Bolinder
Overivrig entusiast
Ved balansert overføring er det to signalleiarar i kabelen og inngangstrinnet i mottakaren er ein differensialforsterkar. Om utstyret har XLR-kontaktar er det ein indikasjon på at det vert nytta balansert overføring, men det er ingen garanti. Og ikkje alle differensialforsterkarar er like gode. Ein differensialforsterkar forsterkar differansen mellom spenningane på dei to signalleiarane i kabelen. Om kabelen er utsett for interferenssignal og interferensspenninga er lik i begge signalleiarane blir differensen (på utgangen av differensialforsterkaren) null. Signalspenningane vert ikkje kansellerte, for dei har motset polaritet. For at interferenssignala skal verta kansellerte i differensialforsterkaren må interferensspenninga vera lik i begge signalleiarane, noko som krev at utgangsimpedansen til kjelda er den same for positiv og negativ utgang. Dette er ikkje alltid tilfelle; nokre produsentar nyttar sokalla pseudobalanserte utgangar, der det er signalspenning berre på den eine leiaren og den andre er lagt til jord via ein motstand. At det er signal berre på den eine leiaren er utan betydning, problemet med denne løysinga (kan vera) at utgangsimpedansen ikkje er heilt lik på begge utgangane
Om RF-interferens (radiofrekvensinterferens) er eit problem kan det hjelpa å tvinna dei to signalleiarane for å sikra at dei plukkar opp same interferenssignal. Dette hjelper ikkje mot 50 Hz nettstøy, etter som bølgjelenda her er så stor. Men det hjelper for RF-signal. Dette er grunnen til at Ethernet-kablar er tvina (tvinna parkabel).
Skjerming kan hjelpa mot interferenskjelder der det elektriske feltet dominerer, dvs kjelder med stor kjeldeimpedans, som til dømes radiosendarar. Skjermen hjelper ikkje mot interferenskjelder der det magnetiske feltet dominerer (nærfeltkjelder). Trafoar som vert plugga rett i stikkontakten, til dømes, vil omgje seg med eit EM-felt, der det magnetiske feltet dominerer på kort avstand. Så signalkablar bør ikkje ligga tett inntil slike trafoar. Men støyfeltet minkar snøgt med avstanden, så om kabelen ligg ca. 10 cm frå trafoen et det som oftast ikkje eit problem. Skjermen hjelper ikkje mot interferenskjelder der det magnetiske feltet dominerer, men om begge leiarane plukkar opp same interferensspenning vil differensialforsterkaren i innganstrinnet kansellera interferensspenningane.
Ubalanserte inngangar (med phonopluggar) kan ikkje kansellera interferenssignal, så at Hi-Fi-branskjen framleis i stort mon nyttar ubalansert overføring er mildt sagt merkelig. Ubalansert overføring er å be om trøbbel! At det stort sett går bra kjem vel av at dei fleste nyttar korte kablar. Men ubalansert overføring er og blir ei dårleg løysing.
Sjølv om RF-signal ikkje er hørbare kan dei, på grunn av at inngangstrinnet kan ha noko ulineæritet i RF-området, føra til intermodulasjonsforvrengning, som kanskje kan påverka «klangbalansen». Kraftige RF-signal kan òg endra arbeidspunktet til transistorane i inngangstrinnet [1]. RF-interferense kan ein i stor grad bekytta seg mot ved å nytta ein god skjerm (ein god skjerm ein ein skjerm som ikkje slepp gjennom RF-signal) og ved å utstyra inngangstrinnet med RF-filtre.
Gode kontaktar og kablar treng ikkje vera dyre. Det er interessant å samanlikna prisane på kvalitstekontaktar som til dømes Neutrik [2] med dei astronomiske prisane på sokalla «high-end» phonoplugar. Å kjøpa svindyre kablar er som å kasta pengar på elden. Spesielt når det er phono-pluggar på dei. Det er mykje betre å legga pengane i utstyr med balansert overføring.
Referansar
[1] RFI rectification concepts - Input-stage RFI rectification sensitivity, Analog Devices Tutorial MT-096, 2009.
[2] Kontakter/Plugger, https://www.benum.no/produkter/kontakter-plugger/xlr

Sist redigert: