Eg brukar frå tid til anna ein digital eq. Behringer 8024 som DAK, og har absolutt hatt stor glede av det. Men no går det mest utan.
Eigentleg er det ganske fort gjort å venne seg til ei klangbalanse, nesten som å gå med solbriller. Nokre få minutt der du tenkjer på noko anna, og hjernen har fiksa "fargestikket". Oppløysing, dynamikk og dei faktorane som verkar inn på opplevinga av rom og tredimensjonalitet er langt viktigare, iallfall for meg, sjølv om frekvensane må vere til stades, og ikkje vere vrengde eller "feil" på andre måtar.
Men det er sunt å leike seg med ein eq ei stund. Ein får mange tankar og erfaringar.