Har lefla litt med superbillegpostordrekonstruksjonar, men då i klassen "latterleg billeg i høve til vekt" 1500 kr/25kg*2stk.
Greie høgtalarar. Lettdrivne, spelar høgt, har med frekvensfløyane. Litt perspektiv, men ikkje slik at det konkurrerar med vetuge ting. Kvassare klangbalanse enn godt er, og ein vert lyttetrøytt om ein guffar litt utan å dempe diskanten.
Problem vert når høgtalarane treng service. Det vert ei dyr affære, er eg redd...og tilliten til at forhandlaren, som for tida ser ut til å vere spesialist på juledekorasjonar og dameundertøy i tillegg til elektronikk og fiskeutstyr er i stand til å yte den service eg elles forventar, er ganske tynn...