilt fortruleg med bass-seksjonens lydkvalitet. Brukar kun monitorane saman med Doxa som gir eit nokså nøytralt lydbilde – er svært godt fornøyd med Doxa som oppgradering.

    03
    SONY DVP NS-900V (brukast framleis per 2006) gir eit ganske stort lydmessig løft i forhold til Harman Kardonen. Får også tak på Dynamic Precision BPC 7.0 på brukten og kjøper Silk MkII hjå Paul. Silk var ei betydeleg oppgradering og opna lydbildet betrakteleg.





    04
    Sel Eltek Exact med bass-seksjonar med tungt hjarte. Det måtte ein solid grunn til for at eg skulle velge å vere utro mot høgtalarane eg brukte over 3 mnd på å bygge; eg hadde funne eit par Gradient Revolution MkI (brukast framleis per 09.2006) med jumpers på biwireterminalane i reint teflonisolert sylv med rhodiumbelagte sylvspadar frå Infinite Resolution til salgs. Og det såre savnet etter Exact skulle fort bli snudd til begeistring; Revolution MkI er største oppgradering så langt (per 09.2006)!



    05
    Black Magic Intro IC (brukast framleis per 09.2006) frå Paul. Doxa Signature mkII overtek for Doxa 70SE. Forbetringa er formidabel, spesielt i nedre frekvensområde der kontrollen er mykje betre, sjølv om her er meir å henta. Samstundes er resten av frekvensområdet avlasta som ein følge av at forsterkaren no pustar lettare, og lydbildet er endå meir gjennomsiktig enn før. Black Magic Revelation SP frå Paul (brukast framleis per 09.2006) gjer sitt inntog 14.april. Rå oppgradering dette! Heilt vanvittig! Kjøper Tema Isolator til forsterkarsettet og høgtalarane. Desse blir flytta litt rundt på, finn bl a ut at dei er uegna mellom seksjonane på Revolution, så her er eg enno ikkje i mål (per 09.2006).



    6.oktober: AT-OC9ML/II og Shure SFG-2. *
    Etter å ha brukt 4 1/2 time (det er fyrste gongen eg gjer dette og ville vere heilt sikker på at det vart heilt riktig før eg byrja spele plater) på å sette opp riggen, var det klart for testing av plater av ulik karakter, innspelingsmessig som stilmessig; (Testplata til Len Gregory, `The Cartridge man`, lånt av StereoJoe. Bestod alle testspor med glans etter diverse finjusteringar, inkludert `terrorsporet`der den minste feil på antiskating blir brutalt avslørt)

    Supertramp - Breakfast in America
    Jethro Tull - Bursting out
    Jon and Vangelis - The friends of Mr Cairo
    Pink Floyd - Delicate sound of thunder
    Norah Jones - Feels like home

    Hadde store planar om å lytta store delar av natta, men sovna etterkvart i lyttestolen.... Fyrsteinntrykket i forhold til Rega Elys, som i 10 år no har spelt i oppsettet mitt, vil eg beskriva slik:

    - ei plate eg alltid har likt godt, Bursting out, lyder no meget uengasjerande. Mistenker denne innspelinga for å vere

    relativt middelmådig. Dei resterande testplatene har derimot aldri spelt betre! På langt nær! Ellers;

    - generelt slankare og lysare lydbilde

    - mykje "ny" informasjon, svært mykje meir detaljert og oppløyst

    - heile frekvensspekteret er svært dynamisk og sparkar skikkeleg ifrå. Rockefoten kom fort fram her. Merka spesielt godt dette i midbassen, samt at djupbassen aldri var slapp, men stram og `disiplinert.

    - tredimensjonaliteten på denne pickupen får meg til å tru at dette fenomenet var fråverande på Elys.

    - instrumenta høyrest meir ekte ut. Merkar dette spesielt tydeleg på gjengivelsen av stemmer og trommer.

    06
    Treng vel ikkje føye til at eg er nøgd. Var forberedt på at dette kunne vere miss og låte alt anna enn bra i rå tilstand, men neida. Må pickupar forresten normalt `brennast inn` for å yta sitt beste? Enda ellers opp etter prøving og lytting:

    - pickupen er montert nokså langt framme, ca på 3/4 målt bakifrå og framover), i monteringsspora på RB300. For å få nåla til å spore parallellt med rillene står denne tilsynelatande faktisk ikkje heilt parallellt med RB300 (målt vha måleplate vedlagt test-LPen til Len Gregory).

    - Antiskating tilsvarande nåletrykk; 1.5g

    Freistar lite å bruka Sonyen no som denne heng etter så til dei grader.

    Registrerar litt irriterande s-lydar i starten av innspelinga. Dette fenomenet forsvinn heilt etter vidare innspeling.

    Denne vinteren stikk eg innom Fosse og hentar Mike Bladelius´ Swedish Audio Technology Phonofix "Balancerad grammophonförstärkare, entaktskopplad klass A" som det står på frontplata. Dette er mitt fyrste reine riaatrinn. Virkar som om dette gjer ein god jobb hjå meg. 2 grunnar (utover lydkvaliteten) til at eg slo til på denne var at den er fullbalansert (eg ønsker på sikt å køyre gjennomgåande fullbalansert signalføring i oppsettet mitt) samt at den er justerbar (brukarvennlig).



    Sommaren 06 er eg så uheldig/uforsiktig at eg kjem borti nåla på AT-OC9 ML/II og bøyer denne. Den følelsen eg sat med då vil du neppe oppleve. Dette var ikkje bra. Men som kona sa; - fins det ikke flere der den kommer fra da? Og det gjorde det jo, og i postkassa landa etter kvart Benz Micro Glider M2. Får besøk av Fosse og hans protractor og får demonstrert kor nøyaktig, enkelt og raskt ein kan sette opp ein pickup. Denne saken burde vere intr for alle som byter pickup relativt ofte.
    Litt om mitt
    Stello DA220 MkII
    Dynamic Precision DPA 6.4
    CODA CP
    audiolab 8000CDM
    Rega Planar 3 - Benz Glider
    Gradient Revolution MkII

  3. #3
    Overivrig entusiast LydKarl's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2004
    Sted
    Sørlandet
    Innlegg
    973
    Tagget i
    0 Innlegg
    Album
    1

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    Status per i dag 30.06.2006



    No i slutten av september er denne ferdig innspelt og inntrykka kan begynne å sette seg. Kjem derfor nærmare tilbake til denne seinare. Totalt sett er eg stort sett fornøyd med lyttekroken min, men ser sjølvsagt forbetringspotensiale; Rommet kan/bør nok med fordel tunast ytterlegare, bassen kunne vore hakket strammare (mykje av skulda for det ligg nok på doxaen (70-wattar på bl a 4x12" er ikkje optimalt), og toppen ein bittebitte liten smule meir oppløyst (den er vanvittig bra, for all del, men eg har nok høyrt betre på dette parameteret enn på Rev MkI). Utover dette vil eg betegne Revolution MkI som ein veldig komplett, sømlaus og nøytral høgtalar utan å stikke seg fram spesielt på eine eller andre måten.

    Mvh. Karl
    Litt om mitt
    Stello DA220 MkII
    Dynamic Precision DPA 6.4
    CODA CP
    audiolab 8000CDM
    Rega Planar 3 - Benz Glider
    Gradient Revolution MkII

  4. #4
    Overivrig entusiast LydKarl's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2004
    Sted
    Sørlandet
    Innlegg
    973
    Tagget i
    0 Innlegg
    Album
    1

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    Nærmaste framtid

    1.
    Seinare i dag får eg inn eit nytt sett Black Magic Revelation Furutech Rhodium SP. Dei eg har er blitt for korte (ligg ut på stovegulvet der små barneføtter trampar forbi + at eg har plassert fire vinkassar som platehyller så nærme platespelaren som mulig). Dei nye er så lange at dei kan bli liggande bak vinkassane langs veggen og bli litt meir gøymt/beskytta.

    2.
    Får samtidig eit sett Black Magic Revelation Neutrik XLR-XLR som skal inn mellom riaa og pre, eitt steg nærmare gjennomgåande balansert signalføring.

    3.
    Frå Paul får eg også seinare i dag inn eit sett Black Magic Revelation Furutech Rhodium jumpers, fin match til h.t. kablane.

    4.
    Til veka skal mine Gradient Revolution MkI ut til fordel for Gradient Revolution MkII. Er veldig spent på dette, har lytta til dei ved fleire anledningar i butikk-lokalene i hjå Paul/PM Audio i Kristiansand før han flytta heim til Nodeland, men aldri i mitt oppsett i mitt lytterom. Spennande.

    Det vart litt vel mykje nytt på ein gong tykkjer eg sjølv, men dette er kun gjort av praktiske årsaker (høyrest rart ut, I know, men slik er det altså). For å kunne gje kritikk på kvar enkelt komponent må eg prøva å halde tunga mitt i munnen her ved å byte ut ein komponent i slengen med god tid til lytting mellom kvart byte. Eg får riktignok ikkje gjort nokon grundig lyttetest med Black Magic jumpers på Rev MkI før eg må gje dei frå meg, men vil likevel prøve å få ein liten peikepinn om BM vs Infinite Resolution jumpers. Utover dette kjem eg til å vente med å bytte ut kablar (fyrst høgtalarkablar, så signalkablar) til eg sit med eit solid lytteinntrykk av Rev MkII.

    Litt vidare

    Etterkvart vil eg skaffe meg ny cd-spelar, evt gå for ein cd-spelar/drivverk+dac kombinasjon. Dvs, når behovet for å spela cd´ar igjen måtte dukke opp. Siste året har eg nemleg knapt spelt ei einaste cd-plate, antakeleg nettopp pga mangel på ein god cd-spelar. Ellers vil eg sjå meir på andre vibrasjonsdempande tiltak til Revolution etterkvart, både under og mellom seksjonane, samt gå over lytterommet og sjå etter forbedringspotensiale mhp akustikk. Nye lyttestolar skal óg inn etterkvart. Mykje gøy på tapetet mao

    Mvh. Karl
    Litt om mitt
    Stello DA220 MkII
    Dynamic Precision DPA 6.4
    CODA CP
    audiolab 8000CDM
    Rega Planar 3 - Benz Glider
    Gradient Revolution MkII

  5. #5
    Hifi Freak Trane's Avatar
    Ble medlem
    Sep 2003
    Innlegg
    6,132
    Tagget i
    2 Innlegg

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    Bra tråd, Karl !!

    Godt å se at også andre har en pinlig lydfortid ;-) Selv tilbragte jeg store deler av oppveksten sammen med ymse inkarnasjoner av Sony Walkman og en stadig voksende samling kassetter.
    "I don't know how many times someone has come up to me and said, 'Hey, Lets dance!'. I hate dancing. God, it's stupid!" - DavidBowie
    "Bare kjedelige mennesker er brilliante ved frokostbordet" - Oscar Wilde"
    The inherent vice of capitalism is the unequal sharing of blessings; the inherent virtue of socialism is the equal sharing of miseries." W.Churchill

  6. #6
    Hifi Freak Erland's Avatar
    Ble medlem
    Apr 2003
    Innlegg
    3,238
    Tagget i
    0 Innlegg

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    Ja for en fint tråd!
    Dette var fin lesing og fine bilder.
    Selv har jeg en stor sort flekk på min audiofile samvittighet i form av en ITT 3501(fant jeg ut at den het etter litt nettsøk). *

    Følte meg som en konge når jeg kjøpte den brukt. *Vi hadde hatt den på lån mens fatter'n sin BEO hadde blitt reparert.
    Nedturen kom ganske raskt i form av jævlig skraping og spetakkel i kanelene, og bedre ble det ikke
    Member of NBPM

  7. #7
    Hifi Freak mikefish's Avatar
    Ble medlem
    Jan 2005
    Innlegg
    4,960
    Tagget i
    0 Innlegg

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    flott billedtråd der Lydkarl ! hadde vært fristende og kunne komme med noe tilsvarende fra min hi-fi "karriere",men har ikke digitalt fotoapparat etc.

    bet meg merke i en ting her : er det et VM acoustic rack du har til anlegget ? og hvordan i huleste har du plass til en doxa på hylla der ?. har et slikt rack selv ( hvis det er samme da ). brukes nå i video-kroken min.(bilde).det har irritert meg vannvittig med den bjelken i midten bake når det gjelder dybde på komponenter og plass til gode kabler.



    mvh. s,

    Current set-up : A : Pioneer PD S 707 - Rega Dac-R - B&O Beocenter 7007 - Dali Mentor B : Pioneer PL 530 - Rega Fono - Technics RS TR 212 - Rega Elicit-R - Monitor Audio Silver 2 - musikk-freak og platejunkie.

  8. #8
    Overivrig entusiast Stivert's Avatar
    Ble medlem
    Dec 2003
    Innlegg
    644
    Tagget i
    0 Innlegg

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    Kjempe fin tråd dette!! Lenge siden jeg har hørt den Camel skiven, på bilde.....

    mvh
    mvh

  9. #9
    Hifi-entusiast
    Ble medlem
    Nov 2005
    Innlegg
    485
    Tagget i
    0 Innlegg

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    Kjempebra tråd!
    Ekstra spennende når det er komponentar eg kjenner sjølv å høyre andre sine opplevingar av endringar/oppgraderingar. Har sjølv Exact, sjølvbygd kabinett i luth-form (Bua sideveggar)i massiv stavlimt eik. Har blitt glad i den reine og oppløyste lyden. (Høyrer mykje på klassisk.) Var i kontakt med ELTEK her om dagen om meir bass. Dei råda til 10" Excel i bassmodul og aktiv deling. Eg er difor nysgjerrig på:
    1 Korleis var ditt opplegg med bassmodul og korleis fekk du det til å spele i lag med Exactane?
    2 Kva blei annaleis ved overgangen til Gradient?
    Høyrde Revolution for lenge sidan hos PM på Nodeland, men har ikkje klar erindring om korleis det var. Får ta ein visitt igjen. Var ei stund fascinert av dipol og las om Linkwitz sine Audio Artistry -prosjekt, men det blei ikkje noko meir.

    Sigurd
    Diy plates (Rega 3) med div Origin live, Creek cd 50 mk2, Borbely Starter kit line/RIAA, Zapsolute mk4, mk2, Bastanis Firebird, Mandala dipol-sub, Kimber KCAG, Silver Bullet.<br />Cyrus 8 vs/PSX-R, diy Exact<br />Marantz 2238

  10. #10
    Hifi Freak montesi's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2002
    Innlegg
    1,474
    Tagget i
    0 Innlegg

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    Ser ut som at det er muligheter for å trives hos deg Karl Camel skiva er forresten god som gull!
    Killing myself ?? Killing myself's the last thing I'll do ! - Homer
    Vpi scout / Benz ace sl / Asr Mini Basis mk5 / Ayon CD2s / Mi23,5 med PSU / Mi21 x 2 / Von Schweikert vr4jr

    Skriblerier i "mitt anlegg" - http://bit.ly/1yrQzfQ

  11. #11
    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    Aug 2005
    Sted
    Ålesund
    Innlegg
    705
    Tagget i
    0 Innlegg

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    er det et VM acoustic rack du har til anlegget ? og hvordan i huleste har du plass til en doxa på hylla der ?. har et slikt rack selv ( hvis det er samme da ). brukes nå i video-kroken min.(bilde).det har irritert meg vannvittig med den bjelken i midten bake når det gjelder dybde på komponenter og plass til gode kabler.
    40 kg. på ei tynn glassplate!! Gradvis vektøkning ved plassering er et nøkkelord


    Cabasse BalticII+Velodyne DD-10.Hegel H1Se,Mac mini,HarmoyAudio dac... Nr.2: Dali 40.Mk1.Denon Pra 1500.2xPoa6600a.Dcd 3560

  12. #12
    Hifi Freak mikefish's Avatar
    Ble medlem
    Jan 2005
    Innlegg
    4,960
    Tagget i
    0 Innlegg

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    hei !

    ja husker en gang jeg var innom klubben,og det stod en heavy surround forsterker på toppen.jeg skulle lytte til Denom PMA 1500/DCD 1550-settet og selgeren plasserte det opp på det det stakkars racket.var sikker på at nå går det til Hæ...

    mvh. s
    Current set-up : A : Pioneer PD S 707 - Rega Dac-R - B&O Beocenter 7007 - Dali Mentor B : Pioneer PL 530 - Rega Fono - Technics RS TR 212 - Rega Elicit-R - Monitor Audio Silver 2 - musikk-freak og platejunkie.

  13. #13
    Hifi Freak kaap's Avatar
    Ble medlem
    Mar 2004
    Sted
    Rana
    Innlegg
    3,198
    Tagget i
    0 Innlegg

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    Ql tråd! Gleder meg til det nye forumet og håper virkelig at det blir bildetråd-avdelig, og evt medlemssystem avd... liker løsningen som hififorumet bruker veldig godt...
    S.O.t.M sMS-200neo // Singxer SU-1 (DDC) // DP DAC 8.0
    Thorens TD321/RB300 // Ortofon Quintet Blue // DP DPR2.19
    DP C1s // DP EC502 // DP A1s x 2// Multicell // Silk & Silspeak
    Admin for dpguiden.no // Min bildetråd // Byggetråd: Lytterom

  14. #14
    Overivrig entusiast LydKarl's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2004
    Sted
    Sørlandet
    Innlegg
    973
    Tagget i
    0 Innlegg
    Album
    1

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    (...) bet meg merke i en ting her : er det et VM acoustic rack du har til anlegget ? og hvordan i huleste har du plass til en doxa på hylla der ?. har et slikt rack selv ( hvis det er samme da ). brukes nå i video-kroken min.(bilde).det har irritert meg vannvittig med den bjelken i midten bake når det gjelder dybde på komponenter og plass til gode kabler. (...)
    Ja, du har gjort korrekt obserasjon, mikefish; det er det racket du nevner. Doxaen går på håret inn i hylla av den enkle grunn at inngangane på doxaen er midt bak og sit veldig tett slik at dei og signalkablane går inn i bjelken bak (den er u-forma med åpningen fram). Men den står nesten og vippar i framkant av glasshylla han står på.

    Kjempe fin tråd dette!! Lenge siden jeg har hørt den Camel skiven, på bilde.....
    mvh
    Ser ut som at det er muligheter for å trives hos deg Karl Camel skiva er forresten god som gull!
    Denne skiva fyller stova med erkebritisk syttitals progrock fleire gongar i veka, for tida ei av dei platene eg spelar hyppigast. Kongeplate. Rett og slett. Likar Snow Goose og Moonmadness óg, men Mirage er noko for seg sjøl. Rain Dances er eg derimot ikkje fullt så fortruleg med. Kom gjerne innom på ein kopp kaffi om du vil høyre denne knallskiva igjen etter gammalt

    Kjempebra tråd!
    Ekstra spennende når det er komponentar eg kjenner sjølv å høyre andre sine opplevingar av endringar/oppgraderingar. Har sjølv Exact, sjølvbygd kabinett i luth-form (Bua sideveggar)i massiv stavlimt eik. Har blitt glad i den reine og oppløyste lyden. (Høyrer mykje på klassisk.) Var i kontakt med ELTEK her om dagen om meir bass. Dei råda til 10" Excel i bassmodul og aktiv deling. Eg er difor nysgjerrig på:
    1 Korleis var ditt opplegg med bassmodul og korleis fekk du det til å spele i lag med Exactane?
    2 Kva blei annaleis ved overgangen til Gradient?
    Høyrde Revolution for lenge sidan hos PM på Nodeland, men har ikkje klar erindring om korleis det var. Får ta ein visitt igjen. Var ei stund fascinert av dipol og las om Linkwitz sine Audio Artistry -prosjekt, men det blei ikkje noko meir.

    Sigurd
    Først og fremst må eg seie at eg vart mycket nysgjerrig på korleis Exactane dine ser ut, ref. "luth-form (Bua sideveggar)i massiv stavlimt eik". Har du bilder? Lite som slår bilder

    1. Sant å seie så følte eg aldri at bassmodulane klarte å henge med dei nærmast suverene monitorane. Det var alltid eit klart skille her eg aldri blei kvitt heilt. Årsaker kan vere ulik karakter på forsterkeri (Doxa 70SE på monitor, gml NAD int. på sub´ane) og uheldig konstruksjon (bygd etter muntleg anvisning frå eltek med doble sidemonterte (forøvrig meget bra) Seas 8" i kabinett som visuelt var tilpassa monitorane mhp form og farge i staden for enkel 12" Vifa /13" Audax i litt mindre slank kasse. Det bør elles nevnast at sub´ar er svært vanskeleg å få bra til. Eg falt derimot til ro med kun å bruke monitorane og var meget fornøgd med denne løsningen (desse monitarene er meget meget bra), sjølv om eg gjerne til tider ønska meg at dei gjekk litt djupare.

    2. Overgangen til Gradient ja.. Eg er veldig glad i monitor (det har kanskje dei fleste skjønt) og Gradient Revolution MkI er nettopp som gode monitorar. I tillegg forsvann fenomen som kasselyd, dei er fullstendig frigjort og vanvittig oppløyste. Den tydelege sømmen mellom topp og bunn er som vaska vekk, i tillegg er Revolution lettdrevne (Exactane var ganske tungdrevne), av den grunn kan eg (til nød, riktignok) bruke ein liten søt 70-wattar som strømleverandør. Det er forresten kun bassmodulane på Revolution som er dipol.

    hei ! ja husker en gang jeg var innom klubben,og det stod en heavy surround forsterker på toppen.jeg skulle lytte til Denom PMA 1500/DCD 1550-settet og selgeren plasserte det opp på det det stakkars racket.var sikker på at nå går det til Hæ...

    mvh. s
    40 kg. på ei tynn glassplate!! Gradvis vektøkning ved plassering er et nøkkelord
    Racket er ganske solid, men det får no vere grenser; 40 kg?! Hadde neppe tatt sjansen på dette sjølv, men likar ein å leve farleg...

    Ql tråd! Gleder meg til det nye forumet og håper virkelig at det blir bildetråd-avdelig, og evt medlemssystem avd... liker løsningen som hififorumet bruker veldig godt...
    Eitt hundre prosent enig, zemtex!

    Fortsatt god helg folkens! Mvh. Karl
    Litt om mitt
    Stello DA220 MkII
    Dynamic Precision DPA 6.4
    CODA CP
    audiolab 8000CDM
    Rega Planar 3 - Benz Glider
    Gradient Revolution MkII

  15. #15
    om.s
    Guest

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    Flott tråd! og Camel er jo nesten obligatorisk ....

    mvh

  16. #16
    Overivrig entusiast Stivert's Avatar
    Ble medlem
    Dec 2003
    Innlegg
    644
    Tagget i
    0 Innlegg

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    Jepp har stor sans for de gamle Camel platene! Masse annet snacks som er gitt ut på den tiden også! Spesielt glad i gammel Italiensk prog og Anekdoten blant annet. Det bør du/dere sjekke ut!!!!!

    Her er et par greie plasser og lete......
    http://www2.recordheaven.net/
    http://www.mellotronen.com/

    Litt avsporing........

    mvh

    mvh

  17. #17
    Hifi-entusiast
    Ble medlem
    Nov 2005
    Innlegg
    485
    Tagget i
    0 Innlegg

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    Først og fremst må eg seie at eg vart mycket nysgjerrig på korleis Exactane dine ser ut, ref. "luth-form (Bua sideveggar)i massiv stavlimt eik". Har du bilder? Lite som slår bilder *

    Det var det eg hadde frå ein tidlegare test med bilder. Må komme meg i gang med bilder. Tanken bak kabinettet var å få ein stiv konstruksjon utan parallelle indre flater. (Topp og botn er bylgjeforma innvendig). Og så var det dette med WAF. Står på ganske høge, tunge! diy-stativ i tre/stål/sand.
    Det skulle vere eit ganske umulig prosjekt med Exact og 40w (Zapsolute mkII) og stort rom med stor takhøgde, men det går overraskande bra til det lyttenivået eg brukar. Men det kunne sjølvsagt vore moro med meir headroom iblant.
    Forresten, hadde du aktiv deling med subbane eller berre low-pass?

    Sigurd
    Diy plates (Rega 3) med div Origin live, Creek cd 50 mk2, Borbely Starter kit line/RIAA, Zapsolute mk4, mk2, Bastanis Firebird, Mandala dipol-sub, Kimber KCAG, Silver Bullet.<br />Cyrus 8 vs/PSX-R, diy Exact<br />Marantz 2238

  18. #18
    Hifi Freak Fosse's Avatar
    Ble medlem
    Aug 2003
    Innlegg
    8,906
    Tagget i
    5 Innlegg

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    Kjempefin tråd LydKarl. Kan forøvrig bare nevne at det er høyst hyggelig i lyttekroken til Karl. Her er det godt utvalg av vinyl, strålende bevartning, flott lyd, den blir forresten stadig bedre.

    Lekre bilder du har fått til, men så har du en høyst lekker krok med utsikt da. Flott jobbet.
    Studer A80RC | Bergmann Galder og Odin | Kuzma 4point | SME V-D | Schick | Vdh Colibri XCP | DV XV-1s | Jan Allaerts MC2 Finish Gold | Garrard 301 med CTC power | EMT 997 | DV507MKII | EMT TSD15 og TMD25 | SPU Classic E | Music First | DV SUP-200 | Fidelity Research XF-1 | Gryphon Head | Allnic H-1500IIPlus | Accuphase C-27 | Eximus CD5 | DIY pre | Joule Electra VZN-160 | Harbeth 40.2 |
    Bel Canto Dac 1.5 | Ars-Sonum Filarmonia SE | Tannoy Sandringham

  19. #19
    Overivrig entusiast LydKarl's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2004
    Sted
    Sørlandet
    Innlegg
    973
    Tagget i
    0 Innlegg
    Album
    1

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd

    Jepp har stor sans for de gamle Camel platene! Masse annet snacks som er gitt ut på den tiden også! Spesielt glad i gammel Italiensk prog og Anekdoten blant annet. Det bør du/dere sjekke ut!!!!!

    Her er et par greie plasser og lete......
    http://www2.recordheaven.net/
    http://www.mellotronen.com/

    Litt avsporing........

    mvh
    Nei, nei. Prog er definitivt ingen avsporing i denne tråden. Takk for tips! Eg er sjølv på offensiven for tida for å utvida min horisont på denne genren. Har ein kollega/kamerat som er meget kapabel på bl a gitar og bass, tidlegare plateanmelder på bl a prog- hard- og symfonisk rock og har produsert nokre album. Han er eit vandrande biblotek når det kjem til progrock, og eg hadde for halvannen veke sidan min første undervisningstime i innføring i prog´ens historie, mangfold og grupper; ein kveld med masse Genesis, YES, Gentle Giant, Kansas, Dream Theater, Jethro Tull og anna spennande. Veldig spennande og omfattande genre dette. For tida går det for det meste i 70-tals prog i heimen.

    Mvh. Karl
    Litt om mitt
    Stello DA220 MkII
    Dynamic Precision DPA 6.4
    CODA CP
    audiolab 8000CDM
    Rega Planar 3 - Benz Glider
    Gradient Revolution MkII

  20. #20
    Overivrig entusiast LydKarl's Avatar
    Ble medlem
    Nov 2004
    Sted
    Sørlandet
    Innlegg
    973
    Tagget i
    0 Innlegg
    Album
    1

    Re: LydKarls lyttekrok - bildetråd


    Det var det eg hadde frå ein tidlegare test med bilder. Må komme meg i gang med bilder. Tanken bak kabinettet var å få ein stiv konstruksjon utan parallelle indre flater. (Topp og botn er bylgjeforma innvendig). Og så var det dette med WAF. Står på ganske høge, tunge! diy-stativ i tre/stål/sand.
    Det skulle vere eit ganske umulig prosjekt med Exact og 40w (Zapsolute mkII) og stort rom med stor takhøgde, men det går overraskande bra til det lyttenivået eg brukar. Men det kunne sjølvsagt vore moro med meir headroom iblant.
    Forresten, hadde du aktiv deling med subbane eller berre low-pass?

    Sigurd
    Wow. Dette ser meeget bra ut audiy! Gratulerer med avantgarde Exactar! Vanvittig pen, stilig at du har brutt med standard kabinettet (mitt er standard, men har brukt litt feitare mdf-plater enn angitt). Høyrest ut som stativa står i stil - solide saker dette óg les eg * Eg køyrer passiv deling på Gradientane. Det skal eg óg med MkII som eg får om ei vekes tid eller to. Han som sel sine MkII til meg skal ha aktive 2005-mod. Revolution. Dei leverar varene. Har ikkje høyrt passiv vs aktiv med same elektronikk, men 2005-mod aktiv på Coda elektronikk og piccolo platespelar (hugsar ikkje pickup i farta) spelar forbasket bra! Kjem no i kveld rett frå seine og trivelege (men altfor få) lyttetimar hjå Paul på Nodeland med mykje variert musikk. Til ei forandring høyrde me bl a på litt big band musikk; Frank Sinatra og Harry James & His Big Band. Sistnevnte var vanvittig dynamisk og engasjerande. Fy søren for ein opplevelse. Spela óg noko med innslag av kyrkjeorgel, eitt av mine favorittinstrument, med enorm tyngde og autoritet.

    Mvh. Karl
    Litt om mitt
    Stello DA220 MkII
    Dynamic Precision DPA 6.4
    CODA CP
    audiolab 8000CDM
    Rega Planar 3 - Benz Glider
    Gradient Revolution MkII

Side 1 av 25 12311 ... SisteSiste

Skrive Tillatelser

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere dine innlegg
  •  


 

Om Hifisentralen

    Hifisentralen er Norges største webside innen high-end hi-fi og musikk, og vi har vært på nett siden år 2001. Velkommen til en god hi-fi diskusjon eller kjøp og salg av utstyr.
   

Følg oss på sosiale medier:

Facebook Twitter RSS Feed