Eichmann bullet plug og kanskje andre fornuftige kontaker?

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
20.691
Antall liker
7.929
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Utviklingsarbeid på hifisentralen?

Kvifor ikkje bruke entusiastpanelet på hifisentralen? Lage nokre testprodukt som kan sendast mellom oss i posten. Kablar treng ikkje vere tunge og dyre produkt, og ei utveksling kunne vi vel fått til, utan at vi påverka kvarandre for mykje - vi har vel disiplin til sånt? Og ressursar til å lage tre - fire kabelsett, som vi prøver ut over tid. Kanskje også fått prøvd ut ulike bindingssystem og pluggar også.

Eg er rimeleg sikker på at slike pluggar påverkar lyden på ein høyrbar, positiv måte.
Og eg må innrømme at eg slit med å høyre tydeleg skilnad på veldig mange kablar. Men eg har ikkje oversikt på alle pluggtypar og kabeltypar som meir eller mindre kvalifiserte kabelprodusentar har brukt.
Er det nokon som har gjort skikkelege samanlikningar? Til dømes ved å lodde kontakt direkte mellom apparata og A/B-samanlikne med eit vanleg kobleri. Eg veit at Dave Wilson dreiv med noko sånt, der han samanlikna kablar med eit langt printkort. Men finn lite skikkeleg seriøs forskning (iallfall på det nivået eg skjønar såpass at eg føler meg i stand til å vurdere om det er alkymi eller empiri)

Dei kabeltestane eg har stått for opp gjennom åra, har mange parametrar eg ikkje har hatt skikkeleg kontroll over, så eg er svært forsiktig med å påstå noko som helst. Eg skiljer mellom fire nivå: ikkje registrerbar skilnad - registrerbar skilnad under A/B-samanlikning, men ikkje lett å avgjere om det er til det betre/verre - klar forbetring av lyden under A/B-utprøving - klar forbetring over tid. Til no er det svært lite av kobleri som har imponert meg...

Og så irriterar det meg at det har vokse fram ein undergruppe innan yndlingshobbyen min som i svært liten grad har empirisk utviklingsarbeid bak seg. Det er då berre å gå i gong med eit testoppsett? I laupet av tre - fire års hobbyinnsats av nokre eldsjeler (som er i stand til å kommunisere utan å rive hovudet av kvarandre), kan det verte råd å ha kvalifiserte meiningar i staden for reine kjensler om koblingane.

Eller er dette ein lyseraud, urealistisk fantasi?
 
Topp Bunn