Hei!
Har ikkje hatt Micromega Stage 3, MEN har hatt drivverka Drive 1 og Drive 2, som hadde samme drivverk som Stage 3. Disse vart kjøpt på 90-tallet.
Eg bytta fra Drive 1 til Drive 2 da den begynte å "hakke" etter ei tid, samt leste cd-platene dårlig og var dårlig på sporbytte. Drive 2 fekk også samme problem etter litt.
Stakk innom OHFC og Lars Erik åpna den og smurte lasersleiden/servomekanismen med samme olje som han brukte til å smøre opp platespelarar - og vips så var den kurert.
Dette er eit kjent problem for drivverket, som er/var Philips 12.4. Dette problemet gjorde mellom anna at El.com sin CD-spelar vart utsett for produksjon fleire gonger. I følge Audio så var det vel Vaselin ein fann ut til slutt at ein skulle smøre med!
Lydmessig så fungerte den heilt OK for meg. Men eg brukte balansert AES/EBU digital-kabel, noko du neppe kan med Stage 3.
Arild