Du bør nesten høyre sjølv, ja.
Må innrømme at eg fall pladask for 101-høgtalarane. Ein høgtalar utan anna enn sweetspot (innan rimelege grenser), og med om lag alt anna på plass. Relativt utfordrande for interiørarkitekten i huset når ein skal få dei til å forsvinne diskret i innreiinga, svinaktig tungdrevne, og ikkje heilt enkle å plassere. Dessutan ein forferdeleg pris. Men når dette var på plass, var det absolutt ingen veg attende. Høyrde også på dei litt rimelegare modellane, som hadde ein del av det same, men mangla den usannsynleg gode mellomtonen. Og så pinpointar dei - nesten. Det høyrest ut som pinpointing, men eg trur ikkje det er heilt akkurat. Må ha betre elektronikk for å avgjere dette.
Elektronikken som høyrer til er god og dyr, men eg er slett ikkje sikker på at det ikkje kan gjerast endå betre. Eg har ikkje hatt ro eller råd til å finne den perfekte match, men skal ha meg ein tur til Stereofil og prøve Neoclassic-rørforsterkarar når det vert køyrbart over fjellet.
Eg var i utgangspunktet innstilt på å bruke mindre pengar, ta til vit og kjøpe ML CLX, Magnepan 20, kanskje Quad eller endåtil få eit spesialbygd eittelleranna. Men det vert så mykje større og om mogleg endå meir ekstremt visuelt. Så.....
Er du på Vestlandet, må du berre stikke innom for ein lytt.