Eg har leika meg litt med ymse slike alternativ, om enn ikkje slik at eg har hatt dobbelt sett subbar på besøk så mange gongar. Eg har prøvd stereosub ved eitt høve, og det hadde fordelen av at det kunne delast ganske høgt utan å rote til lydbildet, slik t.d. Infinity sine Modulus til dels gjorde, om delefrekvensen vart for høg. Det var også ei utfordring for satelittane om dei måtte spele djupbass, med eit visst lydtrykk. Eg likte betre InnerSound Eros, som eg hadde i om lag ti år. Heimdall her på Sentralen har desse gamlehøgtalarane mine, som er elektrostatar utstyrt med transmisjonslinjebass, integrert i konstruksjonen, men med eigen bassforsterkar/delefilter. Dette gjev ein del fordelar, fordi tranmisjonslinjebassane spelte ein stor del av frekvensområdet. Eg har sett at Heimdall har eksperimentert med basstårn, men har ikkje snakka med han korleis han har jobba med dette.
Eg trur det er vanskeleg å seie kva som er "best". Eg likar absolutt best fulltonehøgtalarar som kan dekkje heile frekvensområdet, men så har eg eit relativt stort lytterom. I små rom er det lettare med to små høgtalarar, men sub må nok til, og det er vanskeleg å klare seg med berre ein, og dessutan vanskeleg å få plass til to.