Nærfeltslytting er fasinerande, og kan vere svært truverdig lydattgjeving. Men det kjem også an på opptaket, i tillegg til høgtalarkonstruksjonen.
Hugsar eit sett svært små, japanske, eittelements "fulltone"høgtalarar som var rigga på eit par stenger. Dette baud på ganske ekstrem realisme på dei rette opptaka. Men dynamikk og frekvensekstramar var ikkje særleg interessant.
Har du fleire element på ein høgtalar, og sit svært nær dei, vil du merke at du høyrer meir av det eine elementet enn dei andre. Her er det best med berre eitt fulltoneelement. Eit linjekjeldeelement (line source) kan også fungere.
Er det nokon som har prøvd Manger "Swing" forresten?