Kjøpte ein slik brukt denne veka. Skreiv i LydKarl sin tråd at eg ikkje tenkte pc-basert i denne omgang. Men når eg ser nærare på Creek si heimeside http://www.creekaudio.co.uk/noflash_main_product.asp?prolook=cd50 lurer eg på om dette er eit skritt mot pc-basert like vel. Spelaren har ROM-drivverk og ein digital buffer som tar hand om signalet, korrigerar evt. feil, gjer det om til ynskeleg format og sender det vidare med eit lite delay. Det sender det og til trafobuffra digitalutgang (coax) og optisk. Er dette berre ein variant av disc-man-opplegg for å sikre seg mot feillesing eller vil ein med dette oppnå nokre av dei fordelane det snakkast om ved bruk av pc og usb? Kor god spelaren er lydmessig er eg ikkje heilt sikker på enno. Som forventa er det litt høgare oppløysing, litt meir dynamikk, litt meir kontroll i klimaks og "smell" i store orkester, litt meir oppløyst topp, litt meir naturleg utklinging enn på THULE 150B. Han imponerar ikkje umiddelbart, men kanskje vil eg like spelestilen meir når eg blir meir vant til han. Det tel mest i lengden. Lyden er sjølvsagt avhengig av dac og analogdel. Er ikkje sikkert den litt moderne varianten på drev gjer noko frå eller til. Lurer forresten på om dette oppleget er brukbart som drivverk.
Sigurd
Sigurd