Rør forandrar seg ein god del dei første 50 - 100 timane, dette er innkøyringstida. Så er dei temmeleg stabile i nokre tusen timar, og så vert dei svakare mot kvelden. Det er aldeles ufatteleg kor lenge eit rør kan vare og også fungere greitt i reine spenningsforsterkande kretsar. Under 2. verdskrigen produserte Tyskland relativt få rørtyper, og eit av disse RV12P2000, hadde ei levetid på ca 40.000 timar! Western Electric produserte nokre småsignalrør i 1960 som hadde ei levetid på i alle fall 125.000 timar!! (type 455A-F)
Eit standard rør har ei garantitid på 2000 timar viss maks spesifikasjonane i høve til glødespenning, anodespenning, anodestraum, anodetap i watt, gittermotstand og maks temperatur på glaset vert halde innanfor det fabrikanten oppgir. Som det er sagt her tidlegare så varer dei som regel mykje lengre: 3000 - 5000 timar. Fram til 1970-talet vart det produserte såkalla SQ (Special quality) rør som alltid hadde gullpinnar og ei garantitid på 10.000 timar. Elles hadde dei same spesifikasjonar som sine vanlege utgåver. ECC 88 (vanleg) E88CC = SQ ECC 81 = vanleg E81CC = SQ osv. Den lettaste måten å lage eit SQ rør på er å redusere alle maks. data på røret. Dvs. lågare glødespenning, lågare anodespenning, mindre anodetap. Eit døme på dette er røret 5692 som er ei spesialutgåve av 6SN7. 5692 har 10.000 timar levetid, men 6SN7 har vanlege 2000 timar. Røra er aldeles like, men 6SN7 har maks 5W anodetap og 5692 har berre 1.75W. Den litt meir avanserte metoda er å fikse på katoden i røret slik at denne har lågare temperatur - då varer røret mykje lengre. WE heldt katoden på 'superrøra' sine på berre 670 grader mot det normale 850-900 grader, og kunne dermed klare denne utrulege levetida.
Viberasjon og mekaniske sjokk reduserer også levetida på rør.
For utgangsrør gjeld akkurat det same. Grunnen til at desse synest å gi seg fortare, er at forsterkarprodusentar (og eigarar) vil så gjerne tyne mest mogleg ut av dei. Anodespenninga er ofte på øvste grensenivå eller litt over. Bias er skrudd opp så mykje at anodetapet ligg også på grensa eller over grensa, glødespenninga kan ofte ligge på godt over 6.3V, og røra står ofte så tett at kjølinga vert for dårleg.