Køyrer no ein biamp-serieutprøving med Creek Destiny integert forsterkar + effektforsterkar.
Dette er elektronikk som verkeleg kan overraske.
Eg har prøvd meg med små høgtalarar, medium høgtalarar, og dei store JBL TL 260 + mine Innersound Eros hybridelektrostatar, og må seie at Destiny-signaturen er eit stort pluss i alle desse samanhengane. Vel finnest det elektronikk som er både meir oppløyst, meir korrekt, og endåtil endå kraftigare, men det gløymest veldig fort. Dette rockar, og ein skal rimeleg høgt opp i McIntosh-prisskalaen for å få JBL til å livne i større grad. Dei relativt krevjande (om enn lettdrivne) Eros speler med ein råskap eg ikkje har høyrt maken til sidan eg hadde full rørforsterkarpakke til dei, og med kontroll på The Eye med Yello som fekk frontgitteret av strekkmetall til å skrangle når eg ga full gass (veldig, veldig høgt...)
Er litt i bakrus øyremessig i dag, men gårskvelden var ein musikalsk FEST. Min for tida heimebuande hifi-son var også rimeleg fornøgd.....
Det er noko særpreg i settet også, trass alt er det veldig mykje spennande alternativ elektronikk i same prissegment der ute. Eg vil likevel seie at det er eit svært vellukka forsterkarsett til prisen, og om du likar å rocke litt, eller finn stor glede i å ha dønn basskontroll, er det viktig å få høyrt Destiny om du orienterer deg i dette prissegmentet. Eg skal komme attende til dette i ein artikkel, men eg kan iallfall seie såpass:
Creek Destiny-settet beståande av integrert forsterkar + effekttrinn ser ut til å vere mykje pengar for noko lite, pent gudsord-aktig frå Storbritannia sin utkant. Det er så lite og søtt, og ingen hifi-nerd vil gje det respekt ut frå utsjånaden. Men eg trur det er det råaste transistorsettet eg har fått prøve ut frå øyene.