Vindauga vil sannsynlegvis fungere som ei bassfelle, men eg er usikker på kvar i frekvensområdet dei vil gjere mest av seg (vindauge reflekterer høge frekvensar, men eg erfarar at dei har ein sterkare innverknad på lyden ved å dempe dei djupare frekvensane. Når dei resonnerer - det kjenner ein at dei gjer ved djupe og høge tonar - dempast basstonane.) Det at du har to ulike storleikar meiner eg må vere eit pluss, som gjer at du kan håpe på at rommet fiksar bassen bra lineært til å vere så lite. Utforing bak høgtalarane burde såleis ikkje vere påkrevd. (TIPPAR eg, vel å merke...)
Elles trur eg gips kan vere bra for dempinga av nedre diskant, og har du kontroll på refleksjonane skulle ein tru at det kanskje vil halde? Eventuelt kan det vere lurt å gipse eine kortveggen (i min samanheng, med elektrostatar er det mest effekt å gjere sånt bak høgtalarane, men sannsynlegvis er bak lytteplass det som verkar sterkast inn hos deg)
Det luraste er nok å prøve litt lyd undervegs, slik at du ikkje gjer for mykje ut av dempinga. Hugs at du alltid kan ha på meir demping (med t.d. golvteppe og gardiner), men det er irriterande å måtte fjerne det du har investert i.