Dette er frykteleg vanskeleg å vurdere, fordi vi har ein tendens til å oppleve det kraftigaste lydalternativet som best. Men eg er rimeleg overtydd om (m.a. etter årevis bruk av ARC SP 10 med massevis av pickupar som har hatt ulikt utsignal, og dessutan andre signalkjelder av ulik styrke) at ARC SP 10 sin volumkontroll høyrest best ut når han står ca kl 0100. Dette er eit potmeter, i motsetnad til min noverande ASR Emitter 2, som har faste motstandar som volumkontroll. Her er eg veldig usikker på om det finnest nokon "beste" volumstyrke. Men eg har ikkje hatt denne i to år enno, så eg må gjere meg litt sikrare erfaringar før eg seier noko bastant.