Mullard NOS rør er det ikkje mykje av lenger, men derimot finns det veldig mykje fake. Ekte Mullard produserte før 1980 kan koste alt frå 250 kr og oppover avhengig kor pene dei er og kor mykje brukte dei er. 1000 kr pr stk kan vere ein realistisk pris når vi snakkar om ein matcha kvartett, 4000 kr til saman altså. Viss du ikkje er ein lidenskapeleg rørsamlar er det ikkje verdt pengane å spandere så veldig mykje på desse røra. Pris og lyd står ikkje i høve til kvarandre. Prisen på NOS rør er kun bestemt av etterspurnaden, ikkje av lydkvaliteten!
Kjøp berre av ein annerkjend forhandlar som du stoler på, sjansene for å bli lurt er stor når det er slike rør du vil ha.