Operahuset på Nordfjordeid.

666

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.09.2013
Innlegg
2.510
Antall liker
6.120
Torget vurderinger
14
Hmmm, da skulle man vært der. Har en tidligere stereo kompis som bor på Eid..
Kos deg.
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
20.682
Antall liker
7.922
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Utruleg bra oppleving frå 4.rad. Programmet omfatta også Stokowski sin transkripsjon av Toccata & Fugue i dmoll, noko som også er ei av HP-lista sine absolutte tolv på topp. Veldig greitt å få live-referanse på denne gamle travaren. (Kan i ettertid konstatere at anlegget mitt ikkje er så verst, men at eg kanskje burde gått for Manley Neoclassic 500 med ein Conrad Johnson-forforsterkar for å ha noko som er nærast akkurat denne konsertsal-opplevinga)

No var det berre 3 kontrabassar i orkesteret, men eg tykte det vart kompensert i massevis av dei vokale prestasjonane.

Bakerst hadde vi ein kombinasjon av operakoret (mange dyktige amatørar frå distriktet) og elevkoret ved Firda VGS. I alt var dei 80 - 90 kormedlemer, som lagde ein "lydvegg" som verkeleg markerte fortissimoa på ein overtydande måte. Så hadde vi fire solistar av høg klasse. Alle var svært flinke, og fekk høve til å syne seg fram med eigne prestasjonar før vi gjekk til høgdepunktet. Her var Magne Fremmerlid bass, med trøkk som verkeleg kunne halde tritt med orkesteret. Det kunne dei andre også, tenoren Thomas Ruud, Mezzosopranen Siv Oda Hagerupsen, og sopranen Cecilia Lindwall.

Eidarane får det til. Det er også kjekt å tenkje på at vi i utkanten ikkje er lenger unna operaen enn ein times bilkøyring. Og at det er greitt å finne parkeringsplass...
 
Topp Bunn