Av kjempebillege høgtalarar er det fyrst og framst brukte som kan nemnast. Det er svært få billeghøgtalarar som er skikkeleg gode. Mange merke kunne vore - og vert - nemnt når ein spør om "best", så eg kan nemne mitt "favorittmerke" av billege ting; Epos. Dei større modellane er ikkje spesielt billege, men du får mykje for pengane for dei aller minste modellane.
Skal du satse 7 kkr på bruktmarknaden, dukkar det naturlegvis opp langt fleire "gode" alternativ. Du har vel søkt på Finn.no på dei aktuelle prisklassane? Der er ein del ting som burde vere aktuelle, men hugs, det skal kombinerast med anna utstyr som passar.